Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Testa krefter i vått vêr


Klar, ferdig, gå: Det var vått vêr, men god stemning under krinsstemnet i Kviteseid som samla 52 deltakarar totalt. Laila Veslestaul (t.v.) frå Høydalsmo var einaste vaksne deltakar.

Skal me dømme ut frå oppmøtet på friidrettsbanen i Kviteseid laurdag, kan det vere ein ny vår for løp, hopp og kast i framtida.




Dei gjev seg ikkje, eldsjelene i friidrettsmiljøet i Kviteseid, Kåre Hafskjold og Arvid Syftestad. Laurdag stod dei i spissen for friidrettsstemnet på den nye banen utanfor fleirbrukshallen. Eit par-tri år sidan sist stemne har det blitt, men nå er den nye løpebanen, hoppegropa og kuleringen på plass. Laurdag kunne ein glad stemneleiar Syftetad og styreformann i friidrett og trimgruppa til Kviteseid IL, Kåre Hafskjold, ta i mot gjester til krinsstemne.
– Dette er det fyrste stemnet me arrangerer på ei stund, men med det oppmøtet her, trur eg me seier sikkert at det blir eit nytt stemne i månadsskiftet august/september. Det er kjempemoro at det kjem så mykje folk, smilte Syftestad nøgd, medan Hafskjold registrerte utøvarane som kom frå fleire delar av Vest-Telemark.

God hjelp
Eit friirdettsstemne gjer seg ikkje sjølv, og Hafskjold og Syftestad fekk god hjelp av atten funksjonærar frå idrettslaget.
– Det er vanskeleg å få tak i funsjonærar til friidrettsstemna. Dette er noko me har streva med tidlegare også. Men me er svært glad for at me fekk god hjelp i dag. Me er 20 personar som jobbar, og det må ein ha for at arrangementet skal gå som planlagt, seier Hafskjold.

Vått vêr
Duskregn, opphald og byger om kvarandre la ingen dempar på stemninga hos deltakarane, sysken, foreldre og besteforeldre. Heia-rop og jubel for fine prestasjonar blei sendt ut frå paraplyar eller regnvåte jakkehetter.
I tur og orden blei deltakarane kalla inn til løp, kast og hopp. Etterpå var det høve til å nyte noko godt frå kiosken.
– Her sel me ikkje pølser og brus, men oppdelt frukt, saft og kaffi, seier Syftestad og rosar dei to ungdomane som tok seg av denne oppgåva.

Meistringskjensle
To av deltakarane er klare for å springe 60-meteren.
– Vinn du i dag, spør me den eine.
– Tja, trur ikkje det. Det viktigaste for meg er å sjå kor fort eg klarer å springe, og om det er betre enn sist eg deltok på eit stemne, svarar ungguten.
Ved neste stasjon er det kast av liten ball. På lang rekkje står barna klare for å kaste langt, så langt dei bare kan. Her er alle med, og alle får ros for god innsats, noko som resulterer i stolte, breie smil hos deltakarane.

Bestemannspremie
På stemnet laurdag fekk alle rekruttane medalje for innsatsen, medan det blei premie til dei beste resultata for dei eldre utøvarane. Kviteseid idrettslag delte også ut bestemannspremie til beste gut og beste jente. Tore Tveit Diskerud sikra seg eit gåvebrev på 500 kroner for beste resultat med tida 8,1 på 60 meter i klasse gutar 17 år. Beste jente og ein gåvesjekk på 500 kroner gjekk til Karianne M. Stykket for tida 10,3 på 60-meter i klasse jenter 10 år.


Artikkelen er publisert 12/06-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild