|
Sundag 26/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Nytt fjøs med mjølkerobot
 Satsar stort: Bjørn Vestergård Lognvik har valt å satse stort på gardsdrifta.
|
No står det nye fjøset på Lognvik så godt som ferdig. Bjørn Vestergård Lognvik, som er eigar av garden, har sidan i fjor sommar arbeidd på spreng for å ferdigstille det enorme prosjektet i Øyfjell. Fjøset er heilautomatisk med mjølkerobot, noko Lognvik trur vil skape større trivsel både for dyra og menneska som arbeider der.
Line Omland Eilevstjønn redaksjon@vtb.no
På Øyfjellvegen mot Rauland kan ein i desse dagar skode eit enormt stort og nytt fjøs. Byggeprosessen starta i fjor på same tid, og har vore både eit kostbart og tidkrevjande prosjekt. Utanpå ser det ut som eit kvart som helst anna fjøs, men skinnet bedreg. Inventaret er nemleg så heilautomatisk og godt prosjektert at kyrne kan gjera mjølkeprosessen på eiga hand, ved hjelp av ein mjølkerobot.
Kvar ku har eit halsband med ein sensor som datasystemet kjenner att. Automatisk veit roboten kor mykje fôr den enkelte kua skal ha, om kua er sjuk og mjølka må skiljast ut frå resten eller om kua i det heile teke skal mjølkast akkurat der og då. Det heile er eit ganske fantastisk system, designa for å gjere gardsdrifta litt enklare, og å gje bøndene meir tid til å ta seg av andre oppgåver på garden. Bjørn Vestergård Lognvik fortel om tidspunktet då han bestemte seg for å starte med prosjektet.
– Det kom eit punkt der me enten måtte gje oss, eller satse stort og skikkeleg. Me valde det sistnemnde, seier ein fornøgd Lognvik i arbeidsdress.
Fjøset er stort, med lyse fargar og godt lufteanlegg. Kyrne har også madrasser til å ligge på.
– Eg trur at dess meir komfortabelt og godt kyrne har det, til betre mjølk produserar dei. Difor har me prøvd å gjere ting mest mogleg gode for dei. Dette systemet skapar trivsel både for dyra og for menneska som skal drive, seier Lognvik.
Prosjektet har motteke massiv støtte frå både Innovasjon Noreg og Vinje kommune, noko Lognvik set utruleg stor pris på.
– All støtta me har fått er fantastisk. Vinje kommune har vore fantastisk undervegs i prosjektet, og utan støtte derfrå hadde dette prosjektet aldri kome i hamn.
Står på
Bjørn Vestergård Lognvik, som har bakgrunn som sivilingeniør, bestemte seg tidleg for at dette fjøset skulle vere eit prosjekt for han sjølv og andre arbeidarar, i staden for å bestille heile fjøset frå eit selskap som sette det opp og ordna alt saman.
– Det hadde blitt alt for dyrt å gjere det på den måten. Slik me har arbeidd no er mykje betre, me har eigen kontroll, i tillegg til at me har skapt veldig mange arbeidsplassar dette året. Lokale handverkarar har trødd til, i tillegg til at me har fått mykje hjelp av Morgedal rør og Seljord elektriske.
Å få tak i mjølkeroboten var ikkje ei enkel oppgåve, då dei fleste selskapa som leverar dei ikkje var interesserte i å levere til ein gard i Øyfjell.
– Dei har nok ikkje så veldig trua på Vest-Telemark som gardsregion, og ville ikkje levere til gardar lengre opp enn Flatdal. Heldigvis var DeLaval interesserte, og me fekk tak i ein der frå, seier Lognvik.
Fredag testa kyrne for fyrste gong ut sitt nye fjøs, og Lognvik var torsdag veldig spent på korleis det ville fungere. Sjølve hovudopninga av fjøset vil skje rundt Dyrsku-tider.
– Det er klart det blir spennande å sjå korleis kyrne trivst med den store fridomen dei no får. Det er jo resultatet av alt me har arbeidd for. Det finst mange bønder som har meir erfaring og er langt flinkare enn det me er, men me er veldig flinke til å arbeide. Der trur eg styrken vår ligg.
Kontrollrom og sjukeavdeling
Det langstrakte fjøset er grovt sett delt i to. Den eine delen er ei sjukeavdeling, der kyrne som eventuelt ikkje produserar frisk mjølk vert plasserte. I den andre delen held resten til. Midt i fjøset står mjølkeroboten, som skil dei to avdelingane og held styr på det heile. Oppe i andre etasje rett over roboten finn ein kontrollrommet. Her har den ansvarlege oversikt over alt som skjer ut frå vindauge til alle kantar. Derfrå kan alt styrast og ordnast via ei datamaskin. Det finst også ein hybel oppe i andre etasje, der sommararbeidarane og andre som har midlertidig ansvar for fjøset kan bu. I fjøset finn ein også garderobe med dusj og toalett.
– Grunnen til at me har garderobe er at det her skal vere mogleg å kome til fjøset i finklede, skifte til fjøsdress, reise inn å gjere det ein skal, for så å reise ut igjen i finkleda. Inne i fjøset er det også eit så godt lufteanlegg at kulukta skal minke ein god del, seier Lognvik.
Om mjølka som vert produsert framover vil vere av betre kvalitet enn anna mjølk, er Lognvik veldig usikker på. Med sine 64 kyr har Lognvik ei kvote på 300 tonn. 150 tonn var ei etableringskvote dei fekk, resten har dei kjøpt.
– Om mjølka er betre er umogleg å vite. Det me likevel veit sikkert er at mjølkearmen på roboten vaskar og rensar spenene, at den dårlege mjølka vert skild ut og at det kjem til å vere kvalitetssikra mjølk som vert sendt ut herfrå, smiler Lognvik, før han går tilbake til fjøset for å ferdigstille mest mogleg før testbesøket.
Artikkelen er publisert 11/08-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|