Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Velsigna dugnadsvilje


Dugnadsånd: Mina Langvannskåsa (t.v.), Skien, Gudbjørg Kvålo, Høydalsmo, Marit Lindgren, Ulefoss, Margith Bøen, Gransherad og Randi Westland, Skien, er blant dei mange pinsevennene som jobbar dugnad for Fyresdal kurs- og leirstad.

Pinsevennene i Telemark utfører tusenvis av dugnadstimar for å gjere hotellet i Fyresdal til kurs- og leirstad. – Me er avhengige av all dugnaden, seier prosjektleiar Jostein Waskaas.




Pinsemenigheten i Telemark overtok frå nyttår som eigar av hotellet i Fyresdal. Kommunen fekk seks millionar kroner for tomta og bygningane.
Pinsevennene har i fleire månader stått på for å gjere hotellet til ein kurs- og leirstad. Jostein Waskaas, styreleiar og prosjektleiar for byggjeprosessen i Fyresdal, fortel at ein mellom anna har sett søkjeljos på straumforbruket. I den samanhengen er lagt vassboren varme i heile hovudbygget på totalt 540 kvadratmeter. Teppe blei fjerna, røyr kom på plass, det blei støypt og lagt flisar.
Vidare er alle flater i bygget og dei fleste roma måla, og kjøkkenet er oppgradert. Alle sengene og madrassane er bytta ut, og det blei ein kostnad på 500.000 kroner.
– Grindberg trevarefabrikk har hatt ein kjempeordre her. Me synest det er bra å bruke lokale, og har engasjert både lokal snikkar og røyrleggjar, seier Waskaas.

Trivst på draumestad
I leilegheitskomplekset der det var brann blir det bygd opp att fire leilegheiter, i tillegg til at ein får på plass grupperom til 30 personar og servicerom for campinggjestene. Endringa gjer at det blir ståande att ti leilegheiter i staden for dei 13 som var før brannen.
Frå nyttår har det stort sett vore gåande eit par dugnadsfolk heile vekene. Ein av dei som har stått på sidan januar er Helge Gundersen (75) frå Skien.
– Eg trivst med å vere i aktivitet, og når me har fått denne draumestaden er det spennande og triveleg å vere med, seier pinsevennen som må vere velsigna med god dugnadsånd.
Han har fått godkjenning av kona for å vere mykje i Fyresdal og hjelpe, for ho veit at han er glad i slikt.
– Eg må avlegge rapport kvar dag, og stelle godt med henne når eg er heimom, humrar den blide skienskaren.
Han håpar både bygda og pinsevennene får glede av kurs- og leirstaden.
– Her blir det mange menneske framover, og det er hyggjeleg, seier Gundersen, klar for å fortsette arbeidet.
Den helga VTB var innom byggjeplassen var det heile 40 pinsevenner i friviljug aktivitet. Innan prosjektet er klart til bruk er det gjort 5.000 dugnadstimar til ein verdi av to millionar kroner.
– Me er avhengige av dugnaden, seier Waskaas.
I tillegg til kjøpesummen for hotellet har pinserørsla henta ytterlegare to millionar kroner av eigenkapitalen for å få på plass kurs- og leirstaden.
– Me håpar å kome ut av det utan å ha gjeld, seier Waskaas om storinvesteringa i Fyresdal.

Rusfritt
Snart er det klart for å sleppe til fyrste leiren i bygningane der det er totalt 220 sengeplassar. Fram til 1. november er kvar einaste helg leigd ut til leirar og anna, og det vil vere på plass frå 100 til 200 menneske på kvart arrangement. Det er mellom anna snakk om barneleir, juniorleir og konfirmantleir frå ulike kyrkjesamfunn. Åttande til tiande juni er staden leigd ut til eit flystemne.
– Alle kan få leige her, men me køyrer eit rusfritt familiehotell. Det er viktig å gå framfor og seie at barna kan slappe av her, fordi foreldra er rusfrie. Me kunne tent mykje meir pengar om det blei opna for alkoholservering. Målet er ikkje å tene pengar, men gå i null, slår Waskaas fast.
På sommarstemnet til pinsevennene 17. til 22. juli er det venta rundt 600 menneske og 100 campingvogner.
– Me har leigd eit jorde, så det skal alltids bli plass til vognene. Her blir det full aktivitet i sommar. Interessa for å leige kurs- og leirstaden er større enn venta. Kva me får ut av vinteren, blir ei utfordring. Men det ordnar seg sikkert, smiler Waskaas.
Til hausten kjem Fyresdal kurs- og leirstad truleg til å inngå eit samarbeid med Norske vandrerhjem, som er glad i toppturar og fiske.
– Me må sette Fyresdal på kartet som ein attraksjon å reise til, seier Waskaas om den fine bygda og den idylliske plassen pinsevennene har sikra seg ved Fyresvatn.


Artikkelen er publisert 24/05-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk