|
Onsdag 19/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Seier det med rundballar
 Mobiliserte: Flatdalsbøndene plasserte ut rundballar i Flatdal og Seljord med klar bodskap til Regjeringa. Frå venstre: Gunleik Mæland, Gudmund Mangerud, Lars Halvor Byberg, Odd Arne Byberg, Kjell A. Sølverød, Vigdis Opsund og Turid Opsund Mæland med Olav (1) på armen.
|
Sundag viste flatdalsbønder kva dei meiner om statens tilbod i jordbruksoppgjeret. Rundballar med tekst blei plassert ut i både Flatdal og Seljord.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Laurdag braut landbrukets organisasjonar forhandlingane om jordbruksavtale med staten. Tilbodet om 13.000 kroner meir per årsverk gav ikkje grunnlag for vidare forhandlingar, meinte forhandlingsleiar og leiar i Noregs bondelag, Nils T. Bjørke. Kravet frå bøndene var 51.000 kroner per årsverk.
– Jens må bestemme seg
Bøndene meiner Regjeringa ikkje tek Stortingets vedtak om auka matproduksjon på alvor. I Telemark har det vore aksjonar fleire stadar for å få merksemd om saka. Både i Flatdal og i Seljord blei det plassert ut rundballar med ulike tekstar og bilde av statsminister Jens Stoltenberg.
– Nå må Jens bestemme seg om han vil ha eit norsk landbruk, seier flatdalsbøndene i Seljord bondelag som aksjonerte sundag.
Kjell A. Sølverød, leiar i Telemark bondelag, tok turen til Seljord, og han var imponert over initiativet i lokallaget. Bøndene håpa at den nye landbruksmeldinga skulle gje nytt driv i norsk landbruk, men Sølverød meiner årets jordbruksoppgjer langt på veg er å kaste meldinga på bålet.
– Me trudde på ein ny giv i landbruket, men fekk dette midt i trynet i staden. Me blir hengande etter. Andre grupper ser ut til å få meir enn 17.000 kroner ekstra i år, seier leiaren.
Trivst i jobben
– Dette aksepterer me ikkje. Me har venta lenge. Nå er det nok, seier Gunleik Mæland (25), leiar i Seljord bondelag.
Han byrja frå botn som gardbrukar som 19-åring, og har måtta jobbe beinhardt ved sida av for å få det til å gå rundt. Mæland peikar på at marginale inntekter ikkje gjev rom for investeringar.
– Eg hadde ikkje trudd det kom til å vere som det blei, og trudde yrket var til å leve av. Eg trivst veldig godt i jobben, men er spent på framtida, seier han.
Sølverød og Mæland viser til at bygder gror att.
– Me må ta vare på matproduksjonen me har, før han blir øydelagt, seier dei.
– Godt tilbod
Bøndene vil ikkje leggje skulda på Senterpartiet og landbruksminister Lars Peder Brekk åleine.
– Me skuldar på Regjeringa. Dei innfrir ikkje i høve den nye landbruksmeldinga, seier Sølverød og Mæland.
Det totale tilbodet frå staten var på 900 millionar kroner, medan kravet frå bøndene var på 2,2 milliardar.
– Landbruket har fått eit godt tilbod. Organisasjonane veit også at me hadde ein god del meir å gje i forhandlingar. Derfor meiner eg det er ekstra beklageleg at dei vel å bryte utan å forhandle, kommenterer Lars Peder Brekk.
Brotet gjer at jordbruksoppgjeret går direkte til Stortinget for endeleg vedtak.
Artikkelen er publisert 15/05-2012
|
Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga

|