Fredag
24/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

– Du æ ein skikkeleg spræking


Fekk pris: Ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid, gratulerte sprekingen Einar Strand med årets kulturpris.

Einar Strand fekk kulturprisen, Glima spela konsert, husflidslaget skapte handverk og bakverk, og bygdefolket kosa seg på familiedag i Eidsborg sundag.




For over 30 år sidan blei familiedagen i Tokke arrangert for fyrste gong, og sidan oppstarten har det vore eit godt samarbeid med kyrkja. Slik var det også sundag då familiedagen til Vest-Telemark museum starta med messe i Eidsborg stavkyrkje.
Vidare fylgde det ulike aktivitetar på tunet og i dei gamle husa, før folket samla seg inne i nybyggjet til museet.
Det var Torgrim Oterholt som leia programmet i Eidsborg sundag ettermiddag, og han meinte det var rett å starte med å heidre ein idrettsmann som har ytt mykje i heimbygda.
– Det er ei glede å få dele ut den 28. kulturprisen i Tokke kommune til Einar Strand. Du æ ein skikkeleg spræking, rosa ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid, før ho gav prisvinnaren ein flott diplom og ein gåvesjekk på 10.000 kroner.
– Tusen hjarteleg takk, smilte prisvinnaren.
Dei tri folkemusikarane i gruppa Glima, Torunn Raftevold Rue, Ragnhild Knudsen og Helene Waage, heldt konsert før gjestene fekk smake nybaka brau med nykinna smør og eta rjomegraut, sjå ulike handverksteknikkar, besøke sylvsmedane som arbeidde, sjå gjenstandane i museet, eller vere med på andre aktivitetar.
Litt seinare på ettermiddagen blei det orientert om prosjektet «Telemarks historie», ved professor Øyvind Gulliksen og professor Olav Rovde.


Artikkelen er publisert 21/08-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild