|
Sundag 26/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Godt besøkt kappleikshelg
 Spelemannen: A-klasse spelemannen Stein Versto framførte både ein springar og ein gangar på fylkeskappleiken.
|
Det var sæbyggane stod for det musikalske startskotet på årets fylkeskappleik i Vinje denne helga. Det blei ei godt besøkt og triveleg kappleikshelg på Vinjehuset.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
Festleg kappestrid med ein laus og humoristisk tone mellom dansarar, spelemenn og kvedarar var det ein fullsett festsal inne på Vinjehuset fekk oppleve laurdag, då årets fylkeskappleik blei arrangert av Vinje dansarring og Telemark folkemusikklag.
Blei heidra
Eit stort namn i folkemusikkmiljøet gjekk bort for kort tid sidan, det var difor naturleg for arrangørane av årets kappleik å starte arrangementet fredag med eitt minutts stille for å heidre Jon Elling Buen Garnås frå Bø.
Om lag 120 personar var møtt fram for å oppleve ein solid konsert ved namn «Sæbyggjan kjæm» på Vinjehuset.
Konserten blei leia av Johan Vaa, og utøvarane var Daniel Sanden Warg på hardingfele, Sæbyggjan dansarlag med dans og stevkveding, kvedaren Birgit Annette Helle, Sigrid Berg og Knut Kjetilson Jore og sogeforteljaren Gyro Knutsdotter Homme. Fleire av aktørane meldte sin entré på scenen att under kappleiken laurdag.
Russ og sjarm
Aslaug Kostveit i dansarringen kunne fortelje at arrangørane var godt nøgd med oppmøtet laurdag også. 47 utøvarar viste sine kunstar på scenen, noko som var ei lita auke frå sist gong fylkeskappleiken vitja Vinje. Unge og talentfulle til eldre og stødige i sitt fagfelt fekk vise seg fram, fridde til dommarpanelet for gode poengsummar og hausta god applaus frå tilhøyrarane.
Vårkjensla meldte seg skikkeleg då setesdølen Knut Kjetilson Jore gjorde ein livat og morosam entré på scena med ein eigen russestev-intro. I kledd blårussebuksa og avklypt dusk på luva blei det også med ein liten slengkommentar i stevet til raudrussen.
Dagens mest sjarmerande innslag var det den beste lausdansaren som sytte for. Vilde Westeng frå Gransherad smelta heile salen på eit blunk, der ho spratt lett som ei fjør over golvet og sparka hatten ned til jubel og applaus frå salen.
Artikkelen er publisert 08/05-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|