Tysdag
2/9-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Uroa i Tokke held fram


Uro: Rådmann Therese Hauger (t.v.) får sterk kritikk frå kontrollutvalet i Tokke, som blei varsla alt i 2011. Ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid (Ap), seier saka er vanskeleg og samansett. (Arkivfoto: Øystein Øygarden)

I samband med omorganiseringa i Tokke kommune, blei det opna varslingssak mot rådmannen hausten 2011. Vel eit år seinare fekk kontrollutvalet ny og oppdatert informasjon i saka. Det har ført til at kommunestyret har bede Arbeidstilsynet om hjelp i den vidare prosessen.




I fylgje ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) i Tokke, er saka frå november 2011 avslutta. Det kjem fram i saksdokumenta, som ordføraren sjølv har skrive, til administrasjonsutvalets møte i februar 2013.

Omorganisering
I desember 2012 mottok kontrollutvalet i Tokke kommune ny og oppdatert informasjon om gjennomføringa av omorganisasjonsprosessen i kommunen.
I saksdokumenta skriv kontrollutvalssekretær Beate Marie Dahle Eide at kontrollutvalet ser alvorleg på framdrifta i gjennomføringa av prosessen, og at dei er uroa for arbeidsmiljøet i kommunen. Kontrollutvalet bed også om at tidlegare vedtak i administrasjonsutvalet om å utarbeide prosedyrar og sjekklister for handsaming av organisasjonsprosessar må setjast i verk, og at dei tilsette i større grad må takast med.
Kontrollutvalet bed kommunestyret om å rette søkjeljoset på rolla som arbeidsgjevar, og forsikre seg om at alle partar blir høyrde i prosessen.

Til kommunestyret
Med bakgrunn i vedtaket frå kontrollutvalet, handsama kommunestyret saka i lukka møte 12. februar. Fylgjande vedtak blei fatta:
1. Rådmannen, som eigar av prosess, må gjennomføre evaluering av omorganisasjonsprosessen med arbeidstakarorganisasjonane jamfør vedtak i administrasjonsutvalet 22. desember 2011.
2. Rådmannen skal leggje fram skriftleg dokumentasjon på kva som er gjort for å styrke kommunikasjonen i organisasjonen.
3. Rådmannen skal leggje fram skriftleg dokumentasjon på kva som er gjort for å utvikle eit betre arbeidsmiljø.
4. Frist 20. mars 2013 med sak til administrasjonsutvalet i april 2013.
5. Kommunestyret ber Arbeidstilsynet foreta ei grundig kartlegging av arbeidsmiljøet ved kommunehuset.
6. Administrasjonsutvalet får fullmakt til å drive prosessen i saka vidare og eventuelt endre fristen i punkt 4.

Råkar rådmannen
– Dette er ei alvorleg sak, og etter å ha vore i dialog med arbeidsgjevar sine representantar i administrasjonsutvalet og KS-advokat, blei altså saka fyrst handsama i administrasjonsutvalet som kom med ei innstilling til kommunestyret 12. februar, forklarer Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.
Det er ikkje til å mistyde at det er rådmann Therese Haugers handtering av omorganiseringsprosessen som er problemet, og leiar i kontrollutvalet i Tokke kommune, Steinar L. Mandt, opplyser at dei impliserte partane har vore i samtaler.
– Me har hatt rådmann, ordførar, fagforeiningsleiar og tidlegare verneombud inne til samtaler. For oss har det vore viktig å få mest mogleg på bordet. Det er ei vanskeleg og krevjande sak, og me arva ho frå det førre kontrollutvalet. No har me fatta dei vedtaka me fann nødvendige, og politikarane har no bede Arbeidstilsynet om vidare hjelp i saka. Inntil vidare kan ikkje kontrollutvalet gjere meir, seier Mandt.
Tidlegare leiar i kontrollutvalet, Haldor Kaasin, stadfester at varslinga kom heilt på tampen av det tidlegare utvalets periode.
– Me orienterte ordføraren om varslinga, og saka blei då handtert av det nye kontrollutvalet på deira fyrste møte. Utover dette ynskjer eg ikkje å kommentere saka, seier Kaasin.

Ingen kommentar
VTB ringde kommunehuset i Tokke for å snakke med rådmann Therese Hauger i Tokke, men fekk beskjed om at ho er sjukmeld.
VTB fekk likevel tak i Hauger, men ho ynskte ikkje å kommentere saka.
– Eg er sjølvsagt kjent med vedtaket i kommunestyret, men eg avstår frå å kommentere saka i det heile, seier Hauger.
– Saka er vanskeleg og samansett. Derfor har me bede Arbeidsstilsynet om hjelp. Det er kontrollutvalets vedtak som gjer at me handlar, og det er mange omsyn å ta i saka. Det handlar om både den menneskelege faktoren og driftsnivået til kommunen. For oss er det avgjerande å ha ein god og funksjonell administrasjon, slik at innbyggjarane får den servicen og dei tenestene dei har krav på og fortener, seier ordføraren.

– Noko positivt også
– Kva gjer denne saka med dei tilsette på kommunehuset?
– Nokre føler lette over at saka kjem opp, og det er sjølvsagt målet vårt at alle skal ha det bra. No må me kome til botn i dette og finne årsaker og sette i verk dei rette tiltaka for å gjere oss sterke i framtida. Trass alt skjer det mykje positivt i kommunen også. Mellom anna er det tilsett byggjesakshandsamar og VA-ingeniør i teknisk etat. Ny plan- og næringssjef byrjar også snart, og stillinga som teknisk sjef vert lyst ut att. At rådmannen no er sjukmeldt, gjev oss nokre utfordringar. Det vil føre til at administrasjonen må bruke tid på andre ting enn det me gjerne skulle gjort, svarar ordføraren.
– Og så er det positivt at me tør ta tak i ei slik sak. Det er i alle fall eit prov på at me verkeleg ynskjer å rydde opp og at me tek dette på alvor, legg ho til.


Artikkelen er publisert 23/02-2013

Aktuelle saker:
Fire problemstrekningar er snart historie
Samlar seg mot politikarmobbing
Standup med Solstad
Rasar over sikringstiltak
Forventar vegpengar
Må til Edland for å betala rekningar
Må sjå seg om etter partnarar
Ynskjer maktskifte
Vinjedag vann vener