|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Distriktspolitikk eller helsepolitikk?
Eit blikk på ein betent debatt om legekontor.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Torsdag kveld møttest kommunestyret i Vinje for siste gong før sommarferien. Sommartemperaturen glimra med sitt fråver utandørs, men inne i kommunestyresalen var det heitt. Politikarane var ikkje åleine i salen denne kvelden – til stades var også mange tilhøyrarar som hadde møtt fram i håp om å få vite lagnaden til legekontoret i nærmiljøet sitt.
Ingen fekk klåre svar i går. Med ordførarens dobbeltrøyst vedtok kommunestyret at ei avgjerd skal koma etter endå nærare utgreiingar. Difor kjem saka attende i juni 2013. Då vil dei ta ei endeleg avgjerd om framtida til legekontora i Vinje, eller som Aslak Ofte (Sp) uttalte: – Då må me bli kvitt denne verkebyllen. Då vil me ha nok fakta til å seie ja eller nei til dette, og finne ei løysing som er til beste for innbyggjarane.
Samling av dei tri legekontora i kommunen har vore oppe til politisk behandling fleire gonger før. Seinast for litt over eitt år sidan. Torsdag var legekontora på nytt tema i kommunestyret. Denne gong som del av ein stor strukturgjennomgang, som kommunestyret bestilte av administrasjonen i desember. Bestillinga kom som resultat av mange års driftsunderskot i dei tri helseeiningane i kommunen. Økonomi er sjølvsagt eit tema. Men trass i kva mange synast å tru, er det ikkje økonomien som er heile bakgrunnen for gjennomgangen. Det som er den viktigaste årsaka til gjennomgangen av helsesektoren, er den store og for dei fleste litt ulne samhandlingsreforma.
– Samhandlingsreforma handlar ikkje om at folk skal ha kort veg til fastlegen
sin.
Samhandlingsreforma handlar om helsetilbodet i Noreg i framtida. Færre skal leggjast inn på sjukehus, og kommunane skal gje eit tilbod til mange fleire av innbyggjarane sine i nærmiljøet sitt. Milliardar av kroner blir difor flytta ut av sjukehusbudsjetta og inn i kommunebudsjetta. Mellom ti og tjuge prosent av pasientane som til no har vore sjukehuspasientar, skal få behandling i kommunane i staden. I Vinje er ein i ein oppbyggingsfase for å få til dette. Det er ei utfordring når ressursane stadig blir knappare. I fleire år på rad har politikarane måtta pålagt dei kommunale einingane flate budsjettkutt.
Samhandlingsreforma handlar ikkje om at folk skal ha kort veg til fastlegen sin. Den handlar om å gje eit best mogleg tilbod til dei som treng det mest, der dei bur. Eldre og kronikarar skal få hjelp i heimkommunen eller i nærleiken, gjennom samarbeid på tvers av grenser og med sjukehusa. Færre sjukehusinnleggingar er målet, og kommunane skal ta imot utskrivingsklåre pasientar som ikkje er klare til å flytte heim. Då må kommunane byggje opp eit mykje breiare tilbod enn dei har i dag.
I Vinje har ein alt eit svært godt helsetilbod, med eit lågt innslagspunkt for tenestene. I mange år har ein vore ivrig til å gje innbyggjarane gode tenester der dei bur. Vinje ligg såleis mykje lenger framme i å møte denne målsetjinga for samhandlingsreforma enn svært mange andre kommunar i Noreg gjer. Eit døme på dette er at sjukeheimen i Åmot lenge har gjeve pasientar intravenøs væskebehandling. Dei som treng slik behandling, slepp dermed å reise til sjukehus langt unna heimen sin. Knytt til sjukeheimen i Åmot ligg ikkje berre hovudlegekontoret i kommunen, men også fysioterapi, frisklivsentral, distriktstannklinikk, helsesystertenester, eit førebels ubrukt røntgenrom og den felles legevakta for Tokke og Vinje. Psykiatrisk helseteneste held også til i Åmot. Sjukeheimen og alle tenestene i nærleiken av denne er eit godt utgangspunkt for å byggje opp eit distriktsmedisinsk senter i kommunesenteret.
– Men politikarane kan gjera vedtak som gjer at Vinje kan byggje opp eit sterkt helsesentrum.
Me blir fleire og fleire eldre i Noreg, og me får stadig fleire kroniske plager og livsstilsjukdommar. Eldre med kroniske og samansette sjukdomsplager treng eit godt samansett tilbod der samhandling og kompetanse står sentralt. Kreft, diabetes, kols, rus, psykiske lidingar, overvekt og demens er diagnosar som aukar i omfang, og som krev samarbeid mellom kommunar og sjukehusa. Det er slett ikkje alltid sjukehusinnlegging er det beste for ein pasient. Me treng tryggleik der me bur.
Samhandlingsreforma er vedteken i Stortinget, og trådde i kraft 1. januar i år. I åra som kjem vil reforma gjera eit større og større inntog i Helse-Noreg, og stille større og større krav til kommunane. Denne reforma er altså framtida i heile landet. Det er ikkje noko ein kan velje å sjå bort ifrå. Ikkje i Edland, ikkje i Rauland, ikkje i Åmot, og ikkje politikarane i kommunestyresalen. Vinje kommunestyre kan ikkje vedta at ein ikkje vil rette seg etter samhandlingsreforma. Men dei kan gjera vedtak som gjer at Vinje kan byggje opp eit sterkt helsesentrum, som eit distriktsmedisinsk senter, og såleis hindre at kommunen må kjøpe tenester som i staden blir sentraliserte langt unna.
Kan ein kolspasient frå Edland sleppe unna med fire mil til Åmot for å få den vanlege behandlinga si, sparar han altså mange mil når han slepp å køyre til Notodden, Rjukan, Seljord, eller kvar no enn ein vel å byggje opp eit slikt tilbod, dersom ikkje Vinje gjer det. Tidlegare utskriving frå sjukehusa gjer at ein ofte må ta i mot pasientar som ikkje er klåre til å flytte heim, men treng etterbehandling og rehabilitering. Det er nettopp desse pasientane samhandlingsreforma har som mål å gje eit betre tilbod – nærast mogleg der dei bur.
– For mange handlar saka vel så mykje om distriktspolitikk.
Administrasjonen, med assisterande rådmann Tor Eivind Erikstein i spissen for arbeidsgruppa, har konkludert med at ein må samle alle legeressursane og hjelpepersonalet i Åmot for å ha styrke til å skape eit best mogleg helsetilbod for innbyggjarane i Vinje i åra som kjem. «Å byggje opp kompetanse» har nærast blitt ein klisjé i helsedebatten, men som med klisjear flest, er det ein grunn til det. For å møte samhandlingsreforma, og dermed framtida, må kommunane ha meir personale, og meir spesialisert og utdanna personale.
Konklusjonen til administrasjonen om å samle kontora har sett sinna i kok hos mange – både innbyggjarar og fleire politikarar. Som også er innbyggjarar og høyrer til i dei ulike delane av kommunen. Det fargar sjølvsagt synet deira på legekontorsaka. Eit tilbod som «alltid» har vore der, og som mange er nøgde med, står i fare for å forsvinne. Mange innbyggjarar må køyre lenger for ein vanleg fastlegetime, dersom småkontora forsvinn.
Så denne saka handlar ikkje berre om helsepolitikk for Vinje-politikarane og innbyggjarane. For mange handlar ho vel så mykje om distriktspolitikk. Det er viktig for bygdene at dei får behalde viktige funksjonar. Då er det ikkje rart mange ropar høgt, og kjempar for saka si. Dei som meiner det motsette, er det sjeldan ein høyrer noko frå i det offentlege rom. Men desse røystene er der, dei òg. Ved kjøkenbordet, på venteromet, på Facebook.
Dei gruppene som treng det mest, vil få hjelp der dei bur. Det lovar samhandlingsreforma, og kommunane må halde denne lovnaden. Det skal etablerast ordningar for dette, heiter det i utgreiinga om helsesektoren i Vinje. Dei gamle som må «køyre åtte/seks/fire mil for å ta ei blodprøve» dersom legekontora blir lagt ned, har blitt eit kronargument for fleire av innbyggjarane som har kasta seg inn i debatten. Det står ikkje i utgreiinga. Blodprøver kan takast av heimesjukepleia, opplyste representanten Halvor Hylland Olsnes (SV) under møtet torsdag. Det hadde han som sjukepleiar sjølv vore med på i Midtre Gauldal. Det er grunn til å tru at det same kan gjennomførast i Vinje. Truleg vil ikkje alle kunne få eit slikt tilbod, men igjen er det snakk om dei som treng det mest.
– Eg skal ikkje seie at nokon skuvar dei svakaste gruppene framfor seg i denne debatten, men det kan kanskje likne på det, meinte Olsnes frå talarstolen.
Det utgreiinga frå administrasjonen legg opp til, men som kommunestyret ikkje ville gå med på i år, er at vanlege fastlegetenester ikkje vil bli tilbode i dei to andre sentra i kommunen. Dermed må dei av oss som ikkje er i dei svakaste gruppene, køyre eit stykke for å koma til legen, dei gongene me treng det. Kven som vil få tilbod ute i distrikta, og korleis dette skal gå føre seg, vil bli utgreidd det neste året. Då vil ein få på plass meir nøyaktige tal. Det som er sikkert, er at tilbodet i Åmot må bli utvida uansett, for å oppfylle krava i reforma. Ein har ikkje noko val. Anten utvide, eller betale for tenester andre stader. Då vil ikkje helsebudsjettet i Vinje bli noko mindre i åra som kjem.
– Det er vanskeleg å ta omsyn til noko ein berre anar konturane av, når ein skal gjera seg opp ei meining.
Torsdag kveld gjekk mykje av kritikken mot administrasjonens gjennomgang ut på at politikarar ikkje har delteke i utgreiingsprosessen. Det er dei helsefagleg ansvarlege i kommunen som har arbeidd med dette, fordi bestillinga gjekk nettopp til kommuneadministrasjonen. Då gjennomgangen blei bestilt av Vinje-politikarane, var det ingen som nemnde at politikarane burde ta del i utgreiinga. Det beklaga mange frå talarstolen i løpet av debatten – både politikarar og administrasjonen sjølv.
Administrasjonen får mykje ros for å ha gjort eit grundig arbeid. Legekontorsaka er berre ein del av utgreiinga, som handlar om heile helsesektoren i Vinje kommune. Ei samling av helseetatane vil gje ei stor «supereining» som åleine administrerer 40 prosent av kommunens totale budsjett. Det fekk lite åtgaum i løpet av debatten, og gjekk rett gjennom i avstemminga. Alle var samde i at det var rett å samle alt under ein sjef.
I legekontorsaka var altså oppfatningane mykje meir delte. I ei så betent sak som alle veit legekontorstriden er, vil det vera naturleg å også informere innbyggjarane grundig om kva som er fakta i saka. Ryktebørsen kjenner ingen grenser, heller ikkje i Vinje. Administrasjonen ville gjort lurt i å invitere innbyggjarane til samtale og informasjon om konkrete fakta. Anten ein bestemmer seg for det eine eller det andre synspunktet, vil i alle fall konklusjonen koma på det rette grunnlaget.
For det er vanskeleg å ta omsyn til noko ein berre anar konturane av, når ein skal gjera seg opp ei meining. Politikarane bør naturlegvis ha sett seg inn i samhandlingsreforma, sidan ho grip slik om seg i den kommunale helsestrukturen. Men «folk flest» kjenner ikkje ei slik plikt på seg til å setje seg inn i store, altomfattande samfunnsreformer, sjølv om det rammar oss direkte. Eit problem oppstår når røystene som er å høyre i det offentlege rom, utanom frå politikarhald, nærast latar som den store reforma ikkje har noko med dei desentraliserte legekontora i Vinje å gjera.
– Det kjem aldri til å bli slik at alle i heile kommunen blir samde om kva «eit
best mogleg helsetilbod» vil seie.
Kommunestyret i Vinje bestod torsdag av 24 personar. 12 av desse, frå SV, KrF, Venstre og delar av Senterpartiet, stemte for å koma tilbake om eitt år for å ta ei endeleg avgjerd etter ei ny utgreiing der det «skal lagast ein plan for legekontora i Vinje med utgangspunkt i at hovudkontoret skal ligge i Åmot.» Det er ei atskillig svakare formulering enn det som blei vedteke av formannskapet, der ein gjekk inn for å leggje ned dei to satellittkontora på Edland og Rauland.
Dei resterande 12 ynskte ikkje ei slik formulering. Dei ynskte at heile punktet om legekontor skulle strykast. – Tida er ikkje inne for å skape nytt vondt blod i bygdene. Me ynskjer at det blir sett punktum no, uttalte Børre Rønningen (Ap) torsdag kveld.
Å stryke punktet om legekontora frå denne utgreiinga vil ikkje føre til auka tryggleik for tilsette og pasientar ved kontora. Med dei store endringane som er i gang i Helse-Noreg, veit dei at saka kjem til å koma att – men utan vedtaket frå i går hadde dei ikkje visst når. No veit alle at dei har eitt år på seg til å finne ei best mogleg løysing.
Både Ap og Frp har programfesta at dei vil oppretthalde tri legekontor. Det har dei lova veljarane sine. I programma til dei andre partia er formuleringane annleis. Dei ynskjer eit best mogleg helsetilbod for alle innbyggjarane i alle delar av kommunen.
Om eit år kjem svaret og avklaringa – får me tru. Då kan ein håpe at det dannar grunnlaget for det beste helsetilbodet som er mogleg å få til i ein kommune som Vinje, i tråd med målsetjingane i samhandlingsreforma. Det kjem nok aldri til å bli slik at alle i heile kommunen blir samde om kva «eit best mogleg helsetilbod» vil seie. Men ein tommelfingerregel uansett sak, er at ein bør hugse på å sjå forbi eigen navle og setje seg inn i og vurdere det som ligg føre og kjem fram av fakta i saka, før ein gjer seg opp ei endeleg meining. Det gjeld både politikarar, administrasjon og innbyggjarar i alle delane av Vinje kommune. Å ha respekt for andre syn enn sitt eige, er ein grunnstein i demokratiet.
Artikkelen er publisert 09/06-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|