Torsdag
20/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Førebur seg på nok ein skulekamp


Usikker framtid: Framtida til den vidaregåande skulen i Seljord er igjen på agendaen etter at fylkesrådmannen har signalisert at medier og kommunikasjon berre kan bli tilbydd på ein skule i Telemark.

Fylkesrådmannen vil kutte i studieplassane innan medier og kommunikasjon, og meiner tilbodet berre kan bli gjeve på ein skule i fylket. Utdanningsforbundet ved den vidaregåande skuleavdelinga i Seljord reagerer kraftig på framlegget.




Då skulen blei redda frå nedlegging i 2008 var det 17. gongen han blei berga. No kan det sjå ut som den 18. kampen er i ferd med å starte.
For å sikre betre utnytting av ressursane har fylkestinget peikt på at det er naudsynt å gå gjennom tilbodsstrukturen innanfor den vidaregåande skulen. I april kom rapporten frå det såkalla Ripegutu-utvalet. Det blir understreka at saka ikkje er ein gjennomgang av skulestruktur, men ei bestilling om ressursutnytting knytt til nedgangen i elevtalet.

På ein skule
Administrasjonen i Telemark fylkeskommune vil oppretthalde medie- og kommunikasjonstilbodet i Telemark, men «i eit omfang som sikrar eit fagmiljø for dei elevane som blir tatt inn. Nedgangen i elevtal og dimensjoneringa får som konsekvens at tilbodet som utdanningsprogram berre kan bli gjeve på ein skule».
Det er framlegg om å redusere utdanningstilbodet for å auke tilstrømminga til andre utdanningsprogram.
– Dei vil kutte det heilt ut for alle elevar som ikkje bur i Grenland. På tide å vakne Notodden! Kva med dykk i Bø? Heile Vest-Telemark! Er de mindre verd? Kvifor skal ikkje øvre delar av fylket få ta del i ei samfunnsutvikling som pregar heile resten av verda?, skriv utdanningsforbundet ved Seljord vidaregåande skule i eit lesarinnlegg i dagens VTB.
Fylkesrådmannen meiner ein også bør samle restaurant og matfag ved ein eller to skular. Dette kjem fram i saksutgreiinga til fylkesutvalet som får saka om tilbodsstruktur på bordet i møte 30. mai.

– Ver så snill
Utdanningsforbundet reagerer sterkt på argumenta frå fylkesadministrasjonen som dei karakteriserer som «nesten pinlege». Dei peikar på at elevnedgangen er i Grenland og Nome, og ikkje i Vest-Telemark, og bed fylkespolitikarane sette seg inn i kva kuttforslaga betyr.
– Ver så snill alle våre kloke fylkespolitikarar. Set dykk inn i kva eit slikt dramatisk kuttforslag verkeleg betyr, særleg for øvre delar av fylket, før de blindt går inn for Ripegutu-utvalet sitt forslag. Elevar frå Midt- og Vest-Telemark har dei same rettane til ei fullverdig praktisk medieutdanning, som elevar frå Grenland.», skriv utdanningsforbundet i lesarinnlegget.

– Bør minimum vere på dagens nivå
Beate Marie Dahl Eide (bildet) frå Seljord representerer Senterpartiet i Fylkestinget. Ho varslar at saka ikkje blir behandla før til hausten, og seier dei i Seljord kan ta det med ro, men at dei bør bruke tida godt.
– Det er no den politiske prosessen byrjar. For meg og Senterpartiet er det heilt klart at det bør vere ein vidaregåande skule i Seljord, minimum på dagens nivå. Dei skal vite at me er på deira lag, seier Dahl Eide, som likevel ber skulane i regionen vise seg fram og vere tydelege.
– Det er lov å skryte av seg sjølv, seier ho.
I hovudutvalet for kompetanse fekk Dahl Eide fleirtal for at fleire premiss blir lagt til grunn i saka. Til dømes at færrast mogleg elevar skal måtta flytte på hybel for å ta vidaregåande opplæring, og at skulanes rolle som regional utviklingsaktør i sitt omland skal vere ei sentral føring for kva utdanningsprogram dei ulike skulane skal tilby.
Ho har registrert at administrasjonen har lagt stor vekt på stordrift og robuste fagmiljø, men understrekar at små skular leverer faglege gode resultat, i tillegg til lite fråfall.


Artikkelen er publisert 24/05-2012

Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen