Onsdag
17/9-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Slår eit slag for det lokale næringslivet


Nei: Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) fekk gjennom framlegget om å seie nei til å fornye avtala med BTV, som gjeld innkjøp av papir, kontorrekvisita og fritt skulemateriell.

Då formannskapet i Tokke skulle handsame saka om å fornye innkjøpsavtale for papir og kontormateriell, gjorde ordføraren framlegg om å seie nei til fornying. Og nei blei det.




I dag er Tokke med i eit innkjøpssamarbeid, det såkalla BTV- innkjøp. BTV står for fylka Buskerud, Telemark og Vestfold.
Hovudårsaka til at Tokke er med, er for å sikre at kommunen fylgjer lov om offentleg innkjøp, og at BTV-innkjøp forhandlar om avtalene på vegne av kommunen.
Sakshandsamar Olav Bjørn Bakken i Tokke kommune skriv i saka at Tokke kan reserve seg mot å bli med i avtala, men at dei då må syte for å fylgje regelverket om offentleg innkjøp på eiga hand.
Dette er i praksis svært ressurskrevjande – nærast umogleg, skriv han vidare.
Rådmannens framlegg i saka var at Tokke kommune skulle slutte seg til felles BTV-avtale om innkjøp av kontorrekvisita, papir og fritt skulemateriell, som det no skulle forhandlast om.

– Meir enn berre pris
– Eg fremja faktisk forslag om å seie nei til å fornye avtala. Me er ein del av ei stor innkjøpsavtale, og eg ynskjer heller å arbeide for å finne løysingar som gjer at me kan bruke lokale leverandørar. Det er fleire utfordringar for små kommunar når det gjeld å fylgje lova om offentlege innkjøp, men i mitt hovud er ikkje pris åleine det avgjerande. Reknestykket er meir omfattande enn som så, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).
Ho trekkjer fram kvalitet og leveringstid som to viktige faktorar. I tillegg meiner ho det lokale næringslivet også utgjer ein viktig del av kommuneøkonomien totalt sett.
– Arbeidsplassar er viktig, og eg meiner me bør prøve å finne løysingar som gjer at det lokale næringslivet kan konkurrere i større grad. Eit breitt samarbeid i Vest-Telemark kan kanskje vere ein måte å gå fram på, smiler Vågslid.

Lyfter diskusjonen
Ho meiner vedtaket i formannskapet sender sterke signal, og at det kan føre til at temaet blir lyfta og diskutert grundig.
– Det vil på mange område vere heilt nødvendig for oss å samarbeide, men me treng vel ikkje vere flinkast i klassa. Det er ikkje alt me kan få tak i lokalt, men der det er mogleg bør me leggje til rette for å gjere det. Det er mange mindre bedrifter som slit i Bygde-Noreg, og eg meiner det er rett av oss å sjå kva me kan gjere med det. BTV- innkjøp er eit stort apparat, og det må vere lov å spørje om det er eit pluss for Tokke kommune, seier Vågslid.

Sunn fornuft
Ho meiner det handlar om å bruke sunn fornuft, og ho nemner at kanskje Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) kan vere eit forum som kunne tileigne seg spesialkompetanse innan lov om offentleg innkjøp.
– Det må vere i denne saka som i dei fleste saker, at me må bruke hovudet og sunn fornuft. Eg er ikkje ute etter å bryte lova, men eg er viljug til å satse på det lokale næringslivet og leggje til rette for at dei skal ha eit eksistensgrunnlag. Det blir feil berre å sjå på pris i ei slik avtale. Det er andre faktorar som er vel så viktige, avsluttar Vågslid.


Artikkelen er publisert 26/02-2013

Aktuelle saker:
Sommarvarmen trekte tusenvis til Dyrsku’n
Fornøgde lesehestar
Engelskmann til topps for andre gong
«Jeg bur her»
«Mange menn her rør veldig mykje. Om ting dei kan, og om ting dei ikkje kan.»
På utsida – men innanfor
«Me treng mat i framtida, òg»
Usikker framtid for Mattilsynet i Seljord
Kjem det bil?