Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Hyttefolket har krav på omsorgstenester


Eit spørsmål om ressursar: Alv Dag Brandal er spent på korleis behovet for heimeteneste til hyttefolk vil bli i framtida.

Alv Dag Brandal, sjef for heimetenestene i Vinje, seier at dette kravet ikkje er noko problem i dag. Om nokre år derimot, kan det bli eit ressurskrevjande arbeid.




Norsk lovverk seier at alle hyttekommunar har plikt til å tilby hyttefolket sitt gratis omsorgsteneste. I dag har Vinje kommune rundt 3700 innbyggjarar. Talet på hytter og fritidseigedomar er 5000. Dette talet kan gjera kravet om hyttesjukepleie om til eit stort spørsmål om ressursar. Sjef for heimetenestene i Vinje, Alv Dag Brandal, ser ikkje på saka som eit problem endå.
– Dei siste tre åra har vi hatt tre eller fire slike spørsmål i året. I år var det berre ein som kontakta oss i påskeferien. Det er som oftast enkle ting dei treng hjelp til, som til dømes å ta på seg støttestrømper. Difor handterer vi enkelt og greitt desse sakene innanfor ressursane vi har, seier Brandal.
Noreg og Sverige står i dag utan finansieringsmodell i samsvar med kravet om hyttesjukepleie. Danmark derimot har ei ordning der heimkommunane til hyttebuarane sjølve finansierar omsorga dei treng. Agderforskning anbefalar også Noreg å innføre denne finanseringsmodellen.

Langt fleire pleietrengande om nokre år
– Det er to store spørsmål som reiser seg rundt denne saka. Det eine er finansieringa, og det andre er kor vidt dei som har hytter langt frå sivilisasjon og utan ordentleg vegsamband kan vente seg heimesjukepleie fire gonger dagleg. Lovverket seier ja, det kan dei, seier Brandal. Han ser for seg at det kan bli ei stor utfordring å ha nok arbeidarar til å hjelpe alle dei hytteeigarane som nokre år fram i tid vil bli pleietrengande.
– Dei som no nærmar seg femti og seksti er hovudgruppa som vil trenge hjelp om nokre år. Det er då i hovudsak snakk om livsstilssjukdomar, seier Brandal.

Politisk spørsmål
Eit viktig spørsmål å drøfte, er kvar pengane skal kome frå. Om skattebetalarane i Vinje skal syte for gratis omsorgsteneste for hyttefolket. Brandal meiner eigedomsskatt er ein god måte å unngå nettopp det.
– Dersom Vinje kommune hadde innført eigedomsskatt på hytter, hadde spørsmålet om finansiering blitt eit heilt anna. Så langt seier politikarane nei, men dersom behovet for hyttesjukepleie stig mykje framover, er det i alle fall ei veldig god løysing på problemet, avsluttar Brandal.


Artikkelen er publisert 28/07-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk