|
Laurdag 25/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ein stor dag for kulturfylket
 Mange smil: Museumsdirektør Dag Rorgemoen (t.v.), fylkesordførar Terje Riis-Johansen, Stein Sægrov frå Kulturdepartementet, Tokke-ordførar Hilde Alise Vågslid, styreleiar Torgrim Otterholt i museet og regionordførar Torstein Tveito uttrykte stor glede over det prektige nybygget i Eidsborg.
|
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen sa det var ein stor dag for kulturfylket Telemark, då han opna signalbygget og nye Vest-Telemark museum.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Fredag ettermiddag var det opning av det stilige nyanlegget og Eidsborg-museet til 80 millionar kroner, og hendinga skjedde faktisk i snøvêr.
– Eg hadde tenkt å lese nokre strofer om våren, men har ombestemt meg, sa konferansier Aasmund Nordstoga med eit smil, og såg ut på snøvêret.
– Dette har blitt eit flott bygg me har lov til å vere stolte av alle saman, heldt han fram, like før fylkesordførar Terje Riis-Johansen overtok ordet.
– Dette er eit stolt bygg og ein stor dag for kulturfylket Telemark. Signalbygget er viktig for heile fylket, og reiselivet i regionen har fått eit lyft, sa Riis-Johansen, før han fortalde at gåva frå fylket i samband med opninga er finansiering av høgtalaranlegget i museet.
Fylkeskommunen har lagt ned over åtte millionar kroner i den store satsinga i Eidsborg.
– Det var ei heilt rett prioritering. Då fylkespolitikarane diskuterte kva som var viktigast i Telemark, var Vest-Telemark museum på topp-tri lista, seier fylkesordføraren til VTB.
Departementet svært nøgd
Det var ikkje bare han som var stolt denne dagen. Regionordførar Torstein Tveito frå Kviteseid syntest det var fantastisk at ein no har fått eit signalbygg som er i Vest-Telemark.
– Dette er ein veldig stor dag, ikkje bare for Vest-Telemark, men heile Telemark, seier Tveito.
Ordførar i vertskommunen Tokke, Hilde Alice Vågslid, håper det nye bygget får store ringverknader for regionen.
– Å, dette er gørrmoro, og i dag er det kjempestas å vere ordførar i Tokke. Eit vidare mål må vere at her kjem eit regionalt kompetansesenter for opprusting av freda og gamle bygg, seier Vågslid om det neste på ynskelista.
Utbygginga i Eidsborg er den største kultursatsinga staten nokon gong har gjort i Telemark. Kulturdepartementet har bidrege med over 26 millionar kroner. Avdelingsdirektør Stein Sægrov i Kulturdepartementet representerte staten på opningsdagen, og var svært nøgd med sluttresultatet som han vandra rundt i og ved.
– Her har det kome på plass ein veldig viktig lokal identitetsmarkør. Det er ein særleg spennande kombinasjon med tradisjonelt friluftsmuseum, stavkyrkje og eit moderne museumsbygg som gjev grunnlag for heilårsdrift. Alt tyder på at dette blir ein suksess, og dette er vel anvendte pengar frå staten, seier Sægrov.
Soria Moria
Det som i starten var gard og grunn, blei i si tid til Eidsborg Bygdemuseum og så Lårdal Bygdemuseum. Deretter kom Vest-Telemark museum (VTM) i Eidsborg, og no har staden fått administrasjonssenteret for VTM som omfattar det felles museumssamarbeidet for kommunane i Vest-Telemark.
– Bygget er prektig og me har no fått eit Soria Moria-slott som er eit bevis for at me kan samarbeide over kommunegrensene for å tene kulturen i heile Vest-Telemark. Ein varm takk til museumsdirektør Dag Rorgemoen og personalet for ideane, arbeidet og tolmodet som er lagt for dagen for å reise dette bygget. Dette er ein kjempefin dag med kraftsamling av alle som er glade i kultur, smiler Torgrim Otterholt, styreleiar i VTM, når han ser på alle dei som hadde møtt fram.
I det nye museumslokalet har Statkraft fått på plass eit visningssenter der ein kan sjå på historia for over 100 år tilbake.
– Museum er ein stad for å lære og vere nysgjerrig. Derfor er det fint for Statkraft å vere her, og det er me krye av, seier Tron Engebrethsen, produksjonsdirektør i Statkraft og med kontorplass i Oslo.
Tokkebuar Rolf Normann, Statkraft-direktør i region Aust-Noreg, er også stolt av at verksemda er på plass i Vest-Telemark museum.
– Det er utruleg godt gjort å få eit slikt bygg midt inne i granskogen, seier Normann.
Artikkelen er publisert 05/06-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|