Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Over femti tusen måltid


Fin arbeidsplass: Institusjonskokk Kari Hildur Lie (t.v.) og assistent Sabine Buttler har ein travel kvardag, men det går ikkje ut over trivselen.

I fjor blei det stelt til heile 50.730 måltid ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter. Ein god del fleire heimebuande enn før bed om å få tilkøyrd middag. Det er ei oppgåve nokre pensjonistar med glede utfører på dugnad.




Dei siste åra har det vore formidabel auke i talet på måltid som blir laga ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS). Auken kjem mykje av at ein del fleire eldre heimebuande no nyttar seg av middagstilbodet dei får tilkøyrd.
Tek ein med all serveringa som skjer til brukarane av POS, kom talet opp i heile 50.730 måltid i fjor.
– Me har det gørrtravelt, men alt ting går, kjem det med eit smil frå institusjonskokk Kari Hildur Lie.

Dugnad med glede
Plutseleg dukkar Inge Homme opp ved inngangsdøra til kjøkkenet. I halvtanna år til saman har han hjelpt med å køyre rundt middagar til eldre i kommunen. No er han klar for ny tur på totalt 50 kilometer. Eldre i sentrum og fleire av grendene ventar på utkøyringa av måltid som skjer fem dagar i veka. Fem pensjonistar har kvar si veke for å hjelpe med leveringa. Dei får ikkje betalt, men får kilometergodtgjering.
– Det er heilt greitt, seier Homme om den morosame dugnadsjobben.
– Eg føler det er nok betaling å sjå alle dei blide eldre når me kjem med middagar. Men me skulle hatt meir tid til å snakke med dei, for ein del er veldig pratesjuke, smiler Homme, før han byrjar på runden sin.
Lie har fått sendt av stad dei fyrste middagane, og så skal det gjerast klart til måltid som blir tatt med vidare av heimehjelpa eller heimesjukepleia. Ikkje alle måltid midt på dagen er like, og somme skal ha kaffi i tillegg til kake og desserten.
– Det er eit puslespel som liknar ingen ting. Nokon får middag ein gong i veka, andre to. Er det regnvêr hender det nokon ringjer og vil ha maten heim. Dei er jo eldre, seier Lie.
Ho har ikkje før sagt det så kjem det ein telefon. Ein person bed om å få maten heim denne regnvêrsdagen han eigentleg hadde tenkt å møtt på senteret. Sjølvsagt let ynsket seg ordne.

Opptil 50 middagar
Det er ikkje bare brukarane av POS som får servert middag der, men også eldre i kommunale bustader. Vidare høver det at pårørande og eldre busett rundt i kommunen stikk innom og nyttar tilbodet.
– Det er ikkje restriksjonar på kven som kan innom og ete her. Men dette er ikkje nokon kafé, og me ynskjer ikkje å gå i næringa til andre som driv med slikt, seier Lie, og legg til at det ikkje er anna enn dagens middag å få på POS.
– Kan eg også ete her?
– Ja, bare du ringjer dagen føre. Men ein eller to middagar kan me nok ta på sparket, svarar Lie.
På det meste har det blitt laga 50 middagar dagleg.
– Det er ikkje middagane som er største arbeidet, det er vaskinga, seier Lie.
For seks veker av gongen blir det laga til menyoppsett, og nokre av middagane gjentek seg i denne perioden. Annankvar dag er det fisk og kjøt, og på laurdagane er det alltid graut.

Tri timar føre
Nokre menyar krev meir arbeid enn andre, og blir derfor ofte laga til når dei er tri tilsette på kjøkkenet. Stort sett er det to og tri personar som utfører oppgåvene, men i ein toårsperiode som no er avslutta var det også med ein lærling.
– Det var utruleg god hjelp, seier Lie.
Ho byrjar på middagslaginga klokka 8.30, og fyrste måltidet blir henta tri timar seinare. Klokka 12.30 blir middagsopplegget med kake og dessert ført opp til matsalen på POS. Brukarane som ikkje har høve til å møte der, får ikkje lenge etterpå servert maten på roma.
Lie skryter av det gode miljøet på kjøkkenet, sjølv i travle tider.
– Visst trivst eg her. Eg er veldig stolt av arbeidsplassen min. Eg er eigentleg glad i heile huset, det er ein flott plass, konkluderer Lie om Fyresdal pleie- og omsorgssenter.


Artikkelen er publisert 26/07-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk