Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Autovern – falsk tryggleik?


Maurangrep: Her har stokkmauren forsynt seg grovt. Denne stolpen i Skafsåberget er no skifta ut.

Fleire vegstrekningar har autovern som ikkje lenger er kva dei var. Mange stader er stolpane rotne og sjølve autovernet har sige og står ikkje stort høgare enn vegbana. Ein kan knapt rekne autovernet som eit vern mot utforkøyring. Vegvesenet opplyser at det er trafikkmengda og kor viktig vegstrekninga er som er avgjerande for utskiftingar og fornyingar. Dermed kjem vegstubbar som til dømes Storåslidvegen mellom Grimdalen og Skafså kyrkje i Tokke i bakleksa.




Mange stader har det blitt skifta ut fleire stolpar som stør autovernet. Skafsåberget i Tokke er ein slik stad. Men er det slik at stolpane som ofte ser solide ut, verkeleg er det?
Når ein kjem nærare stolpane er det tydeleg at ikkje alt er så bra som det kan sjå ut til. Etter å ha observert ein stolpe ei lita stund, ser ein at det kryp maur ut og inn i stolpen. Eit lett spark i stolpen er nok til at han nærast drys frå kvarandre og maurane pilar til alle kantar. Mange av stolpane har også fått hard medfart gjennom vintrar der brøytebilane har lagt plogen inntil stolpane og gjort dei svakare. Dermed er det på sin plass å spørje kva kriteria som blir lagt til grunn ved utskiftingar av stolpar.
Er det alderen på stolpane, eller er det augesynet til dei som fartar rundt og vurderar stolpane som avgjer levetida? Kan det vere tilfeldig om stolpane blir skifta, eller rettare sagt; kan det vere tilfeldig om det blir oppdaga at stolpane ikkje held mål? Er det økonomien som avgjer kor mange stolpar som blir bytta ut, eller er tryggleiken i førarsetet? Skal autovernet ha ein vinkel på nitti grader i høve til vegbanen, eller er det greitt at autovernet hellar utover? Og kva med grunnen der stolpane står?

Viktige vegar fyrst
– Me prioriterer etter kor viktige og trafikkerte vegane er. E134 blir sjølvsagt høgst prioritert med den store trafikkmengda. Elles har me i blant eigne prosjekt der enkelte strekningar blir prioriterte. Men eg kjenner til at det er mykje dårleg rundt om kring, både når det gjeld stolpar og sjølve autovernet, seier senioringeniør John Holskar Nilsen i Statens vegvesen.
Han opplyser at det ikkje er slik at kvar enkelt stolpe blir inspisert, eller at det er alderen på stolpane som er avgjerande for om dei blir skifta ut eller ei.
– Som eg har sagt tidlegare er det trafikkmengde og kor viktig vegen er som er avgjerande. Trafikktryggleik og økonomi spelar også ei rolle sjølvsagt. Om underentreprenøren ser ein stolpe som er tvers av, skal han sjølvsagt skiftast uansett kva veg det gjeld. Det skal vere automatikk i at stolpar og autovern blir bytta eller retta på ved trafikkuhell som skadar autovernet, slår Holskar Nilsen fast.
– Det er også viktig å hugse på at det er snakk om titusentals stolpar, legg han til.
Til informasjon er stolpen i Skafsåberget, som var full av stokkmaur, skifta ut.


Artikkelen er publisert 31/07-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk