Laurdag
30/8-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Den aller største dagen


Yes!: Magnus Krog var sentral då Noreg tok sølv i lagkonkurransen i kombinert sundag. (Foto: Svein Halvor Moe)

Magnus Krog er den fyrste frå Vest-Telemark til å ta VM-medalje i nordiske greiner sidan Knut Tore Apeland i 1997. 25-åringen frå Høydalsmo hoppa godt og gjekk eit nytt strålande langrenn då Noreg tok sølv i lagkonkurransen sundag.




Fleire tusen hadde møtt opp då Høydalsmo-guten fekk overlevert den velfortente VM-medaljen. Ein stor del av dei var nordmenn, men det hadde også kome mange frå andre nasjonar. Dei fekk sjå at Krog og lagkameratane Jørgen Graabak, Håvard Klemetsen og Magnus Moan fekk sølv. Deretter blei det fransk nasjonalsong før det var klart for nye medaljeutdelingar. Vesttlane som var på plass i Cavalese fekk høyre både den amerikanske, japanske og russiske nasjonalsongen.
Det tok skikkeleg av då det var klart for medaljeutdeling til Anders Bardal og «Ja vi elsker». Magnus Krog måtte innrømme at det gav inntrykk å speide utover folkehavet, og at han får ekstra motivasjon når norske utøvarar gjer det bra i store meisterskap.

Sterk i trua
Magnus Krog var ein viktig bidragsytar til det norske VM-sølvet i lagkonkurransen sundag.
– Me hoppa jamt over bra, og visste me kunne kjempe om gullet dersom alle på laget presterte opp mot sitt beste. Det talte til vår fordel at det var ei hard løype. Det låg i korta at det kom til å bli store tidsmessige utslag i langrennet, seier Krog som gjekk ei strålande etappe.
Det var langt fram til Austerrike då han fekk skulderklappen. Høydalsmos aller største son gjekk «med hovudet» og sytte for at Magnus Moan fekk eit perfekt utgangspunkt på den siste etappen. Trønderen hadde kontakt med dei andre laga då han gjekk ut. Ankermannen visste det var opp til han sjølv. Det låg an til å bli gull eller sølv då Moan rykkte i den siste bakken. På det lange oppløpet verka det som han hadde kontroll. Men Jason Lamy Chappuis og Frankrike kom sterkt på dei siste metrane, og kneip gullet.
– Eg håpa på gull då Moan gjekk ut saman med dei andre. Det såg ut til å bli medalje av edlaste valør då det drog seg til, men Frankrike kom sterkt mot slutten og tok gullet. Der og då var det litt tungt, men det gjekk ikkje mange minuttane før eg hadde rista av meg skuffelsen. Akkurat nå er eg langt meir fornøgd med at det blei sølv enn skuffa over gullet som glapp, seier Magnus Krog, som mange ville ha «ein bit av» etter medaljeseremonien.

Fyrste VM-medalje på 16 år
Magnus Krog er den fyrste frå Vest-Telemark til å stige opp på podiet i ein verdsmeisterskap i nordiske greiner sidan Knut Tore Apeland frå Haukeli. «Reinekspressen» var med på det norske laget som tok VM-gull i Trondheim i 1997. Apeland gjekk saman med Haldor Skard, Bjarte Engen Vik og Fred Børre Lundberg på det norske gullaget.
Krog har endå eit stykke att til å kopiere Apeland, som i karrieren har tre VM-sølv, to i lagkonkurranse og eitt individuelt. Apeland vann verdscupen samanlagt i 1996 og kryssa målstreken fyrst i sju verdscuprenn før han la opp i 2000.
Snøbrettkøyraren Terje Håkonsen frå Vinje vann verdsmeisterskapen i halfpipe tre gonger på rad, i 1993, 1995 og 1997. Sambygdingen Åshild Lofthus er tidenes mestvinnande snøbrettkøyrar og blei verdsmeister seinast i 1993.
Sanna Grønlid frå Høydalsmo blei verdsmeister på 5 kilometer i skiskyting i 1985 og på 10 kilometer i 1987.


Artikkelen er publisert 26/02-2013

Aktuelle saker:
Rasar over sikringstiltak
Forventar vegpengar
Må til Edland for å betala rekningar
Må sjå seg om etter partnarar
Ynskjer maktskifte
Vinjedag vann vener
Vil flytte dei minste borna
Ynskjer ro på heilagdagane
Målte krefter i terrenget