|
Tysdag 21/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Fengande gardsfestival
 God respons: Liv Bente Tvenge og ektemannen Jan Klæboe opplevde ein veldig god respons blant folk for å få med seg trivelege innslag under Nesetspelet.
|
Mellom 600 og 700 personar var innom Nesetspelet i Rauland denne langhelga. Gardeigar Liv Bente Tvenge set veldig pris på den store responsen, og er glad for at den tidlegare lukka eigedomen endeleg er opna for besøk.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Liv Bente Tvenge og dei tri barna hennar eig garden Neset like ved Totak. På eigedomen er det 17 lafta bygg, og det eldste blei sett opp i 1751.
– Neset har tidlegare vore veldig privat, men hus treng folk og folk treng hus. Det er på tide at folk, og spesielt dei lokale, får lov å kome hit og sjå kva tradisjonar som ligg i bygningane. Staden inviterer til spelet som me har no, og det er eit veldig inspirerande prosjekt, seier Tvenge når ho tek imot VTB laurdag.
Folk frå fleire nasjonar, mellom anna USA, Frankrike og Sverige hadde vore innom dei tri fyrste arrangementdagane. Dei som hadde lyst til å vitje den fantastiske garden og eit vakkert uteområde, hadde mykje underhaldning å velje i.
Nesetspelet blei opna torsdagskvelden. Då møtte nærare 200 tilskodarar for å høyre på konserten med Sondre Bratland, Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch. Fredagen starta med at Glima hadde morgonkonsert, før folk midt på dagen kunne delta på naturstig til Tehytta, som høyrer til Neset. Også dei to neste dagane var det tilbod om naturstig til same plassen.
Buen lokka fram bever
Om kvelden spelte og fortalde Knut Buen for rundt 100 personar. Talet kunne blitt opp mot 300 om det ikkje hadde vore for at mange av dei som ville tinge billettar på Billettservice blei avviste for kjøp, sjølv om det slett ikkje var utselt.
– Neste år skal nokon andre hjelpe med billettsalet, seier Tvenge.
Ho fortel at Knut Buen var i storform under konserten, og jammen lokka han ikkje fram ein bever som plutseleg dukka opp i nærleiken.
– Eit morosamt innslag, smiler Tvenge om besøket frå beveren som har bygd seg bustad i nærleiken.
På føremiddagen både laurdag og sundag var det konsert med studentar ved folkemusikkstudiet som Høgskulen i Telemark har i Rauland. Om ettermiddagen laurdag viste unge frå Rauland spelet «I husmannsfolkets fotefar», skrive av lokale Vesla Landsverk. Ho har forfedrar som stammer frå Neset.
I spelet kunne ein sjå barns liv på husmannsplassane i tidlegare tider, kva oppgåver dei hadde og korleis dei var med og skapte glede og dans.
– Det er herleg å jobbe med barn. Dei er så naturlege og gjev det dei kan. Og så er det veldig moro og ei spesiell ære å ha fått denne oppgåva på Neset, seier Landsverk, i det barna tek på seg kostymer og førebur seg på ei 45 minuttar lang framføring.
Nytt spel
Laurdagskvelden var det klart for Storegut, med Aasmund Nordstoga, Per Anders Buen Garnås og Åsmund Reistad.
– Aasmund var fantastisk og me følte me var på ei reise innover vidda, seier ei imponert Tvenge.
Midt på dagen sundag underheldt Falkeriset Spelemannslag med hardingfele, seljefløyte, stev og dans på Neset-tunet. Eit par timar seinare var det klart for historielaget på Rauland: «Torbjørn Egner 100 år». Turbobudeie Bodil Nordjore sytte for at det blei servert tradisjonsmat alle dagane.
På førehand hadde Tvenge lova at det skulle bli fint vêr, og slik blei det.
– Eg har bruka langkosten i seks månader. Eg kommuniserer med kosten og då blir det fint vêr, og så har eg også fått hjelp av nokre veninner, seier Tvenge med eit smil på lur.
Ho reknar med at totalt var mellom 600 og 700 personar innom Neset-spelet, og det har aldri skjedd før at så mange har vore på garden i løpet av ei langhelg.
– Eg set veldig pris på at så mange ville kome. Me har fått veldig gode tilbakemeldingar om spelet, det er nesten så eg må klype meg i armen. Me har alt bestemt at det blir nytt spel neste år. Og det manglar ikkje på flinke folk i Telemark som kan vere med og lage gode førestillingar. Folkemusikk er noko som trekkjer folk og verda saman, så det er veldig spennande med eit arrangement som Neset-spelet, seier Tvenge.
Sjølv om ho ikkje er frå Rauland, stortrivst ho der og bur på Neset fire–fem månader årleg. Ektemannen Jan Klæboe er svært glad i Provence, og paret er ein god del tid der.
– Eg er halvt raulending. Det er mykje arbeid å ta vare på Neset-eigedomen, men eg har ein fantastisk mann som hjelper godt. Og så har eg tri barn som har forstått at denne eigedomen er verdt å ta vare på, seier Tvenge, inspirert nok dei siste dagane til at ho er i ferd med å skape ein ny tradisjon i Rauland: Neset-spelet.
Artikkelen er publisert 14/08-2012
|
Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten

|