|
Torsdag 23/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Godt fornøgd med radiobjøllene
 God kontroll: Med radiobjøller på søyene har Tor Jakob Nordbø god kontroll på kvar dyra er, og dei er mykje lettare å finne under sankinga.
|
Nissedalbonde Tor Jakob Nordbø rosar samarbeidet med Fylkesmannen som har ført til radiobjøller på mange søyer og nok eit år med tilsynsmann for saueflokkane til ti bønder.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
I ein del år opplevde bønder i Tørdal at gaupa var eit problem for sauene som gjekk i heia i grenseområdet til Nissedal. I 2007 registrerte ekteparet Kari-Anne og Tor Jakob Nordbø i Nordbygda at også dei fekk sauetap på grunn av gaupa i om lag same heiområde som tørdalsdyra gjekk.
Fylkesmannen blei kontakta med tanke på råd. Svaret var at om beitelaga i Nissedal og Tørdal samarbeidde, skulle det kome midlar som var sett av til konfliktdempande tiltak.
I tri beitesesongar på rad blei det gjeve tilskot til å ha ein kursa tilsynsmann i heia der ti bønder frå dei to beitelaga hadde sauer gåande. Det blei mellom anna sett etter rovdyrskader og om det var spor etter rovdyr. Tilsynsmannen blei utstyrt med GPS, og det gjer at ein har oversikt over kvar han har gått.
Fire lam tatt av hund
Sauetapa gjekk ned med tilsynsmannen i terrenget. I fjor hadde beitelaga ikkje denne ordninga, og då blei gjennomsnittstapet for kvar sauebonde så høgt som mellom 15 og 20 prosent. Alle dyra som blei mista var på heibeite. I tillegg opplevde Tor Jakob Nordbø at tri av lamma hans blei tatt av det han er sikker på er bikkjer nær friluftsområdet Vikodden nedanfor garden og riksvegen. To blei drepne, det tredje var så hardt skadd at det måtte avlivast.
– Eg har i tillegg funne eit lam i sommar som er tatt av bikkje. Lammet var så skada at einaste utvegen var å avlive det. Folk må passe meir på bikkjene sine, oppmodar Nordbø, bestemt på at eit eventuelt neste tilfelle blir politimeldt.
Tilsynsordninga er tilbake i år, og det er Nordbø glad for. Ei anna god løysing starta i fjor vår då Fylkesmannen sa seg viljug til å betale for 37 radiobjøller som blir plassert på søyene til Nordbø. Bonden kostar drift og vedlikehald og tilleggsutstyret som må til for at radiobjølla ligg på rette plassen oppe på halsen til halvparten av søyeflokken som Nordbø har.
– Radiosendarane er til stor hjelp for tilsynsmannen, eg veit heile tida kvar søyene er, det er langt lettare å finne dei under sankinga og me får eit mykje betre ettersyn. I forhold til før er me no stadig på heia og ser etter dyra. Sendaren hjelper ikkje direkte på lam om dei blir tatt av rovdyr, men skjer det til dømes at heile flokken blir jaga, ser me det ved hjelp av sendarane på søyene. Då stikk me opp i heia med ein gong, seier Nordbø.
Ikkje registrert tap
I tillegg til alle turane han har i heia, er det hengt opp lappar der folk blir bedne om å melde frå til bonden om dei ser noko som kan vere galt med sauene.
– Me blir kontakta av og til, sjølv om folk har sett sauer og det ikkje er noko gale, seier Nordbø, glad for tilbakemeldingane.
Skulle det vise seg at radiosendaren er med og avslører at det er gaupe i området, blir det forsøkt å flytte sauene til anna område. Dette har ikkje vore naudsynt i år, og til no i denne beitesesongen er det ikkje registrert at sau er tatt av gaupe i heiområdet der dei ti bøndene har husdyr gåande.
– Det er frykteleg vanskeleg å finne lam som ikkje er i live. Etter tri dagar er det nesten bare ulla att, erfarer Nordbø.
Radiobjølla er eigentleg ein mobiltelefon med GPS som sender signal til bonden fleire gonger i døgnet. Er tilbakemeldinga innstilt på kvar sjette time, får bonden varsel på mobilen om det har gått over tida. Då går turen til heia for å sjekke om det er noko gale.
På datamaskina til Nordbø har han full oversikt over kvar alle sauene med radiobjøller er. På eit kart kan han finne det ut så og seie på meteren.
– Det er kjempegreitt med radiobjøllene, men det kostar ein del ekstra for både Fylkesmannen og meg. Eg er fornøgd med samarbeidet med Fylkesmannen og rovviltnemnda. Staten er med og prøvar å få til ting, og me gjer så godt me kan alle saman, seier Nordbø.
Ulike tiltak
Han har dei seinare åra vore med og prøva fleire ulike tiltak for at sauer ikkje skal bli tatt av gaupa. Husdyra er sleppt på heia seinare enn før og tatt ned tidlegare på hausten. Det har gått tilsynsmann i heia i fire beitesesongar, mange av søyene har fått radiobjøller og det er prøva med å gå ein del over til villsau i håp om at dei klarer seg betre mot rovdyret. Dei seks åra med villsauer viser at alle har kome heim att, det har ikkje blitt eit einaste lammetap. I tillegg blir det plukka ut og avla på livdyr som går i område der det er fredeleg og minst tap.
– Me har enno ikkje funne den perfekte metoden for å hindre tap av sau til gaupe, seier Nordbø.
– Kva blir det neste du prøvar?
– Me får høyre om Fylkesmannen og rovviltnemnda har nokon forslag. Elles blir det nok både tilsynsmann og radiobjøller også neste år. Ein annan fordel er at eg no har mykje meir heimebeite der ein del sauer kan gå om sommaren, svarar Nordbø.
– Me må finne ein måte slik at det er plass til både gaupe og sau, legg han til.
Når det blir snakk om talet på gauper i landet, registrerer Nordbø usemja mellom Direktoratet for naturforvaltning, eit prosjekt som i ein del år har drive med merking av gauper, bøndene og naturvernarane.
– Den store usemja mellom desse partane er ikkje overraskande. Alle prøver å trekkje sine interesser. Gaupetalet er vel eitt eller anna midt i mellom kva dei fire meiner, seier Nordbø.
Artikkelen er publisert 16/08-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|