Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Arbeidsplass og ferieparadis i eitt


Nyt livet på fjellet: Oline, Elin, Ånund, Sigrid, Olav, Bjørgulv og Veslemøy kosar seg på støylen Maurtjønnroi.

Familien Haugo Kvammen har lagt sommarferien til støylen Maurtjønnroi. Ei ny hytte stod ferdig i fjor haust, og no har dei alt som skal til for å vere der frå juni til september. I hytta finst verken TV eller klokke, og familien stortrivst med det rolege livet vekk frå kvardagens kjas og mas. Med to tvillingpar under fire år og 132 geiter å passe på, går dagane likevel i høggir.




Oppe på fjellet midt mellom Grungedal og Arabygdi ligg den trivelege støylen Maurtjønnroi. Støylen er eigd av Bjørgulv Kvammen og Elin Haugo Kvammen, og høyrer til garden deira Tveiten, som ligg i Grungedal. Til saman er dei ein gjeng på sju, inklusive to tvillingpar på eitt år og tre år, og ei jente på ni. I år er heile familien på sommarferie på stølen. Både Sigrid (9), Ånund (3), Olav (3), Oline (1) og Veslemøy (1) trivst godt med å legge ferien til fjellet. Med langstrakte fjell, grønt gras og ei flott tjønn like nedanfor den nybygde hytta deira, kan ein verkeleg seie at staden er ei perle. Dette er fyrste året dei er der oppe heile sommaren, frå juni til september, utan stort anna enn kvarandre, geitene, brettspel og den gode stillheita og roa vekk frå kvardagens kjas og mas.
Då me har kome inn i hytta og sett oss ned ved det langstrakte kjøkenbordet, vartar vertane opp med is. Tvillingane er i ekstase, sidan dei har venta på dette i heile dag. Små, høgfrekvente rop om «is!!!!» rungar ut i kjøkenet.
– Den nye hytta vår stod ferdig i haust. Ho er ein del større enn hytta som stod her frå før, og no har me alt me treng for å kunne vera her så lenge me vil, seier Bjørgulv, som sjølv har hogge timmer og gjort alt på hytta, forutan laftinga.
– Me har ei sterk tilknyting til støylen, både fordi han høyrer til garden vår, og fordi me synest det er heilt fantastisk til fjells. Den nye hytta er også ein stor del av trivselen her, og så er det jo koseleg når ein har gjort alt sjølv, seier Elin.
Berre ferie og fri er langt i frå det einaste familien har der oppe. Dei har 132 geiter og 49 kje å halde styr på, òg. Kvar dag på Maurtjønnroi startar rundt klokka seks, då er tvillingane lei av å sove, og geitene treng stell.
– Dette er ikkje berre ferieparadiset, det er også arbeidsplassen vår. Me greier fint å kombinere dei to, seier Bjørgulv.
– Eg trur det er dette som er livet eg. Å vere vekk frå alt som heiter TV og klokker og det konstante kvardagspresset ein alltid har hengande over seg. Me kjøpte eigentleg ein TV til å ha her, men me leverte han att, ler Elin.
Sigrid ser ut til å vere litt ueinig i denne avgjersla, men det kjem fort fram at ho har fått litt av sin vande sivilisasjon inn på støylen.
– Alt blei litt betre då me fekk mobilt breiband, smiler ho.

Berre klokke i fjøset
Sjølv om familien gjerne skulle vore på støylen uavbrote, må dei av og til heim til Tveiten for å sjå etter tretten storfe og to hestar. Hestane skal snart opp til ny stall på stølen, noko spesielt Sigrid gler seg veldig til.
– Eg gler meg veldig til å ha hestane her. Eg er veldig glad i å bade, men det blir fint å ha noko anna å gjera òg, seier ho.
I tillegg til gardsdrift har Elin ei stilling som sjukepleiar i Åmot. Bjørgulv er bonde på heiltid, og har nok å gjere med ei mjølkekvote på 97.000 liter.
– Eg trivst veldig godt som bonde. Me gjer jo ein veldig viktig jobb. Slik me i Noreg har det i dag er ikkje matproduksjon noko problem, men plutseleg kjem den dagen me ikkje kan få tak i alt like lett som no. Då vil me vinne på å ha eigen produksjon av mat. I tillegg held geitene våre landskapet rundt oss nede, dei beiter og held det fint, seier Bjørgulv.
– Me held matproduksjonen oppe og landskapet nede, smiler Elin.
På Maurtjønnroi finn ein berre klokke i fjøset. Om kveldane etter at dei minste har sovna, har dei største god tid til å finne roa att etter ein travel arbeidsdag. Då brukar dei tida på å spele brettspel og kose seg. Familien er også veldig glad i å gå turar, og prøvar å få det til så ofte som råd.
– Det er veldig viktig å kombinere arbeid og kos, seier Elin.

Fleire burde sleppe til
Dei minste har fått kosa seg med isen ei stund no, noko kjøkenbordet og golvet under ber preg av. Bjørgulv og Elin er tydeleg blitt vande til å ha mykje liv rundt seg, og beheld roa fullstendig. Det er verkeleg eit idyllisk skode, denne store familien på fjellet utan ei einaste bekymring. Dagsljoset spreier seg i heile hytta ved hjelp frå dei store, høge vindauga. Hytta har aggregat, og oppvaskmaskin er installert på kjøkenet. For å behalde litt av «hyttekjensla» har Maurtjønnroi framleis utedo, som Sigrid har fått lov til å måle rosa og lilla.
– Den største grunnen til at me har fått installert oppvaskmaskin her, er at det ville tatt vekk ein del av gleda med å vere her dersom me måtte stå i timevis med oppvask. Me feira til dømes jol her, og då var me veldig glade for vaskemaskina, seier Elin.
Ekteparet som gifta seg i 2009, synest det er synd at ikkje fleire vil drive gard.
– Folk burde selje gardane sine i staden for å behalde dei som fritidsbustader, og eldre gardseigarar burde la dei unge sleppe til tidleg, før dei etablerar seg andre stader. Det er synd at gardsdrifta har gjenge ned så drastisk dei siste åra, seier Bjørgulv.
Bøndene arbeider kvar dag heile året, og det er ikkje så lett å ta seg fri i helgene og feriar utan å ha nokon som hjelper seg.
– Me greier å ta oss fri i blant. Neste veke skal me på tur saman, då foreldra mine passar støylen og foreldra til Elin passar på garden. Eg trur problemet til dei som vel å slutte med gard, er at dei ikkje får nok fritid, seier Bjørgulv. Han meiner også at det er viktig å ikkje vere redd for å selje garden ut av familien, så lenge det betyr at nokon med ordentleg interesse tek over.

Frå ein til sju på fire år
Bjørgulv Kvammen har drive garden Tveiten i fjorten år åleine. Då Elin og Sigrid kom i 2006 var dei plutseleg tre, og fire år seinare var dei blitt sju. To tvillingpar kom på rappen, noko som ikkje er så vanleg å høyre om.
– Plutseleg var det fire ekstra på eit par år. Det var sjølvsagt ein overgang, men ikkje ein me ville vore forutan. Me slepp til dømes unna med berre to foreldremøte for fire barn, ler Elin.
Bjørgulv er einig.
– Me har mykje å gjera, men me likar det slik, seier han.
Garden Tveiten og støylen Maurtjønnroi har til saman område på rundt 3.500 dekar over fjellet mellom Grungedal og Arabygdi. Bjørgulv og Elin er sjeleglade for at forfedrane deira beheldt området for seg sjølv, i staden for å selje til hyttefelt.
– Då hadde det vore veldig vanskeleg med geiter, sidan dei ofte har det med å reise med hyttefolket. Det hadde vore eit stort problem, så me er veldig glade for at det ikkje er slik, seier Bjørgulv.
Støylen ligg fire kilometer opp frå garden Tveiten. Om vinteren brukar dei skuter.
– Min personlege rekord er fem minutt og tjuge sekund opp hit, smiler Bjørgulv lurt.
Tida har kome for at dei minste er for utålmodige til å sitje inne stort lenger, og turen går ut i fjøset. Det er tid for mjølking og tvillinganes soleklare favoritt; fersk geitemjølk rett frå spenen. Med kvar sin farga plastkopp står dei der blide og fornøgde og drikk for harde livet. Sigrid held seg unna. Mjølkinga er i full gang, og endå ein arbeidsdag på Maurtjønnroi går mot slutten.


Artikkelen er publisert 02/08-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild