Onsdag
22/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Den herlege revansjen


Solid: Elijah Sackie viste prov på både fart og teknikk i møtet med Seljord-spelarane Halvor Haugen og Martin Listaul.

I vår blei Fyresdal audmjuka av Seljord heime på Gimle stadion. Torsdag fekk fyresdølane ein skikkeleg revansj.




Etter ein jamn fyrste omgang i Flatdal, handla alt om gjestene frå Fyresdal i den andre. Ein stolt trenar Halvor Nordbø applauderte og gratulerte spelarane sine etter å ha knust topplaget Seljord 6-0 – nøyaktig tri månadar etter at laget tapa 2-8 mot Seljord.
– Tapet i vår var flautt. Dette var ein herleg revansje, seier Fyresdal-trenaren.
– Me møtte serieleiaren i dag og slik sett kan ein seie det er årsbeste, men me spela kanonbra også i dei siste kampane før sommarferien, held Nordbø fram.

16 mål på 6 kampar
Han får støtte av storskårar Håvard Sandland. Kviteseidingen fekk førespurnad frå Nordbø i vår om comeback var aktuelt. To år etter at han gav seg i Vinje viser 33-åringen at målteften i høgste grad er tilstades. Torsdag skåra han to mål, sitt 15. og 16. for sesongen – på berre seks kampar.
– Når ein fyrst får på seg fotballskoa att er det veldig moro, seier Sandland.
Han har skåra mål for både Kviteseid, Seljord, Vinje – og nå Fyresdal.
– Fyresdal var ein av få klubbar i Vest-Telemark eg ikkje har spelt for, smiler toppskåraren.
Sandland skåra fyrste omgangs einaste mål då han var sist på ballen etter eit hjørnespark. Knut Olav Solli dobla leiinga tidleg i andre omgang, før Sandland og nemnde Solli auka til høvesvis 3- og 4-0. Jørund Midtgarden og Ådne Djuve skåra dei to siste måla i storsigeren. Seljord kan takke keeper Remi Pedersen for at resultatet ikkje blei endå styggare.

Ser mot toppen
Både Nordbø og Sandland ser no mot toppen i 7. divisjon. Laget er nummer tri. Men det er berre tri poeng opp til Seljord som toppar med 22 poeng. Seljordingane har også spelt ein kamp meir enn Fyresdal. Ulefoss 2 er på andreplass med 21 poeng, også dei har spelt ein kamp meir enn fyresdølane.
– Sjølvsagt må me ha opprykk som mål, seier Sandland.
– Ulefoss 2 og Seljord blir dei hardaste rivalane, trur Nordbø, som ser skiftarbeid som haustens største utfordring.
– Det er ikkje alltid lett å stille fullt lag, seier han, og ser fram til toppoppgjer i dag heime mot Ulefoss 2.

Fullt fortent
I Seljord har dei to mest sentrale spelarane frå i vår, spelande trenar Karl Magnus Mangerud og Glenn Strømstad, gjeve seg. Roar Slinde har på ny tatt på seg ansvaret for raudtrøyene. Torsdagens kamp blei spelt i Flatdal på grunn av vedlikehald på Eventyrøy. Slinde hadde lite å utsetje på at Fyresdal stakk av med poenga frå den mellombelse heimebanen.
– Fullt fortent. Me hang med i ein omgang, men er ikkje godt nok trena. Det har ikkje vore nok folk på treningane, og utover i kampen manglar me struktur, seier flatdølen, som sjølv misbrukte ein stor sjanse på stillinga 0-1.
– Det burde vore mål, innrømmer han.
Han varslar at studentar i Bø er tilgjengelege til neste kamp, borte mot Heddal 2, og lovar å kjempe om opprykket utover hausten.
– Me kjem sterkare tilbake. Men sjølvsagt saknar me roen til Karl (Magnus Mangerud) og måla til Glenn (Strømstad), seier Slinde, som synest Fyresdal var gode i torsdagens kamp.
– Me gav bort tri mål, men dei var gode og køyrde over oss utover kampen, seier Slinde, som kunne gle seg over at Ronde Schade igjen snørte på seg fotballskoa. Midstopparen spelte dei siste 45 minuttane av torsdagens kamp.


Artikkelen er publisert 18/08-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten