Måndag
20/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Alternative Fyresdal hausta latter på revy


Førsdalsveg: I sketsjen «Førsdalsveg» viser Anne Helene Johre og Bouke Bouman korleis ein må ruste seg før ein biltur i bygda.

«Førsdalsrevyen» fekk publikum til både raudne, le høgt og tørke lattertårene samstundes.




«Førsdalsrevyen» hadde premiere fredag kveld, og hausta stor applaus frå fullsett sal på Fridheim på Veum. Laurdag var det klart for framsyning nummer to, også då med fulle benkeradar. Revyen tek publikum med på ei underhaldande reise gjennom det «nye alternative» Fyresdal, med fokus på korleis fyresdølane lever, kor dårlege vegane er, OL, og jakta på både kvinnfolk og mannfolk. Alle sketsjane er bundne inn i turistane Erlend Tveite og Bjørn Eivind Aasland sin tur til Fyresdal, og korleis dei oppfattar staden.

Problem i 1. etasje
Sketsjane i revyen er skrivne av skodespelarane sjølve. Dei som deltek er Ranghild Berge, Maurit Zimmermann, Bjørn Tore Lassemo, Kjersti Bergland, Bouke Boumann, Anne Helene Johre, Anne Bolstad Skålid, Anne Karin Jakobsen, Elin Skålid, Tor Bolstad Jensen og «turistane» Erlend Tveite og Bjørn Eivind Aasland, som også står for regien.
Publikum er engasjerte og lattermilde heilt frå starten av, då vi møter turistane på starten av turen sin. Bjørn er på leit etter dame, medan Erlend berre vil forstå korleis bygda fungerar. Så kjem resten av skodespelarane til, og tek oss med gjennom mellom anna sketsjane «Ungdom», «På jakt», «OL-bidrag», «Problem i 1. etasje» og «Dr. Ding Dong Dang«.
I «Ungdom» får vi innblikk i det typiske ungdomsspråket, og salen bryt ut i latter då jentene diskuterar Facebook.
– Så mykje interessant det står på Facebook altså. «Går på do. Tilbake om fem minuttar.»
– Det er det i alle fall ikkje pappa som har skrive. Då hadde det stått «Går på do, tilbake om ein halvtime.»
Også sketsjen «Problem i 1. etasje» er populær. Den får publikum til å le ein blanding av ekte latter og latter med opphav i raudfargen i kinna deira, då det vert diskutert eit problem med mannens edlare delar.

Dr. Ding Dong Dang
Vidare er det klart for «OL-bidrag», der Anne Bolstad Skålid presenterar ideen om ekstremsport-OL til Fyresdal. Forslaga til øvingar er mellom anna å hoppe ut av fly over Fyresvatn utan fallskjerm og å køyre bil på vegane i Fyresdal, noko som i seg sjølv vil vere ganske ekstremt med tanke på vegstandarden.
I sketsjen «På jakt» er Ragnhild og Maurit ute i skogen på jakt. Ragnhild meiner dette er rette staden å møte mannfolk, sidan det er mennenes arena. Etter ei stund treffer ho blink, ho skyt Bjørn Tore, og seier med kjærleg stemme: «Endeleg har ein mann falle for meg.»
Gong på gong må fleire av publikummarane tørke tårene, kanskje særleg under sketsjen om «Dr. Ding Dong Dang». Der blir den nyinnførte alternative legepraksisen i Fyresdal vist på ein svært overdriven måte, noko fyresdølane fann svært morosamt.
Til slutt, etter to timars revy fordelt på to akter, finn Bjørn seg dame og Erlend oppsummerar med at Fyresdal er ei ganske alternativ bygd. Skodespelarane samlast på scena til stor applaus frå salen, og syng publikum farvel.

Vellukka Olsokdagar
Olsokdagane i Fyresdal starta på fredag, med opningstale av ordføraren og konsert med Monika Nordli og Steinar Albrigtsen utanfor Meieriet Pub og Pizza. Vêret vart som bestilt, og laurdag ettermiddag var kulturkonsulent Hilde Martini Momrak storfornøgd med korleis dagane hadde gått føre seg så langt.
– Olsokdagane har vore kjempevellukka. Opninga med Steinar Albrigtsen og Monika Nordli var fantastisk bra, det historiske vandrespelet var supert og opninga av galleri Merleyn trakk 200 besøkande. I tillegg har jo regnet halde seg vekk, så dette er stor suksess, smilte ein tydeleg fornøgd kulturkonsulent.


Artikkelen er publisert 31/07-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten