Fredag
24/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Stor interesse for privat museum


Flott: I gjesteboka ved Z museum kan Johan Ziener Thronsen lese om svært mange gode tilbakemeldingar. No kan den private verksemda bli kraftig utvida.





I sommar har meir enn 4.000 personar besøkt nyopna Z museum i Treungen. Fire museum ynskjer å leggje ned for å flytte samlingane sine til Z museum, og då må det nybygg til.




I midten av mai opna Johan Ziener Thronsen og familien hans eit privat museum ved industriområdet i Treungen. Etter to år med opparbeiding av museet og ti årsverk med eigeninnsats, stod attraksjonen klar for eit enormt stort publikum på opningsdagen.
Fram til no har det vore 3.900 betalande innom det store lokalet med mykje gamalt snadder. Tek ein med småbarn, inviterte gjester og dei som har årskort, er talet over 4.000.
– Eg er overraska over at det har vore så mange innom på så kort tid. Me la lista høgt og sa 5.000 besøkande i 2012, men hadde aldri drøymd om det talet som har kome til no, seier Johan Ziener Thronsen.

Populært med gaiding
Han hentar fram gjesteboka der mange sider er fulle av helsingar og gratulasjonar. Det er ikkje ofte ein ser ordet «flott» så mange gonger skrive med handskrift side etter side i ei bok.
– Me har fått veldig mange gode tilbakemeldingar, også frå andre museumsdrivarar som har vore her. På museet brukar me mykje tid på opplysning, gaiding og forteljing. Det har vore populært, seier Ziener Thronsen.
Andre som nok er nøgde er dei ti personane som skifter på å vere med i drifta av verksemda som skal ha ope heile året.
– Jobben gjev eit godt tilskot i lommeboka til ungdomane som er her, seier Ziener Thronsen.
Han fortel at fire mindre museum i fylket ynskjer å leggje ned drifta for å overføre det historiske materialet til Z museum. I tillegg har ein privatperson tatt kontakt om moglegheita for å flytte alle dei gamle køyretøya sine dit.
– Det er freistande å ta imot dei som vil hit, men då må me ha ordentleg lokale å tilby, seier Ziener Thronsen der han står i eit museumslokale som er temmeleg fullt.

Tri millionar
Planen no er å gjere om det store lagerlokalet inntil museet til utstillingsplass. I tillegg er tanken å byggje eit nytt og større magasin inntil dagens bygg. Totalkostnaden er rekna til tri millionar kroner. Det er ikkje lån på dagens museumsbygg, og slik vil ikkje Ziener Thronsen ha det etter nyinvesteringa heller.
– Eg hadde ikkje trudd ein ny utbyggingsplan skulle kome på bordet så fort. Er det opp til meg blir det nybygg, men eg låner ikkje pengar til det. Me må søkje om tilskot, seier Ziener Thronsen.
Han ser føre seg at om midlane dukkar opp kan det bli endå meir som kjem på plass ved museet i framtida. Han nemner både ein bondegard og landhandel, alt sjølvsagt i gamal stil.
– Me kan bli Noregs største private museum. Det har gått så det susar så langt, kafeen i lokalet blir godt besøkt og mange kjem langvegs frå. Dessutan er eg overraska over den store responsen blant folk om å sette inn gamle ting her. Me treng eit nybygg, slår Ziener Thronsen fast.


Artikkelen er publisert 11/08-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild