Onsdag
19/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Endringar i verktøykassa


Forklare: – Ei viktig rolle for avisa er å kunne forklare byråkratspråket, å forklare kva det som blir vedteke tyder for folk, seier redaktør av Vest-Telemark blad, Knut Espelid.

For redaksjonelle medarbeidarar i avisene er ordboka verktøykassa. Frå 1. august i år blir den nynorske verktøykassa endra – eller reformert, som det heiter på fagspråket.




Om ei knapp veke brakar det laust. Eller – det er vel kanskje å ta litt hardt i når me snakkar om at den nye nynorske rettskrivinga blir innført. Eit spenningsmoment blir om Vest-Telemark blad då blir attkjennande i det heile, eller om det blir mogeleg å forstå tekstene. For å førebu lesarane på den store, eller rettare sagt ørvesle, omveltninga, bed me redaktør Knut Espelid seie noko om språkbruken i spaltene, om avisa som språkleg normaktør, og kva endringar nynorskreformen vil innebera.

Rettskriving
– Kva kjenneteiknar skriftspråket som Vest-Telemark blad nyttar?
– I alt det vesentlege gjeld rettskrivinga, slår redaktøren kort fast.
Med omgrepet rettskrivinga meiner han alt som står i ordbøkene, også klammeformer. Desse er tillatt å bruke for alle som ikkje skriv lærebøker eller arbeider i statstenesta, og redaktøren fortel at medarbeidarane i avisa hittil har kunna nytta heile ord- og formtilfanget som står oppført i ordlistene.
Men no er klammeformene, eller sideformene, borte.
– No er det ikkje lenger noko skilnad mellom læreboknormal og rettskriving, det er den største endringa med reforma, konkluderer Espelid.

Små endringar
– Kva konsekvensar vil innføringa av den nye rettskrivinga få for språket i avisa, og korleis vil lesarane merke endringane?
– Det blir nesten ingen forskjell. Ein del valfrie former er det framleis, og den kløyvde infinitiv blei ikkje teken vekk. Derimot er alle i-former ute, som til dømes soli, men dei brukar ikkje Vest-Telemark blad likevel, i alle fall ikkje i vanlege artiklar. Sjølv om det i enkelte tilfelle passar å bruke meir dialekttilnærma former, svarar han.
– Vil det vera former som verkar unaturlege i høve til Vest-Telemark-dialekten som avisa no blir tvinga å bruke?
– Det gjeld bare enkeltord, slik som står og går, i staden for stend og gjeng, eksemplifiserer bladstyraren.

Språkleg normaktør
– Avisene blir gjerne omtala som språklege normaktørar. Kva rolle har Vest-Telemark blad i språklandskapet?
– Me er i alle fall med i den store nynorsk-korpusen til Universitetet i Oslo. Det er alltid litt farleg å seie at me skal vera ei rettesnor eller eit føredøme. Det skal godt gjerast når ein tenkjer på at det er så mange forskjellige som skriv. Språket vil variere frå den eine til den andre. Men det som er ei viktig rolle for oss er å kunne forklare byråkratspråket. Offentlege instansar har mange gonger eit kronglete språk, særleg i saksutgreiingar og slikt. Å kunne forklare kva det som blir vedteke tyder for folk, der har avisa ei språkleg oppgåve. Men å greie å påverke sakshandsamarane i kommunane til å skrive betre, det skal vel litt til, smiler bladmannen.
– At mange menneske les veldig lite nynorsk, er ei kjennsgjerning. For mange menneske i Vest-Telemark er truleg lokalavisa hovudkjelda av nynorsktilfanget. Kjenner du eit ansvar i så måte?
– Då vil eg låne ei uttale av Kristian Ihle Hanto (leiar i Noregs Mållag 1991–1993, journ.mrk.): «Målet er å skrive eit nynorsk som er så lettfatteleg at til og med ihuga riksmålsfolk ikkje tenkjer på at dei les nynorsk.»

Sivil ulynad
– Vest-Telemark er språkleg kløyvd. I sørlege delar har dei e-mål i verb, og resten av Vest-Telemark har kløyvd infinitiv (sjå faktaboks) i dialekten. Det same har me i eit slikt enkeltord som bare og berre. I Vinje, Rauland og enkelte andre delar av Vest-Telemark seier dei berre. Elles brukar ein forma bare i talespråket. I den nye rettskrivinga er bare ute; det er eg ikkje sikker på at eg vil rette meg etter når eg skriv, vedgår Knut Espelid.
Han har lese seg fram til at talordet tri med i også er ute av ordboka.
– Det er kanskje ikkje det største nederlaget for det skriftlege språket i Vest-Telemark. Tre er truleg enklare å lesa for folk som ikkje kjenner Vest-Telemark-dialekten, seier han.
Men det bladstyraren ikkje har funne ut av, og er skikkeleg spent på, er om det framleis blir lov å skrive å bli, blei, eller om einaste tillatne forma blir å verta, vart.
– Då hadde eg kome til å protestert!
Me kontaktar Språkrådet, og det viser seg at redaktøren, og alle andre språknerdar, bare kan ta det med ro. For ein kan framleis skrive både bli, blir, blei, har blitt og verta, vert, vart, har vorte. I tillegg minner rådgjevar Astrid Marie Grov i Språkrådet om ein tredje moglegheit; å bli, blir, vart, har vorte. Denne forma er tillaten innanfor gjeldande rettskriving og vil framleis bli det i den nye. Då vil i tillegg ein siste variant også bli innført; å bli, blir, vart, har blitt.
Gledeleg valfridom for somme kanskje, totalforvirring for andre, spør du oss.

Nynorsk rettskriving
* 1901 – Den fyrste offisielle rettskrivinga for nynorsk, bygt på normalen til Ivar Aasen.
* 1917-rettskrivinga og 1938-rettskrivinga (båe også for bokmål).
* Læreboknormalen av 1959 (også for bokmål).
* I fyrste halvdelen av førre hundreåret var tilnærming mellom nynorsk og bokmål eit viktig mål for den offentlege språkpolitikken. Den siste store reforma som var sams for nynorsk og bokmål var i 1959.
* Sidan den tid har det bare vore nokre mindre endringar i nynorskrettskrivinga.
* I 1917 vart skiljet mellom hovudformer og sideformer innført. Hovudformene har vore obligatoriske i lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen, medan skuleelevar har kunna bruka sideformer.
* Skiljet mellom hovud- og sideformer er oppheva, og alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke (klammeformer) og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta (læreboknormalen).
* Ein del former er tekne ut av rettskrivinga. Mellom anna heiter det ikkje lenger hange, berre henge, ikkje bare, berre berre, ikkje tri, berre tre, ikkje romet, berre rommet, ikkje tome, berre tomme, ikkje gjenge, berre gått, samt at objektsforma honom går ut. Det same gjer i-målet (fjelli, har sovi).
* Kløyvd infinitiv vil seie at verba har ulik infinitivsending fordi strukturen i eldre språk gjer at dei har utvikla seg ulikt, slik at ein i same tekst kan bruke å skrive og å lesa.
(Kjelde: www.sprakradet.no)

Artikkelen er publisert 26/07-2012

Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga