|
Torsdag 20/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Campar i nabobygda
 Nærcamping: Frå venstre: Arve Grinaker, Anders Tørre Grinaker, så tri campingvener frå Vestfold, Magnus Tørre Grinaker, Laila Vaa, Tor Arne Råmunddal og Kristin Tørre Grinaker. Bak: Bjørg Kaasa og Kjell Arne Verpe.
|
Alle fér ikkje like langt for å finne ferieparadiset sitt. Somme reiser bare ende over kommunegrensa. På Kilen feriesenter i Kviteseid held ein heil koloni seljordingar til.
Anne Sofie Tresland anne.tresland@vtb.no
Somme leitar verda rundt for å finne den ultimate ferieperla. Andre finn henne så å seie rett utanfor stovedøra. Seljordingane i campingvognene dei har ståande på Kilen ferieland har ingen skruplar med å feriere i Kviteseid.
– Dei er heldige som har ei slik perle, slår Arve Grinaker generøst fast.
Han og familen har campa i Kilen fem eller seks år. Dei brukar vogna både i helgar og feriar – uansett vêr.
– Eg synest det er veldig ålreit her, skyt kona Kristin Tørre Grinaker inn.
Godt samhald
Det same synest visst sønene Andrers (11 år) og Magnus (14 år). Om sommaren tek dei fast morgonbad frå bryggja, uavhengig av sol, vind eller regn. Badet er gjennomført i dag også, saman med kameratar frå Stokke.
– Det er eit veldig godt samhald blant ungane her, kommenterer far Arve.
Det er midt på dagen sundag. Anders har alt rokke to bad og er meir enn klar for det tredje. Me spør forsiktig om vasstemperaturen.
– Til morgonen i dag var det passe, men i stad var det varmt, er hans vurdering av badetilhøva.
Han og bror Magnus, saman med mor Kristin, tilbringar mykje tid i Kilen om sommaren. Far Arve har ikkje så mykje ferie om sommaren; jobben hans er nemleg å transportere iskrem.
– Jolenissen kan ikkje ta fri joleftan, veit du, legg han forklarande til.
Dessutan er ikkje Arve fullt så roleg og avslappa som dei fleste andre camparane me snakka med, som ikkje har vanskar med å nyte late dagar.
– Viss eg er her meir enn to dagar, må eg fiske, vedgår han.
– Har så familen ingen andre planar for ferien?
– Jau, mest truleg blir det ein tur til Legoland i Danmark. Og i løpet av perioden september til mars blir det nok minst ein sydentur, seier Kristin.
For lite sol
Den glade gjengen spøker og ler. Og så kraunar dei litt over kor lite sola har synt seg i sommar.
– Viss dette dritvêret held fram, skal eg òg ta meg ein sydentur, slår Bjørg Kåsa fast.
Ho er inne i periode nummer to som gjest på Kilen feriesenter.
– Fyrst var eg her i tri år, så hadde eg opphald nokre år, og nå har me vore her i tri år att. Det er veldig lettvint, då, seier ho og siktar til den korte avstanden heimefrå.
Der somme av camparane ikkje vører vêret, har Bjørg ei anna haldning.
– Eg er her bare når det er godvêr. Men ofte er det finare her enn heime, har ho erfart.
– Ja, men me er jo ved kysten, då, repliserer Tor Arne Råmunddal.
Han er ein erfaren Kilen-campar. Familen har hatt vogn der sidan 2005. Dei er der heile året – i desember og januar like fullt som midtsommars. Seljordfamilien trivst veldig godt i ferieparadiset sitt, og fortel at det gjer barnebarna også.
Medan kona Turid skal ha seg ein ferietur til Hellas, skal Tor Arne bare vera på playaen ved Flåvatn.
– Det er så fint i Kilen. Her skjer det ingen verdens ting, ler han og lener seg bakover i stolen til han når ein nær liggjande posisjon.
Konformitet
Heile gjengen samlar seg på plattingen til Laila Vaa som er i Kilen på fjerde året. Både ho og dottera Heidi trivst veldig godt på feriestaden sin.
– Når det ikkje er lengre å køyre, så brukar ein det meir. Og så er det så fint her i påska også, legg ho til.
For det er i påska sesongen startar for henne. Om vinteren brukar ho å vera på tri månadars langtidsferie i Arguinegín på Gran Canaria.
Den lystige gjengen seljordingar fortel litt om erfaringar frå campinglivet. Det er visstnok typisk å herme etter kvararandre.
– Viss ein har kjøpt flagg og set opp, har snart heile rekkja av vogner flagg, fortel Laila smilande.
– Og når nokon byrja å setje opp hagelanterner, putra det snart opp alle stader. Det same skjedde når dei fyrste partytelta kom opp på plattingane, utfyller Tor Arne.
Og camparane me snakkar med konkluderer nøgde:
– Her har me mange å drikke kaffi med, og ungane har noko å gjera heile tida.
Artikkelen er publisert 19/07-2012
|
Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen

|