Torsdag
20/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Olavs menn henta brynestein


Spesielt: Her er vikingskipet med Olavs menn om bord i ferde med å passere fjellformasjonen St. Olavs skip på Bandak. (Foto: Anders Kvåle Rue)

Fredag kom «Åsa», kopien av Osebergskipet, til kai på Dalen. Vikingskipet hadde Olavs menn om bord, og dei venlege vikingane var på Dalen for å ta med seg stein til York i England.




Osebergkopien sigla fort mot Dalen fredag. Faktisk sigla dei så fort at hjelpebåten som skulle fylgje dei frå Lårdal til Dalen ikkje klarte å halde fylgje.
– Skipet gjekk som ein draum og me gjorde godt over ti knop mange stader. Det var nesten så me blei i beit då me skulle leggje til kai på Dalen. Flytebryggja kom faretrugande for mot oss, og sidan me alt hadde teke ned råseglet måtte me bruke årene for å manøvrere oss mot kai. Det gjorde til at skipet ikkje var like lett å styre. Truleg var det ikkje noko vakkert syn då me klappa til kai, men det gjekk i alle fall bra med både mann og mus, smiler ein av Olavs menn, Halvor Kvåle Rue frå Flatdal.

150 kilo stein
Han kan fortelje at dei skal hente 150 kilo brynestein frå Eidsborg, som skal fraktast vidare til eit vikingmuseum i York, vikinghovudkvarteret framfor noko på dei britiske øyer.
Det er sandefjordmannen Per Bjørkum som eig «Åsa».
– Handlinga skjer for å markere at det er om lag tusen år sidan vikingane herja og brukte brynestein frå Eidsborg. Me skal frakte steinen frå Dalen med «Åsa» før han skal vidare om bord på eit skip som heiter «Gaya», som er ein kopi av Gokstadskipet. Me mønstrar også på «Gaya» som reiser over Nordsjøen i slutten av juli, og me gler oss som born til turen, fortel Halvor.
Gokstadskipet er Noregs største vikingskip frå rundt år 800. Originalen blei funnen rundt 1880 i Sandefjord. Skipet er 23,8 meter langt og 5,2 meter breitt.

Litt sjøvande
– Og de er sjøvande alle mann?
– «Gaya» har også noko høgare reling og det kan kome godt med om det skulle bli bylgjer på turen. Og ja, det er nokre av oss som har vore til Danmark før, skrattar Halvor.
– Men for å vere alvorleg ein augneblink så trur eg alle gler seg til turen, legg han til.
Turen over til øya lenger vest er rekna å ta ei knapp veke. Vikingane skal navigere etter GPS.
– Me får bruke notidas navigasjonssystem. Vikingane hadde dåtidas GPS vil eg tru, seier Halvor.

Ymse handelsmetodar
Anders Kvåle Rue er sjølve vikingkongen ombord på «Åsa». Han kan fortelje at dei har vore fleire som har hatt ansvaret for vikingskipet i vinter. Osebergkopien har nemleg overvintra på Norsjø.
– Me har i alle fall hatt tilsynet med skipet, og i vinter måtte me ha ein propell som surra og gjekk slik at skipet ikkje skulle fryse fast i isen, seier han.
Det er eit umåteleg staseleg skip, og ein kan nærast fornemme korleis folk på land følte det då det kom ein armada med kanskje 10–15 vikingskip i ulike storleikar mot land. Med barske vikingar som truleg både hoia og briska seg. Ein av taktikkane til vikingane var nok å skremme litt.
– Eg trur rykta om kvinnerov som vikingane har blitt skulda for er usanne, og i alle fall overdrivne. Men at ikkje alle var ærlege handelsmenn, er nok rett, meiner Anders.

Hest og stein
Tri hestar kløvja brynesteinen frå brotet i Eidsborg ned til Dalen. Sjølve overleveringa av steinen gjekk høgtideleg føre seg.
– Me kan nok slå fast at dette er fyrste gong det har vore vikingskip til Dalen. Tidlegare blei steinen rodd over vatna før ein omsider kom til Skida, eller Skien som me kjenner det. At vikingane brukte brynestein frå Eidsborg er ålment kjent. Både som handelsvare, reiskap og våpen. Og som ballast var det ei makelaus vare å ha med seg, fortel Dag Rorgemoen, museumsdirektør i Eidsborg.


Artikkelen er publisert 26/06-2012

Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen