Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Optimisme for framtida


Optimistar: Ordførar Hilde Alice Vågslid og prosjektleiar for bulystprosjektet Dalen Pluss, Kjetil Fulsås, er optimistiske med tanke på folketalsutviklinga i Tokke.

Tokke er den kommunen i Vest-Telemark som har hatt størst nedgang i folketalet dei siste fem åra. Trua på framtidig innbyggjarauke er likevel sterk.




Statistisk sentralbyrå (SSB) har framskrive folketal i Tokke som viser ein ytterlegare nedgang i 2040 samanlikna med dagens innbyggjartal. Inngangen til 2012 viste at 2.287 innbyggjarar heldt til i kommunen, medan anslaget for 2040 er på 2.160. Framleis er Tokke einaste kommunen som har ein nedgang i folketalsframskrivinga til SSB.
– Det er viktig å setje søkjeljoset på innbyggjarane me alt har i kommunen i dag. Me må ikkje bruke all energien vår på å få tak i nye folk som vil busetje seg i kommunen. Eg meiner me ikkje er flinke nok til å ta vare på og integrere dei som alt har kome til kommunen. Me er kanskje litt trauste. Når det er sagt er me sjølvsagt glade for kvar einaste nye innbyggjar me får til kommunen, og me har uendeleg mykje å by på. Gode skular, barnehageplassar og arbeidsplassar er viktige stikkord. Tokke er ein god kommune å bu i, seier ordførar Hilde Alice Vågslid.

Optimisme og entusiasme
Kjetil Fulsås er prosjektleiar for bulystprosjektet Dalen Pluss. Han har så langt møtt mykje optimisme og entusiasme i arbeidet.
– Eg involverer folk i prosjektet som består av fem delprosjekt. Alle eg har vore i kontakt med er svært entusiastiske i arbeidet med å promotere det me har på Dalen. Kvalitetar som ikkje får den rosen dei fortener. Det handlar om aktivitetar, naturen og andre kvalitetar som dei meiner ikkje er marknadsført godt nok. Eg håpar prosjektet kan skape grobotn for noko meir permanent, seier Fulsås.
Ordføraren meiner at det er eit distriktsproblem at folketalet går ned. Likevel er ho klar på at dei ikkje godtek framskrivinga som SSB har lagt fram.
– Det er vanskeleg å gjere noko med demografien. At me har mange gamle innbyggjarar i Tokke betyr også at dei har ein god livskvalitet her. Det har vore ganske mange som har gått bort i Tokke dei siste åra, og det har ikkje kome til like mange. I åra som kjem har eg trua på at denne trenden snur. Mykje positivt er på gang, mellom anna er Vest-Telemark vidaregåande skule i gang med ny elektroline etter førespurnad frå det lokale næringslivet. Bulystprosjektet er eit anna positivt tiltak, smiler Vågslid.

Samarbeid
Ho har i perioden etter at ho blei valt til ordførar vore på mange bedriftsbesøk i kommunen for å høyre kva synspunkt det lokale næringslivet har på dagens og framtidas situasjon.
– Me har mange fantastiske arbeidsplassar i kommunen. Faktisk er det ganske mange som pendlar til Tokke i dag. Utfordringa i jobbsamanheng er å skaffe arbeid til båe dei vaksne om det er ein familie som ynskjer å flytte hit. Derfor er eit tett samarbeid mellom næringslivet, kommunen og den vidaregåande skulen eit viktig moment, seier ordføraren.
– Det er også utfordringar for enkelte bedrifter å skaffe kompetent arbeidskraft. Der må me gjere ein innsats. Me verken vil eller kan godta tala frå SSB, då kunne me like godt gje opp no. Me jobbar iherdig for å halde oppe og helst auke folketalet i kommunen, legg Fulsås til.
Ordføraren ynskjer å rette ein peikefinger til regjeringa med tanke på lovnadane om statlege arbeidsplassar i distrikta.
– Me har ikkje sett særleg mykje til ei slik fordeling. Med dagens teknologi kan ein ha basen nesten kvar som helst. No er det utbygd fiber for breiband mange stader i kommunen og det er viktig. Me ser også at attraktive bustadtomter er prosjekt me må legge vekt på. Elles fekk eg ei gladmelding for nokre dagar sidan. Ein famile busett i Oslo hadde skaffa seg eit småbruk i Tokke, og no var dei på jakt etter arbeid. Eg er optimist med tanke på å få dei hit. Fleire må gjerne sende meg slike e-postar, smiler Tokke-ordføraren.


Artikkelen er publisert 16/08-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk