Sundag
26/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Betrar trafikktryggleiken


Fyller grøftene: Frå Åmot til Vinjebru skal grøftene no fyllast att med stein for å betre trafikktryggleiken.

Vegvesenet, med byggjeleiar Dag Rune Kvålen i spissen, driv for tida å fyller att grøftene langs E134 frå Åmot til Vinjebru.




I mai starta prosjektet som går ut på å betre trafikktryggleiken langs E134. Så langt har det blitt laga to busslommer i Morgedal. Neste steg i prosjektet er å fylle opp dei djupe grøftene langs vegen frå Åmot til Vinjebru med stein, for å gjera vegen sikrare. Dette er alt godt i gang. Det er mange trailervelt og ulukker på strekninga i løpet av eit år, noko som forhåpentlegvis vil betre seg no. Byggjeleiar for prosjektet, Dag Rune Kvålen, seier at dette er eit reint trafikksikringsstiltak.
– Til no har vi kome til Særensgrend. Målet med fyllinga er å gjera vegen sikrare. Ved å ha breiare vegskuldrar er det mindre sjanse for ulykker.
– Når vil grøftene langs Kjeringdalen fyllast att? Der er det jo spesielt mange trailervelt.
– Me kjem snart til Kjeringdalen, men eg kan ikkje heilt seie når endå, seier Kvålen.
I tillegg til busslommene som har blitt laga i Morgedal, skal det snart kome busslommer også i Bøgrend og ved Tyrvelid i Vågslid.



Artikkelen er publisert 09/08-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk