Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Trur Vrådal brygge blir ei perle


Komplett: Prosjektleiar Leif Larsen og dagleg leiar Petter Johnsen i Vrådal Panorama ynskjer å skape eit komplett ferie- og buområde der alt også er lagt til rette for menneske som er funksjonshemma.

Eit bu- og fritidsområde med 37 bueiningar til fast- og fritidsbruk tilrettelagt for funksjonshemma i Vrådal er under planlegging.




I fjor haust kjøpte Petter Johnsen, dagleg leiar ved Vrådal Panorama, tomta Straumsnes i Vrådal, og kunne utvikle ein idé han hadde tenkt på ei stund.
– Vrådal Panorama har selt ei mengde hytter til turistar som kjem til Vrådal. Dei fleste tomtene ligg i ei skråning, og me har sett at det også er behov for fritidsbustadar tilrettelagt for folk som ikkje er funksjonsfriske. På Straumsnes ynskjer me å byggje opp eit komplett område der fastbuande og fritidsbustadar er knytt saman til eit anlegg som er fullt ut bygd for at funksjonshemma også kan kome til over alt, seier Johnsen.
Han nemner mellom anna asfalterte vegar, tilrettelagte bustadar og rullestolramper som gjer det mogleg å ta seg ut i vatnet og høve til å komme seg til båten utan hjelp.
– Me skylder dei funksjonshemma eit prosjekt i Vrådal der alt er tilpassa, for det har me ikkje i dag, seier Johnsen.

37 bueingar
Saman med prosjektleiar i Vrådal Panorama, Leif Larsen, fortel Johnsen entusiastisk om planane dei har for framtida på Straumsnes. På bordet framfor dei to karane ligg ei planskisse.
– Planskissa som me har lagt ut til høyring inneheld 37 bueiningar, der 13 er teikna inn til fastbuande og 24 einingar er tenkt til fritidsbustadar. På området som ligg mot sentrum har me tenkt å reise eit rekkjehus som blir delt til både fastbuande og fritidsbruk. Dei andre bueiningane vil vere frittståande fast- og fritidsbustadar i inndelte område, seier Johnsen.
– Me vil skape eit prosjekt som alle kan ha glede av. På skissa har me teikna inn gang- og sykkelveg som går parallelt med hovudvegen. Me har også lagt inn ein strandpromenade mot vassfronten, i tillegg til vegar som vil gå gjennom området, seier Larsen.
– Nå legg me opp til vår del av gang- og sykkelvegen så får grunneigarar og kommunen kome fram til ei løysing for å byggje veg for dei mjuke trafikantane bort til sentrum, seier Johnsen.
Han meiner dette er eit godt tiltak for å skape ein tryggare skuleveg og for å knyte saman området til slusa og Fossøy og tur- og fritidsområde.
På plankartet er ein odde i retning skulen ikkje med i planane, sidan denne grunnen i dag er privateigd. Her finst det to hytter og eit båthus som kommunen skilte frå området for nokre år sidan.

Ljos og natur
Om planen blir realisert reknar Johnsen at uteområdet ferdig tilrettelagt, med ulike hjelpemidlar, vil kome på 25 millionar kroner.
– Me vil fokusere på naturen, byggje gode godkjente asfalterte vegtrasear og nytte naturstein som dekorelement. Vidare vil bygga ha eit ljost preg, inspirert av bygga i Vrådal sentrum, seier Johnsen.
– Så her kjem det ikkje store brune laftehytter med gras på taket, slik ein finn ved skisenteret?
– Nei, dei høyrer heime på fjellet. På Straumsnes vil me heller skape kjensla av skjærgård, kanskje litt sveitserstil på bygga og takstein i staden for torv, seier Johnsen.

God tru
– Me vil jobbe vidare med å bli den desidert beste heilårs-turiststaden i Noreg, konkluderar Johnsen, som er oppteken av at det nye anlegget skal kome alle til gode.
Friområda med leikeplass, sandvolleyballbane, sandstrand og båtar kan vere eit supplement til skulen som utbyggjaren ynskjer at skal bli bruka mest mogleg.
– Ynsket vårt er sjølvsagt også å trekkje fleire innbyggjarar til bygda for å auke elevtalet og sikre skulen i framtida, seier Johnsen.
Han meiner også at friområdet i den nye planen vil vere eit godt tilbod til eksisterande bustadområde på andre sida av hovudvegen.

Ynskjer hauststart
– Tida som kjem blir spennande, og eg håpar at saksgangen med reguleringsplanen vil gå raskt slik at eg kan setje spaden i jorda til hausten, seier Johnsen som brenn for ideen, men som ikkje trur det ligg store inntekter i planane.
Han har alt interesserte som vil busetje seg i området både som fast- og fritidsbuande.
– Ut frå det eg kjenner til er me førebels fyrst i landet om å byggje eit eige anlegg for funksjonshemma så tett på sentrum på ein turiststad. Eg trur det kan bli ei perle, bare jobben blir gjort skikkeleg, seier Johnsen, og avslører at totalkostnaden for prosjektet som Vrådal Panorama vil byggje sjølv vil liggje mellom 70 og 100 millionar kroner.


Artikkelen er publisert 15/05-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild