|
Sundag 26/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ingen tømmermenn av skogbruksverva
 Skogens mann: I mange år har Olav A. Veum hatt interesse for skogbruket. Snart går han inn i toppvervet i Skogeigarforbundet.
|
Fyresdølen Olav A. Veum (39) starta jobbkarrieren i Skogeigarforbundet. Styreleiaren i AT Skog gler seg til han no også blir leiar av hovudorganisasjonen med 40.000 medlemer.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
– Skogbruket dei siste 20 åra har vore langt framme på min dagsorden. Eg er ein skikkeleg treskalle, men får ikkje tømmermenn av verva mine.
Orda kjem med eit smil frå Olav A. Veum få dagar før han tek på seg endå eit verv i skogbruket. Fyresdølen er samrøystes innstilt som ny leiar i Norges skogeierforbund til årsmøtet 5. juni. Det er like liten sjanse for at innstillinga skal bli vraka som at tømmerprisen blir dobla i år. Men la no dette temaet ligge litt, for kven er eigentleg denne Olaven som likar å vekse inn i nye roller og ikkje gro fast i same jobben?
Travel kvardag
Det blei flytting frå Fyresdal då Veum i 1991 starta fire års utdanning på skogbrukslinja på Ås for å sikre seg mastergrad i skogbruk. Etterpå blei det jobb i Oslo i tilknyting til Skogeigarforbundet og Levande skog; han laga opplegg for miljøsertifisering i skogbruket.
Neste jobb kom til å vare i fire år, då Veum var industri- og marknadskonsulent i Skogeigarforbundet.
– Det er litt artig. Skogeigarforbundet var fyrste plassen eg jobba. Det blir rart å kome tilbake der som styreleiar, men veldig triveleg, er Veum klar på.
For ti år sidan overtok han generasjonsgarden i Fyresdal, og blei skog- og næringssjef i kommunen. Fire år seinare byrja han i ei oppgåve som framleis er arbeidsområdet; dagleg leiar i Vest-Telemark næringsforum.
Kona Kristin Vedum, utdanna økonom på Ås, har arbeidsplassen sin på Dalen som økonomi- og administrasjonssjef i Statkraft. Ekteparet har tri jenter som er fem, seks og ni år gamle.
– Me har ei utfordrande øving i å koordinere tida. Mykje blir planlagt i veldig lang tid framover, men det funkar, seier ein travel og strukturert Veum.
Rusta for utvikling
Det er ikkje husdyr på gardsbruket like nord for Fyresdal sentrum, men Veum held jorda i hevd og tek seg litt av ungskogpleie og vegvedlikehald av skogsbilveg. Han får andre til å ta seg av tømmerdrifter. I fjor blei det hogge 2.600 kubikkmeter, mykje av det kom i samband med utbygging av skogsbilveg på eigedomen til Veum.
– Eg er ein av dei som har trua på å hogge skog så fort han er mogen.
Like etter at skogbrukaren kom heim att til Fyresdal, blei han leiar i skogeigarlaget. I 2005 gjekk han inn i styret i AT Skog, og er der no på åttande året. Sist mars blei han valt inn i sitt tredje år som styreleiar.
Noko av det han er mest nøgd med etter dei to fyrste åra som styreleiar i eitt av dei sju skogeigarandelslaga i Noreg, er at organisasjonen har kome i driftsøkonomisk balanse.
– AT Skog treng ikkje lenger ekstern kapital for å drive butikken, seier Veum.
Dei to siste åra har vore veldig prega av det som har skjedd i treindustrien, der fabrikkar har blitt lagt ned. I ei slik tid er Veum stolt over at ein då har klart å få fram ei heilt ny næring knytt til bioenergi. Det har blitt etablert elleve fjernvarmeanlegg frå Egersund til Skien.
– Dette er primært oppgåver som dei tilsette i AT Skog har jobba med. Dei er ein gjeng med utruleg flinke folk, erfarer Veum.
Når han snakkar om tilsette tenkjer han også på to dotterselskap; dei 20 som jobbar i AT Plan, fem av dei i næringshagen i Fyresdal. Der held også Faun naturforvaltning til, kompetanseverksemda der AT Skog eig 52 prosent av aksjane.
– AT Skog er veldig solid og også rusta for utvikling framover, slår styreleiaren fast avsluttingsvis om skogeigarandelslaget for Telemark og dei to Agder-fylka.
Avsetningskanalar
Ei hovudårsak til at Veum brukar mykje tid på skogbruket, er alle utfordringane. Fyresdølen slår fast at skogbruket er ei viktig næring også i dag, og sysselset opptil 30.000 personar i Noreg.
– I skogbruket er det tri–fire milliardar kroner kvart år som blir frigjort i Bygde-Noreg. Det er viktige bidrag til at ein kan investere og halde ting i gang, seier Veum.
Han er veldig fascinert av tankegangen om skogeigarsamvirke, det at ein kan samle kraft i distrikta, oppnå prisar, få på plass transport og avsetting. I den komande rolla som styreleiar i skogeigarforbundet ser han føre seg tri viktige område å jobbe med.
Det fyrste er å skape avsetningskanalar for tømmeret, noko som blir ei utfordring. Det siste året har to store treforedlingsbedrifter blitt lagt ned fordi behovet for papir er blitt mindre og mindre.
– Det er soleklart at det kan bli problem med å få levert tømmer framover. Ei løysing er å eksportere meir enn me gjer i dag. Elles håper og trur eg at norske styresmakter, saman med skogeigarane og andre, skal klare å byggje opp ny og framtidsretta industri. Tre kan bli til mange produkt, til dømes drivstoff og trekol, ja eg kunne nemnt tusen ting. Men det krev vanvittige investeringar for å få det til, seier Veum om bremseklossen.
– Får me til lokal foredling, er det heilt fantastisk, legg han til om ein mogleg avsettingskanal i tider det er dyrt å frakte tømmer.
For mange krav
Den andre viktige oppgåva framover blir å jobbe med råderetten og restriksjonsnivået. I dag er over 30 prosent av skogarealet i Noreg underlagt ein eller annan restriksjon.
– Det er for mange krav i skogbruket no, og det byrjar å bli vanskeleg å handtere for ein god del skogeigarar. Eg er redd det blir så mange krav at skogeigarane let vere å hogge. Det viktigaste framover blir å vise at me driv ei næring som betyr noko. Me treng ein slagkraftig organisasjon som har ei synleg og sterk stemme i politiske debattar. Me må passe på at me ikkje blir overkøyrde av miljøvernorganisasjonar og styresmaktene, seier Veum.
– Eg vil ikkje finne meg i at det ausar inn krav frå aust og vest over skogbruket. Men eg er veldig oppteken av at me skal vere ei ansvarleg og miljøvenleg næring, presiserer den påtroppande styreleiaren i Skogeigarforbundet.
Meir tydeleg
Vidare blir det viktig for Veum at det er ei generell lønsemd i skogbruket. Då står tømmerprisar sentralt, og at det skal vere økonomi i det ein driv med.
Veum vil ikkje meine noko om dagens prisnivå på tømmer. Han slår fast at ein er i ei konkurransenæring og er prisgjeven kva marknaden vil betale.
– Det blir kjempeviktig å skape lønsemd og jobbe for skogbruket. Avsetningskanalar, lønsemd og råderett og restriksjonsnivå har vore kjernetema lenge. Men eg kjem til å vere endå meir tydeleg på temaa og sette dei på dagsorden i Skogeigarforbundet, slår Veum fast.
Ei utvikling som alt har vore der ei tid er at andre aktørar utfordrar skogeigarsamvirket. Konkurrentar kjem inn og kjøper tømmer av skogeigarane.
– Skogeigarane må forstå at det er viktig med eit fellesskap. Det er 40.000 medlemer i skogeigarforbundet, og det blir viktig å oppretthalde limet mellom desse, ser Veum som ei anna utfordring i styreleiaroppgåva.
– Er det noko eg ikkje er glad i, er det å sutre. Me må skape eit positivt bilde av skogbruket, legg han til om kva han vil leggje vekt på i leiarrolla.
Nesten fulltidsjobb
Styreleiarane i dei sju skogeigarandelslaga i Noreg utgjer styret i Norges skogeierforbund. Då Veum fekk spørsmål om å overta det krevjande leiarvervet, var det både hyggjeleg og litt skremmande å gå for ei slik utfordring.
– Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv og diskuterte med familien. Leiarvervet er kanskje den største utfordringa eg kan få og har mest lyst til å drive med. Eg kan ikkje la vere å ta eit slikt verv, seier Veum.
– Ein må jo ta nokre utfordringar og ikkje bare safe, legg han til.
Når han snart skal kombinere to styreleiaroppgåver i skogbruket, fylgjer det også med ein del andre verv. Det blir mange reiser og møte, og dermed nesten ein fulltidsjobb. Då seier det seg sjølv at han er nøydd til å seie opp jobben i Vest-Telemark næringsforum.
– Det er litt vemodig at eg må avslutte dette engasjementet. Det har vore seks gilde år i Vest-Telemark næringsforum. No blir det lyst ut etter ny dagleg leiar, seier Veum.
Kriblar i magen
I byrjinga av juni er fyresdølen klar for det nye tillitsvervet der han blir ombod for 40.000 medlemer i skogbruket.
– Eg har stor respekt for at eg skal levere og gjere ein best mogleg jobb. Det kriblar i magen og eg gler meg veldig til å ta tak i denne store utfordringa. Eg har store ambisjonar på vegne av næringa, seier Veum.
Han har veldig tru på skogbruket som næring.
– Skogbruket skal brødfø denne store verda med produkt. Det vil bli stort behov for alle typar råvarer framover. Me bør ikkje brenne opp trefiberen før han er brukt ti gonger, avsluttar han som rett og slett har falle for skogbruket og det som blir skapt av denne næringa.
Artikkelen er publisert 19/05-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|