Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Smørbukk og pris til Vrådal


Avduka Smørbukk: Til stor begeistring frå publikum avduka Tone Jorunn Tveito den nye bronsestatuen av Solveig Muren Sandens Smørbukk.

Historias fyrste Vrådalsdag blei ein innhaldsrik dag for bygda. I tillegg til å få sin eigen Smørbukk-statue, blei også bygda heidra med Telemark fylkeskommunes tettstadpris.




Kvart år deler Telemark fylkeskommune ut Tettstadprisen til den bygda, grenda, bydelen eller byen som har gjort noko spesielt for å lyfte staden. I år var ikkje juryen i tvil. Vrådal var ein svært verdig prisvinnar, ifølge utdelar Lise Wiik.

Avduka statuen
– Fylkeskommunens tettstadpris går i år til Vrådal som har vist eit stort lokalt engasjement og oppfylt kriteria for prisen 100 prosent. Dei har fått til mykje og har mellom anna skapt gode sosiale møteplassar i bygda som er til glede for alle Vrådals innbyggjarar, sa leiar for hovudutvalet for næringsutvikling, Lise Wiik, frå talarstolen.
Overraskinga fekk spontan jubel frå publikum som akkurat hadde sett den nye bronsestatuen av Smørbukk bli avduka. Avdukinga sytte Tone Jorunn Tveito for, og ho hadde med seg dei lokale medhjelparane Sondre Johan Straand, Halvor Brenne og Knut Straand Åsen til å lyfte presenningen av Smørbukk. Både bilethoggar Trygve Barstad frå Flatdal som har stått bak utforminga av den nye bronsestatuen og teiknaren av sjølve figuren, Solveig Muren Sanden, var på plass i amfiet i Vrådal og var tydeleg stolte av den nye attraksjonen. 94-åringen verka å vere godt fornøgd med sin kjære figur utsmykka i bronse, sjølv om Trygve Barstad røpte frå scena at dei to hadde vore ueinige under prosessen.
– Eg ville helst ha han litt tjukkare og stuttare, medan Solveig ikkje ynskte at han skulle vere så tjukk og heller ville ha han litt lengre, humra han.
Både sluttresultatet og dagen var uansett Muren Sanden svært godt fornøgd med.
– Statuen har blitt kjempefin, det same har dagen, smiler ho.

Spelebrett
Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, synest det var stor stas å vere til stades på Vrådalsdagen.
– Denne dagen har eg gleda meg til lenge. No har me sjansen til å vise kor fint det har blitt i Vrådal sentrum, med den nye miljøgata og det flotte amfiet. Det har blitt eit flott spelebrett som me håpar blir mykje brukt. Slike møteplassar er veldig viktige, og det å skape slike er målet med heile prosjektet, seier ordføraren.
I løpet av historias fyrste Vrådalsdag skjedde det mykje spennande for både store og små i sentrum. Dagen blei innleia med gateløp og kanokonkurranse for barn og vaksne, det var marknadsstemning i sentrum med mange bodar som mellom anna selde tradisjonsmat før kulturprogrammet frå amfiscena tok til på ettermiddagen. Frå scena fekk det store publikummet mellom anna oppleve song frå artisten Anne Gravir Klykken og bygderevy frå Kviteseid teatergruppe.
Både konferansier Tom Gulliksen og initiativtakar for sjølve dagen, Jon Ingebretsen, var storfornøgde med historias fyrste Vrådalsdag.
– Folk kosar seg i Vrådal i dag, og det er triveleg å sjå. Det er moro å ha fått til ein slik dag her i bygda, seier ein tydeleg fornøgd Ingebretsen.
Skiensmannen Tom Gulliksen har erfaring frå slike dagar rundt om i heile landet og var henta inn som konferansier for dagen. Han synest Vrådal markerte seg spesielt positivt.
– Eg merkar at dess lengre eg kjem vekk frå hovudstaden, dess betre stemning er det. Vrådølane set verkeleg pris på ein dag som denne, og det er mykje hyggelegare å vere konferansier på ein stad som Vrådal enn i ein by, meiner Gulliksen.

Pengar og kumlokk
Sjølve tettstadprisen som tidlegare både Seljord (to gonger), Kviteseid, Nissedal og Folkestadbyen i Fyresdal har motteke, er eit spesiallaga kumlokk frå Ulefos Jernværk og ein gåvesjekk på 50.000 kroner som er øyremerka til vidareutvikling av området.
Fylkespolitiker Lise Wiik synest det var svært hyggeleg å overrekkje prisen til Vrådal, og meinte bygda verkeleg var ein verdig vinnar.
– Her har dei skapt gode møteplassar som er forankra i staden og bygdas eigen kultur. Det nye amfiet har blant anna blitt veldig flott og glir rett inn i terrenget. No håpar eg vrådølane kan utvikle staden endå meir, og ser nye utviklingsmoglegheiter, seier Wiik.


Artikkelen er publisert 17/07-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk