Tysdag
18/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Stor interesse for Midtsundåsen


Mange vil bu på åsen: Kviteseid kommune opplever stor interesse for det nye bustadfeltet på Midtsundåsen. – Hyggeleg at folk ynskjer å bygge der, men fyrst må planarbeidet på plass, seier rådmann Hans Bakke. (Foto: Leif Jamtveit)

– Folk ringer og sender brev og e-post for å vise interesse for det nye bustadfeltet i Kviteseid. Men før tomtesalet startar må me få reguleringsplanen på plass, smiler rådmann Hans Bakke.




Førre veke vedtok formannskapet i Kviteseid å leggje reguleringsplanen for det nye bustadfeltet på Midtsundåsen ut til høyring.
Planen er å etablere eit nytt og sentrumsnært bustadfelt med 22 tomter på åsen bak omsorgssenteret i kommunen.
– Nå ligg planen ute til offentleg ettersyn og me håpar at me får den politisk godkjent seint i august eller tidleg i september. Me jobbar i desse dagar parallelt med å knyte til oss ein konsulent som kan få vegar og vatn på plass i det nye feltet. Målet vårt er anleggsstart i løpet av hausten, seier rådmann i Kviteseid, Hans Bakke.

Stor interesse
Etter reguleringssaka kom på det politiske bordet og fekk merksemd i media har kommunen fått telefonar, brev, e-postar frå folk som er interesserte i å busetje seg i det nye bustadfeltet.
– Det er kjempeflott at interessa er så stor. I løpet av den siste veka har kommunen vore i kontakt med opp mot 10 interesserte, men dei må nok vere tolmodige og vente til planen er godkjent, seier Bakke.
Kommunalsjef ved landbrukskontoret, Torunn Raftevold Rue, fortel at ho nå lagar eit skriv til dei som har meldt interesse for bustadfeltet.
– Me informerar dei om at reguleringsplanen må på plass fyrst, så vil kommunen annonsere når tomtesalet opnar.
– Så det er ikkje mogleg å halde av draumetomta ennå?
– Folk får ingen fordelar av å vere tidleg ute. Dei treng ikkje kontakte kommunen, for alle får same fristen. Utpå hausten vil me starte hogst i området. Då blir det heile tydlegare enn det ein i dag ser ut frå eit kart, seier rådmannen.

Ingen funn
Då VTB vitja rådmannen torsdag fekk han melding om at Kulturminneforvaltninga hos Fylkesmannen har vore på Midtsundåsen for å undersøke området.
– Dei gjorde ingen funn i området. Det er positivt for framdrifta av planane, seier Bakke.


Artikkelen er publisert 02/06-2012

Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga