Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Telesenteret er til sals


Til sals: Telesenteret i Seljord blir i august lagt ut for sal.

Telesenteret i Seljord blir lagt ut for sal. Pris: 27 millionar kroner.




Det er Søndre Viken AS i Vestfold som sidan 2003 har eigd Telesenteret i Seljord. No stadfestar styreleiar i Telesenteret AS, Herleif Bergh-Nilsen, at det kan kome nye eigarar av senteret.
– Det er rett at me vurderer sal, seier Bergh-Nilsen til VTB.
– Kvifor?
– Kvifor ikkje? Slik er det. Me kjøper og sel, seier ein blid, men ordknapp styreleiar.
I den nye kommunedelplanen for Seljord sentrum opnar kommunen for handel ned mot E 134. Bergh-Nilsen avviser ikkje at dette har hatt innverknad for avgjerda om å selje. Men styreleiaren understrekar at dei ikkje vil selje for kva pris som helst.
– Elles vil eg ynskje seljordingane ein god sommar med festivalane. Dei har vore flinke til å få det til i Seljord, seier han.

Greitt objekt
DNB Nor i Skien står for salet. Eigedomsmeklar Ola Larsen seier Telesenteret vil bli lagt ut for sal kring 10. august. Prisen er sett til 27 millionar kroner.
– Telesenteret bør vere eit greitt objekt å selje. Det er bra utleigd med berre eitt ledig lokale. Dei årlege leigeinntektene er på 2,5 millionar kroner. Frå 2013 aukar dei til 2,7 millionar kroner, seier Larsen, som trur senteret også kan interessere folk utanfor kommunen, i tillegg til lokale.


Artikkelen er publisert 19/07-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk