|
Sundag 26/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Klarsignal for Straumsnes-plan
 Nye planar for Straumsnes: Onsdag gav Kviteseid-politikarane klarsignal til vidare arbeid med det tilrettelagte bustad- og fritidsbustadsprosjektet for funksjonshemma; Vrådal brygge. Eigedomen ligg øvst i bildet langs strandlina mot Nisser. (Flyfoto: Kari Skogheim
|
Vrådal Panorama fekk presentere bustad- og fritidsbustadsplanane sine for formannskapet onsdag. Politikarane gav samla klarsignal for vidare arbeid.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
Alle medlemmene i formannskapet i Kviteseid gav onsdag positive signal og ynskte å sjå ein ny reguleringsplan over eigedomen Straumsnes i Vrådal. Dei gav utbyggjaren Vrådal Panorama, med dagleg leiar Petter Johnsen i spissen, ros for eit nytt og spanande bustadprosjekt i Kviteseid kommune.
Fyrst i møtet orienterte Petter Johnsen politikarane om planane kring Vrådal brygge-prosjektet der han vil byggje eit komplett område for fritidsbruk og fastbuande, tilrettelagt for funksjonshemma.
Politikarane fekk høve til å rette spørsmål knytt til planen. Etter innspel forklara Johnsen kvifor han har valt eit prosjekt blanda av fritid- og fastbuande.
– Det er turistane som vil subsidiere den økonomiske biten for fast busetnad og uteområda, opplyste han.
Ikkje bunden
Tarjei Gjelstad (Ap) undra om Johnsen var avhengig av å selje eit visst tal fritidsbustadar, eller om ein kunne gjere dette om til faste bustadar om det var interesse for det.
– Er det vilje til å betale prisen som er sett for ein fritidsbustad er dette sjølvsagt mogleg, svara Johnsen.
Politikarane undra også på om det var lagt opp til støyskjerm, gjerde eller anna avgrensing i området mellom fritidsbustadane og skuleområdet. Her kunne Johnsen opplyse at dei hadde planar om å byggje ein jordvoll.
– Men det er viktig for oss å minne om at våre etableringsplanar og dei friområda som blir knytt til området skal vere ein stad skulen gjerne må nytte, uttala Johnsen.
– Vil lokke innbyggjarar
Gunnar Ruud (H) var positiv til satsinga og meinte prosjekt som dette ville lokke fleire innbyggjarar til kommunen. Men han var nyfiken på om det ville vere mogleg for folk å kjøpe tomt, for så å byggje sjølv på tomta, eller om utbyggjaren ville ha alt arbeidet sjølv.
– Økonomisk har me rekna med at me byggjer alt sjølv, men me er open for å diskutere dette om folk har slike ynske. Men ynskjer å halde fast med fargebruk og utsjåande på bustadar og fritidsbustadar. Me vil ha ein sveitserstil eller skjærgårsstil ved ljose fargar som også passar godt til bygga i Vrådal sentrum, opplyste Johnsen.
Johnsen opplyste at Vrådal Panorama vil ha ansvaret for alt vedlikehald på området, frå plenklypping til snørydding.
– Dette vil me tilsetje ein eigen vaktmeister til å utføre, uttala Johnsen.
Stiltrend
– Kvifor avvike frå 50-metersgrensa, og ynskje om å reise eit rekkjebygg tett på Nisser, undra fleire av politikarane?
– Andre kystbyar byggjer tett på vatnet, denne stilen og interessa er stor hos folk. Det er slik dei ynskjer å bu. Liknande prosjekt tett på vatnet får høge prisar og det er god økonomi i slike type bygg, og då kan ein bruke meir pengar til fellesområda i prosjektet, uttala Johnsen.
– Ta detaljar seinare
Då politikarane skulle handsame saka minna plansjef for Kviteseid og Nissedal, Sveinung Seljås, dei folkevalde om at dei ikkje trong gå alt for djupt i planen Johnsen har skissert så langt.
– I dag seier de ja eller nei til vidare arbeid med Vrådal brygge. Er vedtaket positivt skal saka opp til fyrste- og andregongs handsaming i samband med ny reguleringsplan for eigedomen. Då blir det tid til å gå inn i detaljar knytt til planane og sjå på innspel som vil kome, opplyste plansjefen.
I innstillinga til formannskapet onsdag skreiv rådmannen at ut frå at det nyleg var vedteke ein reguleringsplan for området, der det blei slått fast at arealet i hovudsak skulle nyttast til kombinasjonsføremålet heilårsbustad/næring, blei forslagsstillar frårådd å arbeide vidare med planen.
Artikkelen er publisert 24/05-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|