|
Laurdag 25/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Han som får det til
 Heiderskar: Det skil kring tusen år mellom Torje Lindstøl og Selstadloftet. I dag fyller heiderskaren på Koparvollen i Seljord 90 år.
|
– Det er dette som driv ein: Å få det til! Orda er Torje Lindstøl i Seljord sine. På nasjonaldagen blei arbeidet krona med kulturpris. I dag fyller han 90 år.
Anne Sofie Tresland anne.tresland@vtb.no
Seljord sentrum har gjort mykje for å gjera seg lekkert. Spennande skulpturar, raud asfalt, blomar i lyktestolpane og dekorerte plastkyr skal høgne attraksjonsverdien. Likevel er det nok eitt estetisk element som framom dei andre set seg fast i minnet til alle som ein gong har fare over Brøløs. Tett ved Standaren ligg eit stort, kvitt våningshus i ein alltid like velstelt hage. Ser ein nøyare etter inneheld tunet både uthus, eldhus og bur. Eldhuset ligg tett inntil vegen som no ber namnet Kapteinsgata. Går ein forbi vindaugo anar ein at ingenting er tilfeldig plassert – her er alt på stell. Og skal det vise seg: Alt på garden er på stell. Slik er det i heimen til årets kulturprisvinnar i Seljord.
Alltid i arbeidskleda
Torje Lindstøl tek i mot oss ved den kvitmåla porten. Han er nesten ikkje til å kjenne att der han står i jakke og slips. For det er ikkje slik me er vande med å sjå han. Nei, det er i arbeidskleda, alltid beskjeftiga med noko, me har skimta han når me fer forbi. Men i dag er nasjonaldagen. Og seinare på dagen skal han ta turen til Granvin for å motta kulturprisen som Seljord kommune og Seljord sparebank saman delar ut. Det synest han blir litt ulileg, påstår han. Så vel fortent, så vel fortent, tenkjer me, medan augo vandrar frå den velfriserte hekken til det stolte mellomalderloftet, bort til den velhaldne uthusbygningen og tilbake til benken ved inngangsdøra.
Torje vil gjerne vise oss våningshuset, som er frå 17–18-hundretalet. Han og kona Hjørdis, som ikkje lever lenger, har renovert heile huset.
– Då fekk Hjørdis det som ho ville ha det, smiler Torje, og syner oss den staslege bestestova med tidsrett spisestovemøblement.
Fasjonable rom
Ferda går vidare inn i dei indre gemakk. På veggane er det måla tapet på øvste halvdel, med fint snikkararbeid under.
– Dette var salongen til Nilsen, så her er det nok skåla mykje, skjemtar Torje.
Den Nilsen han snakkar om var Halvor Nilsen (fødd 1866), og gift med Julie Margrete Johansen, syster til polfararen Hjalmar Johansen. Dei dreiv hotell på staden fram til dei selde Koparvollen til Anne Lindstøl i 1912. Nilsen dreiv også hestedrosje, og i tillegg var han hestehandlar.
Det er eit nennsomt og nitid arbeid som er gjort for å setje romma i stand slik dei no framstår i si fordoms prakt.
– Ein må ikkje vera redd for å gjera noko, presiserer Torje forsiktig, som etter å ha arbeidd med all slags praktiske gjeremål heile livet må innrømme å har erverva seg mykje kunnskap.
I den stova som er i dagleg bruk står eit framskåp. Det er laga av Olav Trae frå Åmotsdal. Frå Anne Lindstøls dagbok frå 20. mai 1913 står det å lesa: 18 dagsverk à 4 kroner.
– Eg lir vel av litt samlemani, ler han, og puttar dokumentasjonen inn i skåpet att.
Sprek oldefar
Huset på Koparvollen rommar 130 kvadratmeter i kvar av dei to etasjane. Romma kjem godt med når familien er på besøk. For Torje er far til to, tvillingane Margit og Gunhild, bestefar til fem og oldefar til ein, snart to. Det kan til og med godt hende han kjem i dag, er det varsla.
Torje viser veg opp i andre høgda. Den gongen Nilsen dreiv hotell her var det åtte overnattingsrom der. Dørene hadde nummer på, og desse har Torje måla opp att heilt autentisk. Han opnar ei av dørene og fortel at i det rommet er han fødd.
– Og skreik gjorde eg ei heil natt!
Kanskje klaga han frå seg den natta, i alle fall har han heile livet vore veldig frisk og sprek, seier han sjølv.
Museum både her og der
Me får med oss syttandemaitoget som kjem frå kyrkja, svingar av ved Standaren og går nedover til Nesbukti. Så ruslar me over tunet og inn i eldhuset. Koppar, kar og gamle husgeråd som høyrer til i eit slikt rom er ryddig plassert på benkar og bord.
– Her har det vore stelt mykje mat, slår Torje fast.
Inni fjøset har også Torje løynde skattar. Etter at familien på 1980-talet slutta med dyr, har fjøset blitt ein kombinasjon av verkstad og museum. Ein heil liten skomakarverkstad, og mykje gamal reiskap er sirleg ordna. I tillegg til ei samling av gamle motorsager; den eldste ei av merket JoBu som veg 17 kilo.
Har nytta tida godt
Me gjev oss ende over. Og dette har han hatt tid til, i tillegg til å vedlikehalde og ta vare på to hytter på Svarvaren, som er ein plass utpå Manheimstrondi, restaurert heile Vestigard Åsheim, der det var veldig mykje som måtte gjerast, og vedlikehalde bygningane heime på Koparvollen.
– Vel, eg har ikkje hatt tid til å flyge på Brøløs. Men eg har hatt tid til å vera på hytta, understrekar han leande.
Då han byrja restaureringsarbeidet på Åsheim var Riksantikvaren og såg på prosjektet. Han syntest det verka noko uoverkommeleg.
– Ja, ja. Lykke til, då, sukka han.
– Men hald fram som du stemnar, oppmuntra han også.
Og det gjorde Torje så visst. No er alle bygningane restaurerte.
– Også stogo er veldig bra nå. Ja, det er noko småtteri att, men eg har ikkje hatt tid til å gjera det, unnskylder han seg.
Apropos tid. Ein representant for vernemyndigheitene som var på synfaring konstaterte: «Du har bruka tida di godt.»
– Det er det beste eg har høyrt nokon sinne, betrur han oss.
– Det er dette som driv ein: Å få det til!
Utstilling av gardsreidskap
Og han har sanneleg fått det til. I 1976–1977 restaurerte han det automatisk freda buret. Me spør forsiktig om kostnaden blei dekt av kulturminnevernet. Det kjem fram at han fekk ein viss sum i tilskot, men at det ikkje eingong dekte halvparten av kostnadane. Men han får det til!
Opp låvebrua bers det, låvedørene blir opna, og me ser rett inn i eit museum att. Her har han samla ulike gardsreiskapar, alt som trongs på eit gardsbruk.
– Ein vil gjerne gjera det så lettvint som råd, og då må ein ha noko å gjera det med, er kommentaren hans til all reiskapen.
Han syner den fyrste arden han hadde, ein som han hadde sveisa sjølv. Mykje hestereiskap, ein torvrivar, ein gamal epleopptakar, ei steinslodde, ein jagarslede, ei trille og så lassesleden som gjekk i rute Årnes–Bø–Kviteseid med varer. Oppå sleden er det mellom anna plassert ein salmiakkdunk, ein kjele for grønsåpe, sementtønner og spesialkasser for glas. Så mykje levandegjort historie!
Og der står jammen gamlebilen hans også, ein raud Saab 1964-modell …
Det vidgjetne Selstadloftet
Me droppar turen ned i fjøskjellaren, som no er heilt reingjort for møk og land, og som har blitt til ein jernverkstad. Siste stopp får bli buret, den spesielle mellomalderbygningen mange har gjesta, og som Torje så ofte har teke på seg å fortelje om. Om fruktbarheitssymbolet på døra, om beslaga som skal vera frå 1100-talet, og dei breie golvplankane, om senga og brurestolen, om kamaren og om nykelen som er av eit slag som ikkje er grei å ha i vestelomma. Mykje av det som har blitt samla av gamle ting på garden er å finne i buret; til eksempel ein kabretteholk, ein smørholk, ein fiskeholk, ei ullkorg, ei hatteøskje, ein bruresal og ein tri-fire par tresko gjorde av Johannes Sandsdalen (1848-1941). Puh.
I ungdommen gjekk Torje på gymnas i Oslo.
– Og etter den tid?
– Då har eg gjenge bak ein hest, parerar han kjapt, og fortel at han kom heim att og dreiv garden.
– Hadde du lyst til å ta meir utdanning?
– Ja.
Meir blir det ikkje sagt om den saka.
Gratulerer så mykje med dagen!
Heiderspris til den flittige kulturvernaren
– Me er takksame og djupt imponerte over korleis eigaren har teke vare på og vedlikehalde eitt av dei meste særmerkte kulturminna me har i Seljord. Riksantikvaren er frå seg av begeistring, og me er stolte, var nokre av godorda ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen kom med ved utdelinga av kulturprisen.
I tillegg til alt arbeidet han har gjort på Koparvollen, som ordføraren karakteriserte som ei perle på Brøløs, har vinnaren også lagt ned tallause timar i restaureringsarbeid på Vestigard Åsheim, slik at også denne garden står fram som eit historisk og kulturelt minnesmerke.
– Han er ein kulturformidlar med mykje kunnskap, og han byr gjestfritt inn på tunet der ein kan få historiske tilbakeblikk, noko som både innbyggjarar og besøkande har nytt godt av gjennom tidene. Vinnaren ivaretek desse verna kulturminna utan å krevje noko tilbake, sa Abrahamsen, som denne gongen gav noko tilbake – ein bronsestatuett laga av kunstnaren Ellen Grøstad Barstad, ein sjekk på 20.000 kroner og ein blomebukett. Og det seljordingane gav tilbake var ein langvarig, ståande applaus frå ein fullsett sal i Granvin kulturhus.
Artikkelen er publisert 19/05-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|