|
Tysdag 21/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
 Triveleg syn: Medan mange har slutta med husdyr i Vest-Telemark, er det fullt liv på garden Snarteland i Fyresdal der det mellom anna er over 100 telemarkskyr.
|
Aslak Snarteland i Fyresdal meiner ein må fokusere på at å vere bonde er ein livsstil. Vidare må ein bonde snakke positivt om det han driv med.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Dei siste ti åra har 170 husdyrhaldarar i Vest-Telemark lagt ned drifta.
– Det er tragisk, og du ser det gror att, seier bonde Aslak Snarteland.
Han meiner nokon av grunnane til nedgangen er gode moglegheiter til å skaffe seg andre jobbar, dei er betre betalt og ein får meir regulert fritid. Vidare er dei statlege finansieringsordningane på investeringssida i landbruket for dårlege, og det er ikkje så enkelt å gjere ei investering. Dessutan er det vanskeleg å få innpass i mjølkeproduksjon og å få kjøpt mjølkekvotar.
– Det er elles eit paradoks at store mjølkeprodusentar sluttar og i staden har gardsbruket som leikeplass. Ingen vil selje garden, og det gjeld ikkje bare i Vest-Telemark, seier Snarteland.
Drivkrafta
I fjor var Fyresdal einaste kommunen i Vest-Telemark der det auka med husdyrhaldarar.
– Eg føler den negative trenden er i ferd med å snu i Fyresdal. Det er fantastisk og moro at nye startar med husdyr. Kan me etablerte bønder vere fadrar for dei er det kjempebra, seier Snarteland.
Han har tru på at prosjektet «Sauekjøt, ja det er gøtt» skal auke dyretalet i Vest-Telemark.
– Å drive med sauer krev minst investeringar, og økonomien i sauehald er ikkje så dårleg, meiner Snarteland om at denne drifta no gjev betre lønsemd enn før.
Når han tenkjer på ting som må gjerast framover for å snu den negative trenden med at mange sluttar med husdyr, dukkar ordet «framsnakking» opp.
– Me må fokusere på at det å vere bonde er ein livsstil. Det er ikkje eit vanleg yrke, og du må like å vere bonde. Drivkrafta er å produsere rein mat og det forbrukarane vil ha, seier Snarteland.
For litt sidan hadde han besøk av ein del elevar frå Søve vidaregåande skule.
– Ved slike høve er det oppgåva mi å snakke positivt om det eg driv med, er fyresdølen klar på.
Tilsette og fritid
Snarteland driv med 120 storfe, dei fleste telemarkskyr, og 55 vinterfôra sauer.
– Og så har eg nokre hestar og noko vas, smiler han om andre dyr på bruket.
Han byrja som bonde i 1987, og er veldig fornøgd med yrket sitt.
– Eg har lagt opp eit løp der eg har tilsette og fritid. Dei åra eg har vore bonde har gått veldig fort, og stadig har eg hatt prosjekt på garden. Det er litt meg, det må skje noko, humrar Snarteland, to år etter fjøsinvesteringa på nesten seks millionar kroner.
– Eg hadde aldri kunne bygd fjøset om det ikkje hadde vore for næringsfondsstyret i Fyresdal, sjølvsagt i kombinasjon med Innovasjon Noreg. Eg stussar på at ikkje fleire vil satse i Fyresdal der ein kan få så godt kommunalt tilskot, seier Snarteland.
Artikkelen er publisert 10/05-2012
|
Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten

|