Onsdag
19/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Bare litt sliten etter verdsrekord


Ny rekord: Ingen kunne gjere noko med Tomas Bereket som slo fjorårsrekorden sin med nesten to minuttar.

Ingen i verda har brukt så kort tid opp til Skuggenatten i Treungen som Tomas Bereket.




I den tredje Skuggenatten opp stilte 130 deltakarar til start. Dei fleste fekk med seg alle dei 456 høgdemetrane opp til eit målområde med stort publikum og toradermusikk.
– Det blir spennande å sjå om nokon slår tida til fjorårsvinnaren Tomas Bereket frå Larvik Turn, men det skal godt gjerast, seier sjefen for motbakkeløpet, Olav Nilsen, i det starten går.
Tida til Bereket, opphavleg frå Eritrea, var i fjor 24.04 minuttar. Denne gongen skulle det vise seg at han var i endå betre form, og kom fyrst over målstreken etter å ha sprunge i 22.18 minuttar. Siger og ny løpsrekord gav 7.000 kroner inn på kontoen hans.
– Eg kjende løypa betre i år, leia heile tida og det gjekk veldig fort oppover, seier Bereket, faktisk bare litt sliten etter løpet.
– Eg likar Skuggenatten opp og kjem att neste år, lovar han.
Då sprekingen kom ned att av heia hadde han nesten 20 rundar med springing rundt grasbanen …

Moro med spurtduell
Det ein må ha lov til å kalle fjelljase slo den norske motbakkekongen Torbjørn T. Ludvigsen frå Fana med nesten to minuttar. Beste vesttele i arrangementet som også tel i noregscupen, blei unge Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo med tida 26.24.
Vestlendingen May Britt Buer, Gular, kom til Treungen med siger i årets fyrste noregscupløp i bagasjen. Det skulle vise seg at ho også vann løp nummer to, eitt sekund før Merete Weng frå BUL. Tida blei 27.33, er ny rekord og gjorde Buer 7.000 kroner rikare.
– Dette var veldig artig og litt utanom det eg er van med. Andre løp er brattare totalt sett. Eg leia heile tida og Weng pusta meg i ryggen. Det var moro med ein spurtduell. Arrangementet er kjempebra, og det er flott stemning på toppen. Sjølvsagt er det freistande å kome tilbake til denne fine plassen, seier Buer.
Ingjerd Utistog Kleiv frå Vinje blei beste vesttele med tida 32.49.

Nissedalsmeistarar
Løpet var også eit nissedalsmeisterskap. Sissel Gundersen frå Treungen tok imot tittelen etter å ha kome i mål nesten elleve minuttar etter vinnaren.
– Eg trena i to månader for å bli god på dette løpet, og er aktiv elles også. Det var tungt i dag, men moro, særleg då eg kom til toppen, smiler Gundersen.
I herreklassa var det spenning mellom treungane Torstein Tarraldsen og Hans Inge Hagen heilt til det stod att 170 meter.
– Då sprang eg forbi han. Det var eit veldig greitt løp, for eg hadde ryggen til Tarraldsen oppover, seier vinnaren Hagen med tida 30.30.
Tarraldsen seier han ikkje hadde sjanse til å fylgje dei siste metrane, og kom 18 sekundar bak nissedalsmeistaren.
– Det er ikkje surt å tape for Hagen, han er 25 år yngre enn meg, smiler 50-åringen etter å ha sprunge 4,4 kilometer opp heia.
– Me er veldig godt fornøgd med gjennomføringa av arrangementet i alle ledd, og eit stab på 60 friviljuge gjorde ein kjempejobb. Me har fått flotte tilbakemeldingar frå løparane, og neste år søkjer me om å få NM i motbakkeløp, seier Olav Nilsen.

250 trimmarar til topps
Skuggenatten opp er eit viktig arrangement med tanke på folkehelsa, og det blir satsa på å få så mange trimmarar og turgåarar som mogleg til fjells denne dagen. I år kom 50 fleire turentusiastar enn i fjor seg opp på 706 meter over havet.
To av dei var systrene og treungane Camilla og Terese Eilefstjønn, båe rørslehemma. Dei hadde aldri før vore på Skuggenatten, men eit initiativ frå Jørgen Solberg førte til at European helicopter center frå Torp ordna ein gratis tur duoen nok ikkje kjem til å gløyme så fort. Då tenkjer ein også på det varierte vêret der det til og med var snøbyger.
– Det er veldig stort å vere på Skuggenatten. Her er fantastisk utsikt, og i dag har me fått med alle fire årstidene, smiler systrene.
Helikopterselskapet, der nissedølane Stian Solberg og Stian Grimstvedt jobbar, tek elles ikkje noko for jobben med å hjelpe Treungen IL denne arrangementdagen.

50 kilo stein
Ein annan som var i godt humør var treungen Tor Halvor Løyte. Saman med ein kamerat hadde han meldt seg på motbakkeløpet, og hadde på førehand grua seg i ein månad. Laurdag blei det til at kameratgjengen ordna utdrikkingslag for han i staden. Utkledd og med 50 kilo stein i sekken byrja marsjen mot toppen.
– Eg har fått kvitta meg med ein stein for kvar oppgåve eg har gjennomført. Eg har heia og sunge, og lokka på elg oppover, smiler Løyte.
Til helga skal han gifte seg.
– Med mann eller kvinne?
Løyte og kameratane sprutar ut i latter, og etter ei stund kjem svaret.
– Med ei feminin jente frå Grimstad.
Spreke barn
Barn heilt ned til den nesten minste alder kom seg opp til Skuggenatten. Blant dei var triåringen Harald Kornmo Enger.
– Det er moro, men eg blei litt sliten oppover. Eg skal gå ned att også, seier han, og ser på far sin.
Niåringane Silje Tveit og Ingvild Tveit ville til topps for å sjå på løparane som kom i mål.
– Og så skal me bli spreke, men då må me nok ha fleire turar. Det var tungt å gå opp. Me har det moro, men det var ikkje så gøy då det snødde, seier jentene.


Artikkelen er publisert 05/06-2012

Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga