Måndag
20/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Skrytte av sentrumsområde


Godt fornøgde: Gunvor Hegni (t.v.) og Randi Krätzel var svært nøgde med at rullestolbrukarar kan kome seg ut på bryggjeområdet i Treungen og nyte den fine plassen.

Funksjonshemma klagar ikkje på moglegheita for å ferdast på ulike stader i Treungen. Verre er det med somme andre plassar i Vest-Telemark.




Representantar frå det rundt 50 medlemer store lokallaget som Norges Handikapforbund har i Vest-Telemark, er rundt i bygdene for å setje meir søkjeljos på at forholda blir lagt til rette slik at til dømes folk i rullestolar kan kome seg fram. I førre veke var lokallagsleiar Randi Krätzel frå Lårdal og nestleiar Gunvor Hegni frå Flatdal ein tur til Treungen for å sjå nærare på forholda der. Nissedølen Frank E. Lien var med som omvisar, og fyrste stopp var på Z Museum.
– På museet var forholda for funksjonshemma heilt imponerande, kunne Krätzel og Hegni slå fast.
Hegni budde i Kyrkjebygda fram til ho var 22 år, og då turen blei lagt til Treungen i førre veke, var bygda ikkje til å kjenne att med tanke på moglegheita for funksjonshemma å ferdast der.

Nydeleg
– Det er viktig å få Vest-Telemark tilgjengeleg for alle. Det er ein del bygg, og då særleg butikkar i Vest-Telemark, der me ikkje kjem inn. Det er diskriminering, seier Krätzel og Hegni.
Etter ein runde i Treungen sentrum kunne dei slå fast at der var det ikkje diskriminering verken for den eine eller andre. Brusteinen utanfor kommunehuset og lokalbanken er lett å trille på, ein kan greitt kome seg inn i banken, på det offentlege toalettet og også turistinformasjonen.
– Det er nydeleg å kome seg ned til vatnet, og det er ikkje mange plassar i Telemark det er så fint som her å kome fram, smiler Krätzel og Hegni, i det dei er på bryggjeområdet ved Nissers ende.
– Eg er spent på om dei kjem inn døra på den nye vinstoga, seier Lien, i det ferda går dit for å prøve.
Men det gjekk veldig bra både for Krätzel og Hegni å kome seg inn i serveringslokalet, og også toalettet der var lagt til rette for funksjonshemma.
– Det er eit viktig poeng at folk jobbar for at det skal bli tilgjengeleg slik som det er her, seier Krätzel og Hegni.

Gjev gjerne råd
Neste stopp er kommunehuset, og det er ikkje noko problem å kome seg gjennom hovudinngangen og vidare innover lokalet i fyrste etasje.
– Forholda for funksjonshemma er veldig bra i Treungen, her er mykje positivt, seier Krätzel og Hegni.
Dei tek gjerne turen til andre bygder.
– Me har mykje kursing på tilrettelegging, så me kan godt bli bruka som rådgjevarar i kommunane, seier Krätzel og Hegni, klare til å ta plass i bilen for å køyre til Søftestad gruver og gje råd om kva som bør gjerast der med tanke på tilrettelegging for funksjonshemma.


Artikkelen er publisert 21/08-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten