|
Torsdag 20/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ugreie om massetak
 Stridens kjerne: Massetaket Kolås i Kostveit i Vinje skal no avsluttast, men det er strid om korleis dette skal bli gjort.
|
Avslutninga av eit massetak i Kostveit har ført til gnissingar mellom politikarane i planutvalet og planadministrasjonen i Vinje kommune.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
I 2001 vedtok politikarane i Vinje ein reguleringsplan for eit massetak på Kolås i Kostveit. Firmaet Vinje entreprenørservice skulle drive massetaket. Det blei vedteke ein driftsplan der ein også la føringar for korleis taket skal avsluttast og pussast opp att, slik vanleg praksis er.
Uttaket skulle vore avslutta innan 2011, i fylgje den opphavlege planen. Mellom 2001 og 2011 har det vore fleire synfaringar der sakshandsamarane frå planadministrasjonen har vore med entreprenøren og godkjent at det har blitt tatt ut masse utanfor reguleringsgrensa. I 2007 var også ein representant frå Bergvesenet (no Direktoratet for mineralforvaltning) med på synfaring. Entreprenøren fekk då godkjent å ta ut fjell utanfor reguleringsgrensa i retning mot Rui, og å avslutte på ein annan måte enn den opphavlege planen. På to synfaringar i 2011 blei administrasjonen i kommunen og Vinje entreprenørservice samde om ei avslutning av massetaket som er noko annleis enn planen godkjent i 2001. Mellom anna gjekk ein vekk frå kravet om at ingen skråningar skal ha meir enn 45 grader stigning, og ein stad vil det bli ståande att ein bratt vegg.
Føler seg overkøyrde
29. mai i år var planutvalet på synfaring i massetaket for å sjå kva endringar som var gjort. I planutvalsmøtet dagen etter vedtok dei å be om at det ikkje skulle takast ut meir masse før saka var handsama på nytt, og at entreprenøren skulle koma med ein ny avslutningsplan som var i tråd med den opphavlege driftsplanen. Det fekk entreprenøren til å reagere, sidan dette vedtaket var i strid med avtala han hadde med kommunens representantar om avslutninga.
Dagen etter sender ein av sakshandsamarane ein e-post til entreprenøren med beskjed om at dei kan «knølrenske solen og rydde opp», som ein del av avslutninga.
Denne e-posten er noko av det planutvalet med leiar Tone Edland (Sp) i spissen har reagert på. Dei meiner e-posten går imot det dei vedtok, og kjenner seg overkøyrde av administrasjonen, som igjen seier det ikkje var meininga å overstyre nokon.
Planutvalet reagerer også på endringane i driftsplanen. Dei meiner administrasjonen har brote med eit politisk vedtak, ved å godkjenne drift som ikkje var i tråd med driftsplanen for massetaket, utan at planen kom opp att til politisk behandling.
– Faglege råd til grunn
Administrasjonen og rådmannen skriv i sakspapira til planutvalsmøtet 20. juni at dei seier seg leie for at planen ikkje kom opp att på politikaranes bord.
– Skulle det vore oppe att til politisk handsaming, måtte det vore oppe for fem år sidan, då me godkjente endringane ut frå råda frå Bergverket, seier plansjef Jan Myrekrok.
– Kvifor var ikkje planendringane innom politikarane?
– Det blei ikkje sett på som så kontroversielt å endre planen ut frå faglege råd frå Bergmeisteren, seier Myrekrok.
Vil stå på sitt
I møtet før sommaren viste planutvalsmedlemma at dei reagerte på måten planane hadde blitt endra på. Det blei opplyst om at det var driftstekniske årsaker til at det hadde blitt skote ut og drive på ein annan måte enn driftsplanen tilseier. Politikarane ville likevel hatt planen på bordet att før endringane blei vedtekne.
– Dette er fyrste brotet av denne storleiken som blir avslutta i kommunen her. Korleis me løyser dette, vil vera avgjerande for korleis avslutta massetak vil sjå ut i kommunen framover, uttala Nils Vågslid (H) i møtet.
– Me må setje ned foten og forlange at entreprenøren fylgjer planen slik han er vedteken, meinte Øystein Høgetveit (SV), og fekk støtte frå alle dei andre medlemma.
Leiar Tone Edland (Sp) meinte signaleffekten var viktig:
– Dette må gje signal om at me faktisk fylgjer opp – dette handlar om å stå på det vedtaket me gjorde.
Planutvalet vedtok dermed at planen frå 2001 skulle gjelde og at ingen skråningar skal ha meir enn 45 grader stigning.
Fryktar skifteretten
Det har fått entreprenøren til å reagere. Vinje entreprenørservice har samarbeidd tett med planavdelinga i kommunen, og endringane skal vera gjort ut frå faglege vurderingar. Å pusse opp området i tråd med den opphavlege planen, mellom anna å fylle att slik at ingen skråningar blir på over 45 grader, vil koste svært mykje pengar og kan kome til å sende firmaet til skifteretten. Entreprenøren bed difor om at vedtaket blir omgjort når utvalet møtest att til hausten.
Plansjef Jan Myrekrok fortel at dei no er samde med Vinje entreprenørservice om at dei innstiller aktiviteten i Kolås i sommar, og at selskapet skal sende ei orientering om dei økonomiske verknadene av planutvalets vedtak.
Rådmannen vil ha eit møte med planadministrasjonen når alle er tilbake frå ferie, for å gå gjennom saka.
Artikkelen er publisert 31/07-2012
|
Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen

|