Fredag
24/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Livet etter bassenget


Idrettsglad: Christine Momrak Mæhlum har alltid vore glad i idrett, og trur ho har vore ei av dei mest allsidige symjarane. Gjeitnetten er toppen ho har det beste og einaste forholdet til i heimbygda.

Etter at Christine Momrak Mæhlum var ferdig for godt i symjebassenget, har ho funne andre måtar å drive trening på. Fjellturar er ein av dei.




Året er 1997 og Noregsmeisterskapet i symjing går i Bergen. Ei ung fyresdalsjente i sitt livs beste form er klar for det som snart vil vere hennars livs beste løp. Då ho kjem i mål skjønar ho nesten ingenting.

Skader øydela
– Eg skjønte ikkje at eg var i mål då eg kom inn. Det er ein av dei to gongene i idrettskarriera mi at eg kjente eg var i flyt-sonen. Eg kunne berre køyre på utan at eg merka eg blei sliten. Det er ei heilt fantastisk kjensle, seier Christine som innrømmer ho tenkjer tilbake på si eiga aktive karriere når ho høyrer OL-deltakarane i London fortel om den same kjensla.
– Men det køyret saknar eg ikkje i det heile, seier ho på spørsmålet om ho lengtar tilbake til eiga aktive toppidrettskarriere.
Køyret ho nemner tok slutt rett etter tusenårsskiftet. Då hadde Christine Momrak Mæhlum fått med seg to gullmedaljar frå senior-NM, verdscupdeltaking og ein drøss andre medaljar. Etter gong på gong å ha fått nye korsbandsskader og andre skader, mista symjaren motivasjonen til å kome tilbake. Den då 21-årige jenta fann ut at no ville ho ha dagane sine på ein annan måte, enn å tilbringe størsteparten av dei i bassenget. Alt dette fortel ho på veg opp til fjelltoppen ho har det sterkaste forholdet til i heimbygda. Ja, det einaste forholdet faktisk.
– I alle feriar og helger då eg var lita reiste me til hytta på Møsstrond. Det er der eg har dei største og fyrste naturopplevingane frå, og det var der eg lærte å bli glad i fjellet. Men er det ein topp eg har forhold til her heime, så er det Gjeitnetten. Hit tok besteforeldra mine meg ofte med, fortel ho på veg opp til den 776 meter høge nuten.

Satsa på idretten
Bilen parkerte me etter om lag fem minuttars køyring frå Folkestadbyen, og tok deretter beina fatt på ein våt men fin stig. Det skulle ikkje mange myrforseringar til før det surkla i joggeskoa, men med ei sol som endeleg dukka opp øydela ikkje det turen.
Berre femten år gamal flytta Christine frå den trygge heimbygda for å satse alt på idretten. Overgangen var stor men motivasjonen for å bli best gjorde det mogleg.
– Eg var veldig sugen på nye utfordringar, og utruleg glad for at eg fekk moglegheiten på NTG (Noregs Toppidrettsgymnas). Innstillinga mi var at eg ville gjere alt for å sjå kor god eg kunne bli. Då gjekk alt, fortel Momrak Mæhlum.
Etter åra på toppidrettsgymnaset gjekk fyresdalsjenta vidare på Idrettshøgskulen, samstundes som ho var ein del av satsingsgruppa til landslaget. Men det var ikkje i bassenget 32-åringen fekk skadene som sette ein stoppar for toppidrettskarriera hennar.
Me var på ei treningssamling i Hellas, og eg hadde akkurat jobba meg tilbake etter ein korsbandsskade eg fekk på fotballbanen. I Hellas skulle eg prøve meg litt igjen, på fotballbanen sjølvsagt. Då røyk menisken og korsbandet igjen. Då slutta eg, seier ho med eit litt oppgitt smil.

Rett til Afrika
Åra som aktiv gav ho mange gode opplevingar i bassenget og i symjemiljøet, men då ho var ferdig med satsinga kjente ho eit behov for å oppleve noko heilt anna. Turen gjekk då rett til Sør-Afrika.
– Mange toppidrettsutøvarar eg har snakka med, har kjent litt på det samma som meg etter at dei slutta. Når du trenar så mykje får du ikkje tid til å oppleve så mykje anna. Difor måtte eg stille meg spørsmåla «kven er eg?» og «kva står eg for?» då eg la opp. I Sør-Afrika fann eg tilbake til meg sjølv. Der fekk eg bruke idretten på eit heilt anna vis, ved å vere med på eit idrettsprosjekt på skular i fattigare strøk. Eg budde saman med ein familie i eit skur, og eg hadde det så bra. Der fann eg ut kva som er viktig for meg, og at eg ville gå vidare å jobbe med barn, unge og idrett, fortel ho entusiastisk.
På idrettshøgskulen i Oslo blei det etter kvart seks år, og Christine tok alt av fag ho hadde interesse for.
– Eg fylgde rett og slett hjartet, og tok dei faga eg brente mest for som til dømes idrettspsykologi, friluftsliv og idrett og bistand. I tillegg fekk eg prøve meg på mange forskjellige idrettar, som eg ikkje kunne ha drive med då eg var symjar, seier den svært idrettsglade fyresdalsjenta.
Du hadde ikkje klart deg heilt utan trening?
– Nei, det hadde eg ikkje. Trening har alltid vore ein stor del av livet mitt. Då eg var lita dreiv eg med alt det ein kunne i Fyresdal. Turn, fotball, ski, skyting og symjing så klart. No har eg blitt glad i å springe, og har eit heilt anna forhold til trening enn før. Det tok nokre år før eg fekk lysten til å presse meg så hardt som eg gjorde då eg var aktiv. Det er jo forferdeleg vondt, seier ho medan bakkane blir brattare og pusten kortare.

Ny jobb
Me er ikkje langt frå toppen, og byrjar å få god oversikt over heimbygda til Christine Momrak Mæhlum, som ho mest sannsynleg ikkje kjem til å flytte tilbake til.
– Eg set alltid stor pris på å kome heim til Fyresdal, og er veldig glad i bygda. Men valet landa på heimstaden til mannen min då me flytta frå Bærum i fjor sommar. No stortrivst me og dei to døtrene våre på Brøttum, og kjem nok til å bli der framover, fortel ho.
Etter mange år som lærar på toppidrettsgymnasets ungdomsskule hadde den tidlegare symjaren lyst å prøve noko litt anna, og det har ho fått moglegheita til på Brøttum.
– No er eg lærar på ein heilt vanleg ungdomsskule, og underviser i naturfag, matte, RLE, samfunnsfag og kroppsøving. Eg hadde lyst til å jobbe med litt andre type menneske, etter å ha vore i toppidretten sidan eg var femten, seier ho om den nye jobben ho er svært fornøgd med.
– Toppen må vel vere bort dit?
Christine avslører at ho ikkje har vore på Gjeitnetten på mange år, og ikkje er heilt sikker på vegen. Innimellom går me oss vill i praten og mistar stigen. Men stigen finn me alltid igjen, og opp kjem me til slutt. Der får me ein fantastisk utsikt over Fyresdal, Fyresvatn og dei høge fjella rundt. Me set oss ned og vil gjerne høyre kva slags forhold ein tidlegare symjar har til fjellet?
– Fjellet er noko eg set stor pris på, og er veldig glad i. Eg blei alltid dratt med på tur då eg var mindre, og lærte å bli glad i å vere ute. Eg elskar å sove ute i telt og gå på ski, og det er noko eg absolutt vil gje vidare til mine ungar, seier ho medan ho skuar utover heimbygda, og peikar på kjente og kjære plassar.
– Eg er stolt over heimbygda mi altså, seier den idrettsglade ex-symjaren som klarar seg fint utan fem timar i bassenget kvar dag.


Artikkelen er publisert 18/08-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild