|
Sundag 26/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Grov fyrst – spurde ikkje no heller
 Tek seg til rette: Grunneigar Ove Kjell Huvestad opplevde at det blei grave ned fiberbreiband på grunnen hans utan at han blei kontakta. – Det er måten Telenor tek seg til rette på som gjer meg oppgjeven, seier han.
|
Tidlegare var slagordet til Telenor; spør først, grav siden. – Slik er det tydelegvis ikkje lenger, seier grunneigar Ove Kjell Huvestad på Dalen.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
Laurdag skreiv VTB om at det blei sett i gang graving for å leggje fiberbreiband på tomta til Dalen mekaniske på Dalen, utan at grunneigaren hadde blitt spurd. Både utbyggjar Telenor og tele- og elektrofirmaet Sønnico, som står for den praktiske delen av utbygginga, beklaga glippen. No viser det seg at fleire grunneigarar i Tokke ikkje har blitt spurd eller informert om gravearbeid som er gjort.
– Ikkje eit pip
– Eg har ikkje høyrt eit pip verken frå Telenor eller Tokke kommune om at dei skulle leggje fiberbreiband på grunnen min. No er det grave ned om lag 200 meter røyr til å føre fiberbreibandet gjennom, og eit koplingsskåp på eigedomen min. Det er ein merkeleg framgangsmåte, sukkar Huvestad.
Han samanliknar litt med korleis Vest-Telemark kraftlag gjekk fram då dei skulle strekkje ny høgspentkabel på grunnen hans, og meiner Telenor har alt å lære.
– Då blei eg fyrst kontakta munnleg før eg fekk ei skrifteleg avtale i posten med eit kart som viste kvar kabelen skulle gå. Det er slik det må vere, ikkje som no at Telenor berre tek seg til rette. Eg blir både forbanna og forundra, men aller mest oppgjeven, seier grunneigaren.
Han undrar seg også over at Telenor har lagt fiberbreibandet i same grøfta som det går vassleidningar.
– Skulle det oppstå lekkasjar i vassleidningen, som blei lagt for om lag 30 år sidan, blir det straks problematisk. Eg undrar på om kommunen er klar over dette, seier Huvestad, som ikkje trur han hadde sagt nei til fiberbreibandet om Telenor berre hadde spurd.
Burde vore unødvendig
– Eg føler meg både oppgjeven og fortvila når eg no får høyre om nok eit tilfelle der me opplever at me har grave utan at grunneigar er kontakta. Det er ikkje slik me ynskjer å framstå, og dette betyr at me må gå gjennom rutinane våre. Telenor har det overordna ansvaret for at alt skal vere i orden, og eg har stor forståing for at grunneigaren er oppgjeven. Rutinane våre er klinkande klare så denne nye glippen burde vore fullstendig unødvendig, seier informasjonssjef Knut Sollid i Telenor.
– Hadde me som privatpersonar tura fram på dette viset, hadde me truleg blitt bura inne, slår Huvestad fast.
Artikkelen er publisert 19/07-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|