Onsdag
19/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

God andreomgang sikra poeng


Uavgjort: Det perfekte straffesparket til Øystein Eriksen sikra eitt poeng til heimelaget.

Heimelaget Vinje låg lenge under 1-2 mot sterke Ulefoss. Stå-på innstilling og perfekt straffe frå Øystein Eriksen i sluttminutta gav poengdeling.




Tabellen etter halvspela serie i 4. divisjon viser at Vinje ligg på sisteplass med fem poeng. Det hadde vesttelane lyst til å gjere noko med laurdag, då den fyrste av haustens ni heimekampar skulle spelast.
– Me har ikkje gjeve opp, og veit me har solid statistikk på heimebane. Me møter mange gode lag og er klar over tabellsituasjonen. Det er ikkje krise om me rykkjer ned, seier Vinje-trenar Rune Sudbø til VTB like før kampstart mot Ulefoss, eit lag Sudbø meiner er blant dei tri beste i divisjonen.
Vinje tapa i vår 0-1 borte mot Ulefoss i ein kamp der vesttelane la seg bakpå i 90 minuttar. Laget hadde bestemt seg for å vere meir offensive denne gongen.
– I heile sommar har me øvd på å spele ball, så det er ingen grunn til ikkje å gjere det i dag, sa trenar Sudbø til gjengen rett før det var klart for den fyrste kampen på den nye kunstgrasbanen.
– Banen er veldig bra og fin, slår Sudbø fast.
Draumetreff
Vinje hadde fyrste skåringssjansen, og det etter sju minuttar. Sveinung Omdal Tveito sitt skot blei meisterleg redda av Ulefoss-målvakta til corner. Startminuttane i kampen viste tydeleg at heimelaget ynskte å vere aggressive.
Etter elleve minuttar kom eit Vinje-spark utover mot midten og rett i beina på ein motstandar. Det raske innlegget frå han blei ekspedert i mål og borteleiing. Ikkje mange sekundane etter svara vertane med ei perle som var verdt heile inngangsbilletten. Morten Bråstøyl klemte til med eit kanonskot frå 30 meter, rett i krysset.
– Eg har ein slik susar i kvar kamp, seier Bråstøyl med eit lite truverdig smil til bladfyken i pausen.
– Draumetreff, fortset han om det som er den eigentlege sanninga.
Ti minuttar før pause tek gjestene leiinga igjen. Ein stikkar inn mot midten blir avslutta med eit skot forbi målvakta. Etter spel og sjansar var det heilt fortent 2-1 til Ulefoss midtvegs.

Store sjansar
– Tenk så inspirerte handballjentene blir i OL-finalen i kveld om dei får høyre at Vinje har slått Ulefoss, var oppmodinga ein smilande kaptein Øystein Eriksen sende vidare til lagkameratane før siste omgang. Humøret i Vinje-gjengen var det i alle fall ikkje noko å seie på.
Svein Johnny Bertheussen hadde eit par gode skot i fyrste omgang som blei redda av målvakta. Ti minutt etter kvila var Vinje-angriparen i gang igjen, men aleine mot målvakta gjekk skotet utanfor.
– Det blir litt for mange slike skot, seier Bertheussen til lokalavisa.
Dei fyrste tjue minuttane av siste omgang hadde vertane totalt fire gode sjansar. Tommy Lindskog si heading gjekk like over mål. Tommy Andersens skot blei redda til corner som same personen sette hovudet til, men lukkast ikkje.
Ulefoss var i denne omgangen ein skugge av seg sjølv, og produserte ikkje farlege sjansar før eit par mot slutten. Vinje hadde ingen tanke om å gje opp, og tri minuttar før slutt kom løna. Lindskog blei felt innafor sekstenmeteren. Eriksen klinte til og ballen gjekk sikkert i mål heilt nede ved stoplerota. Heimespelaren som utlikna til 2-2 kunne blitt matchvinnar i sluttsekunda, men frisparket frå 16,23 meter blei redda av den gode målvakta til gjestene.

Utespelar målvakt
– Slik kampen blei er me fornøgde, seier skårarane Bråstøyl og Eriksen, rett etter at haustens fyrste kamp er over.
– Eg er fornøgd. I andre omgang fekk me store rom, og det verka som at Ulefoss var meir slitne, seier trenar Sudbø.
Han har hatt eit variert oppmøte på treningane i sommar, og i kvar einaste kamp har det vore ein ny ellevar på banen. Laurdag hadde ikkje Vinje målvakt. Utespelar Halvor Lauvdal blei kasta inn i oppgåva, og kom godt frå det.
– Eg har aldri stått i mål før, og det er det kjedelegaste eg veit. Det gjekk greitt, men er det opp til meg blir eg ikkje målvakt i neste kamp, seier Lauvdal.


Artikkelen er publisert 14/08-2012

Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga