Fredag
1/8-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Seks millionar til nytt bustadfelt


Valet: Kommunestyret i Fyresdal har valt Kynjushamaren som nytt byggjefelt.

Fyresdal kommunestyre har vedteke å bruke seks millionar kroner på opparbeiding av attraktive bustadtomter på Kynjushamaren.




Rådmannen i Fyresdal bad politikarane om klarsignal for å hente inn anbod på utbygging av bustadområde på Kynjushamaren. Alternativet rådmannen har valt på åsen nord for Fyresvatn er 22 tomter og eit leilegheitsbygg. Prosjektkostnaden er 9,4 millionar kroner, og kostnaden for opparbeiding av kvar tomt vil vere 409.000 kroner. Det er meininga at kommunen må subsidiere tomtene.
Før kommunestyret sa sitt i saka om å få på plass byggjeklare og attraktive bustadtomter i sentrumsområdet, kunne folk seie meininga si på Facebook om dei ville gå for Kynjushamaren eller eit felt i Sørbygda. Bare 17 personar kom med respons, og hadde ulike syn på saka.
– Eg kunne ynskt fleire innspel, og det blei mindre engasjement enn eg hadde trudd, seier ordførar Erik Skjervagen (Ap).

To prøvebustader
I kommunestyret fekk Ap gjennomslag for eit framlegg om å velje Kynjushamaren som nytt felt med 14 tomter og plass til eit leilegheitsbygg. Dette eventuelle bygget er det ikkje meininga kommunen skal sette opp. Kostnaden for opparbeidinga av feltet er seks millionar kroner. Kommunen gjer eit kortsiktig låneopptak fram til 2015 då det i økonomiplanen er sett av pengar til utbygginga.
– Det er truleg ikkje behov for så mange som 22 tomter på Kynjushamaren, seier Skjervagen om valet til kommunestyret.
I tillegg vedtok politikarane at det skal vere nullkonsesjon på Kynjushamaren. Det vil seie at dei som vil byggje der, også får buplikt.
På grunn av tilførselsvegen til feltet, må det lagast ny reguleringsplan. Det gjer at byggjeklare tomter truleg ikkje står klare før utpå hausten.
– Det vil bli heilt suverene tomter på Kynjushamaren, kanskje dei beste me har i kommunen, seier Skjervagen til VTB.
Han fekk i same møtet alle politikarane med på forslaget om ei sak i neste møte der ein vurderer om kommunen skal byggje to prøvebustader i det nye feltet.
Elles kom Sp med framlegg om at for å få byggjeklare tomter i Hauggrend, blir aktuelle grunneigarar kontakta for å sikre inntil fem tomter som kan byggast med infiltrering i grunnen. Fire røysta for ei slik løysing.


Artikkelen er publisert 26/02-2013

Aktuelle saker:
Kjempebøter for snøscooter på vatn
Fyrst måla Vegvesenet nye kantstriper – så legg dei ny asfalt over dei nye stripene
«Somme høyrde fyrst på Hellbillies då me skreiv på engelsk»
Den aller sterkaste jenta vår
26 000 på solfylt countryfestival
Får ikkje parkert ved sjukehuset
På veg mot ny varmerekord
Stempla rådmannen som «ugild»
Miljødepartementet talar med to tunger