Onsdag
22/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Mimrefest til stor glede


Feststemt: Det var ingen tvil om at denne gjengen på fyrste rad såg ut til å ha det moro på festival.

Festivaldeltakarane i Treungen reiste tilbake til 80- og 90-talet fredag. Med artistar som Dr. Alban, Loveshack, Return og E-type på scenen blei mimrestemninga stor på Sommarsletta.




Nostalgien var stor på Treungenfestivalen fredag. På scenen stod ikkje akkurat dagsaktuelle artistar, men det såg ikkje ut til å gjere noko for det store festivalpublikummet.

Klassikarar
– No har Dr. Alban tatt seg av 90-talet, men me skal endå lengre tilbake. Me held nemleg på med 80-talet, ropa frontfiguren i Loveshack ut til publikum, og sette stemninga frå fyrste strofe.
Med 80-tals-klassikarar som mellom anna «Don´t stop believing», «We build this city» og «The look» fekk dei med seg publikum til dei grader, og sytte for stor feststemning på Sommarsletta.
Før den tid hadde den svenske rapstjerna Dr. Alban som hadde ei rekkje hits på 90-talet opna kvelden, og drog folk sakte men sikkert fram til scena. Men folksamt blei det ikkje før Loveshack kom med sine coverlåtar frå 80-talet.
Midt i konserten blei det også markert at årets Treungenfestival er den tiande i rekkja. Då kom eit helikopter til syne i retning Skuggenatten med eit banner med skrifta: Treungen 10 år gratulere storebror.

Slik festival skal vere
Hedmarksbandet Return er på Treungenfestivalen for tredje gong, og synest det var svært moro å vere tilbake i bygda.
– Me spelar på mange festivalar som har lik profil som Treungen, men det er ingen som ligg så fint til som her, seier bassist i bandet Tore Larsen, og kikkar utover Nisser.
Bandet som blei danna i 1980, og hadde si stordomstid på slutten av 80-talet, kom tilbake i 2000 og har etter det spela jamt og trutt på sommarfestivalar i heile landet.
– Me har greidd kunststykket å ikkje øydeleggje Return-namnet. No har me berre ambisjonar om å ha det moro med konsertar, utan å bli alt for slitne, smiler Larsen som skryter av festivalopplegget både for artistane og publikummet.
– Det er slik ein festival skal vere, slår han fast.


Artikkelen er publisert 07/08-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten