|
Onsdag 19/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Skummande festival
 Høg stemning: Skumpartyet var eit populært innslag då unge frå heile Vest-Telemark var samla i Seljord laurdag.
|
Meir enn 100 unge frå Vest-Telemark dansa til diskorytmar i skummet i husdyrhallen på Dyrskuplassen i Seljord. Paintball og kunstprosjekt var andre aktivitetar på laurdagens minifestival.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Laurdagens minifestival i Seljord var det andre arrangementet i regi av den felles regionale ungdomsklubben i Vest-Telemark. Meir enn 100 ungdomar mellom 13 og 17 år frå alle dei seks kommunane var med på aktivitetar som kunstprosjekt, paintball og verdiquiz. Men for mange var skumpartyet i husdyrhallen på Dyrskuplassen det store høgdepunktet.
Oda Verpe Lauvås (13), Aslaug Marie Gunvaldjord Stormo (12), May Theres Haugen, Sander Johannesen Gunvaldjord (12), Levi Holt Bratland (13) og Anders Holt Bratland (12) var blant dei som hadde tatt turen frå Haukeli til Seljord.
– Korleis har dagen vore?
– Fantastisk! seier Anders, som trekkjer fram paintball i Kivledalen som høgdepunktet på Minifestivalen.
– Skumparty var skikkeleg gøy, men no er me litt leie. Det er irriterande å bli spruta på, seier gjengen.
– Eg er ikkje lei, understrekar Levi, som hastar inn att til dunkande diskorytmar og skum.
Mykje å hente på samarbeid
Bakgrunnen for prosjektet med felles ungdomsklubb er ynsket om at dei unge skal knyte kontaktar på tvers av kommunegrenser med sikte på å skape identitet og tilhøyre til heile Vest-Telemark.
– Det verkar som dei som er her har det allright. Me har prøva på noko nytt, og er sjølvsagt opne for endringsforslag, seier Gørild Bothner Kanstad i prosjektgruppa.
Det førebyggjande helseperspektivet er også viktig. Trygge, sosiale og rusfrie arenaer blir sett på som viktige i helsearbeidet for ungdom.
– Samarbeidet har også ein effekt for oss som jobbar med ungdom. Me har mykje å hente på å samarbeide, seier Bothner Kanstad og varslar nytt ungdomsarrangement i haust.
– Det kom litt færre enn førehandspåmeldinga tilsa. Men det heng nok saman med vêret, seier ho.
Draumefangar
På dagtid var det paintball i Kivledalen for ei gruppe unge. Andre samla seg i kunstlåven til prosjektet «Draumefangar». Biletkunstnar Janicke Schønning inviterte dei unge til å lage kunstverket med same namn som prosjektet. Det blei måla i ulike fargar på eit kjempestort ark på 18 gonger 3 meter. Dette blei på kvelden folda gjennom eit stillas utanfor kunstlåven. Her lever kunstverket sitt eige liv. Regn og vind vil forme kunstverket som står oppe ut denne månaden.
Schønning set pris på å arbeide med unge.
– Eg hadde sjølv sterke draumar då eg var ungdom. Nokon har eg fylgd, andre har eg måtta gje slepp på, seier kunstnaren til VTB.
– Draumefangaren skal vere ein slags skapning som gjer draumane synlege for oss. Når Draumefangaren er borte er det me sjølve som må velja kva for tankar og draumar me vil bere med oss vidare, seier Schønning.
Kviteseid kulturskule med rektor Eli Taugbøl var ansvarlege for denne aktiviteten på minifestivalen.
– Det er viktig å lage arenaer der ungdomane kan treffast og bli kjende med kvarandre før dei skal ut i den store verda, seier Taugbøl, og får støtte av dei unge sjølve.
Artikkelen er publisert 19/06-2012
|
Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga

|