Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Varslar nye millionkutt


Må kutte: Seljord-rådmann Per Dehli meiner politikarane må kutte ytterlegare fem millionar kroner når dei er ferdige med millionkutta i skule- og barnehagesektoren. (Arkivfoto)

I Seljord jobbar dei med å kutte to millionar kroner i skule- og barnehagebudsjettet.

No varslar rådmann Per Dehli at det ikkje er nok. Han skisserer at eit kutt på ytterlegare fem millionar kroner i dei kommunale tenestene er nødvendig for å stabilisere økonomien og møte framtidige utfordringar.




Rådmannen varslar i årsmeldinga at den økonomiske situasjonen til kommunen «ikkje er tilfredsstillande» og at det er naudsynt å redusere det kommunale tenestenivået. Han viser til at rekneskapen for 2011 er om lag på null, men at resultatet blir berga av mellom anna høge kraftinntekter. Spesielt er meirforbruket stort innanfor helse og omsorg og skule og barnehage.
– 2012 kan bli det fyrste året der det blir eit betydeleg underskot på grunn av for høgt driftsnivå, skriv rådmannen.

Ser på innsparingar
For tida går ei arbeidsgruppe gjennom strukturen innanfor skule- og barnehagesektoren i Seljord kommune, med krav om å spare to millionar kroner. Men dette er langt frå nok for å sikre ei stabil økonomisk framtid for kommunen, meiner rådmannen.
Han vil ta initiativ til ein utvida strukturgjennomgang med mål om å kutte ytterlegare fem millionar kroner i kommunale tenester.
– Rekneskapen for 2011 gjev oss nå konkrete bevis på den økonomiske ubalansen. For å kunne handsame framtidige utfordringar må økonomien stabiliserast med eit forsvarleg positivt driftsresultat, skriv rådmannen.

Må kutte meir
Til VTB utdjupar Dehli at milliontala viser avstanden frå den økonomiske stoda i Seljord til dei faglege råda for ein sunn økonomi.
– Dette er for å vise kva som skal til for at me i framtida skal ha ein robust økonomi utan å auke lånegjelda ved investeringar, seier Dehli.
Tommelfingerregelen er at ein kommune bør ha eit netto driftsresultat på 3 prosent for å ha ein sunn og berekraftig økonomi. I Seljord blei resultatet i 2011 0,68 prosent. I perioden 1999–2011 har snittet vore 0,9 prosent.
– Er det mogleg, og forsvarleg å kutte så mykje?
– Eg trur det er vanskeleg. Men me må kutte meir for å gå i null. Eit kutt på ytterlegare fem millionar vil gjere at me må ned på eit absolutt minimum av det som er lovpålagt, seier rådmannen, og legg til at det er eit alternativ å auke inntektene, som til dømes gjennom eigedomsskatt.
– Prosessen bør starte alt etter sommarferien for at det kan bli ein effekt alt i 2013.
Kommunestyret vil i onsdagens møte få ein grundig gjennomgang av årsrekneskapen og den økonomiske stoda i kommunen.

– Debatten om eigedomsskatt vil kome
Varaordførar Jon Svartdal (KrF) innrømmer at politikarane skvatt då dei i formannskapsmøtet sist veke blei gjort merksame på at det er behov for å kutte ytterlegare fem millionar kroner i dei kommunale budsjetta.
– Så dårlege utsikter var ein skrell å få, seier Svartdal.
– Er det realistisk å kutte totalt sju millionar kroner?
– Det er vanskeleg å kommentere. Det høyrest ubehageleg ut, seier Svartdal.
– Tvingar dette fram ein debatt om eigedomsskatt i haust?
– Det er eg redd for. Debatten vil koma. Alvoret er så stort, og me må vege det opp mot andre ting. Men denne prosessen har me ikkje byrja på enno, understrekar Svartdal, som reknar med ein utfordrande budsjetthaust.
Han legg til at politikarane er på line med rådmannen i at eit driftsresultat på tri prosent er eit ideal.


Artikkelen er publisert 07/06-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk