|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Snudde i vegsaka
 Vedtok likevel: Vegvesenet sa nei til å gjera undersøkingar om ein alternativ trasé forbi Plassane aust for Åmot. Planutvalet tilrår no dermed å gå inn for planen slik han ligg føre, med nokre tilleggsframlegg. 10. mai kjem saka til kommunestyret for endeleg vedtak.
|
Planutvalet i Vinje tilrådde onsdag likevel å gå inn for Vegvesenets framlegg til vegtrasé forbi Plassane. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka neste veke.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Det førre vedtaket til planutvalet, der dei bad om at Vegvesenet skulle greie ut om ein alternativ trasè forbi eigedomen Subø, skapte mykje rabalder. Mange frykta at heile prosjektet kunne bli utsett eller i verste fall at Åmot-delen blei teke ut av bompengeprosjektet på E 134 i Vest-Telemark. Leiar i planutvalet, Tone Edland, understrekar at ho framleis synest det er merkeleg at saka blei så stor.
– Det er ikkje slik at me nokon gong var imot denne planen. Me ynskte berre at alle alternativ skulle på bordet før kommunestyret skal handsame saka, seier Edland.
Planutvalet vedtok i aprilmøtet at dei ynskte ei utgreiing frå Vegvesenet om ein alternativ trasé forbi garden Sudbø, for å verne om kulturlandskap, bumiljø og dyrka mark. No har svaret frå Vegvesenet kome, og dei er klare på at dei ikkje ynskjer å gå vidare med ei slik utgreiing.
– Dersom kommunen ynskjer å gå vidare med eit slikt alternativ, vil vi måtte vurdere å ha motsegn til det, skriv Eivind Gurholt og Turid M. Leikvoll i Vegvesenet i svaret til kommunen.
– Lett for Vegvesenet
I planutvalsmøtet onsdag signaliserte fleire at dei ikkje var overraska over at Vegvesenet avviste forslaget på denne måten, seier Edland.
– Det er klart det er enklare for dei å seie at dei ikkje vil greie ut meir om det, når så mange har gått ut og sagt at dei ikkje ynskjer at Vegvesenet skal leggje fram eit alternativt forslag til trasé, seier Edland, og viser mellom anna til ordførarane i Kviteseid, Tokke og Seljord og dagleg leiar i Haukelivegen, Børge Skårdal.
Dei gjekk ut i VTB og bad Vegvesenet om ikkje å bruke tid og pengar på eit alternativ til trasé, fordi dei såg det som altfor tid- og kostnadskrevjande, og lite realistisk å få gjennomført innanfor dei økonomiske rammene i prosjektet. I planutvalet lufta fleire at desse reaksjonane kunne vera noko av årsaka til at Vegvesenet sa så bastant nei til ei slik utgreiing.
Meir enn ti millionar
I brevet frå Vegvesenet til kommunen, skisserte dei at ei lengre bru på om lag 100 meter vil koste om lag 10 millionar kroner meir enn brua på om lag 60 meter, som er planlagt i dag.
– Samtidig vil ein få nye, store fyllingar ut i dette vanskelege geologiske området. (…) Auka kostnader ved utfylling er det vanskelegare å seie noko om, skriv dei i brevet.
Edland seier planutvalet forheld seg til det svaret Vegvesenet no har gjeve, og at det var lite diskusjonar i møtet onsdag. Utvalet tilrådde samrøystes å gå for planforslaget som ligg føre. Desse tri tilleggsframlegga frå høvesvis Johan Vaa (SV) og Oscar Garnes (V) fekk også fleirtal med leiarens dobbeltrøyst:
1. Ein legg til grunn at der det blir skade og ulemper på eigedomar, blir avbøtande tiltak gjennomførde i samråd med aktuelle grunneigarar.
2. Eigedomen Sudbø og skade på han har vore framme i tidlegare sakshandsaming i plan- og miljøutvalet. I høve til pkt. 1 vil utvalet no peike på heildekkande støyskjerm og ny avkøyrsle.
3. Plan- og miljøutvalet syner vidare til at Statens Vegvesen under synfaring uttala at det, innanfor framlagde planar, er høve til å justere vegføring slik at det blir meir i samsvar med vedtaket i utvalet 11.04.12.
No er det opp til kommunestyret som møtast 10. mai å gjera endeleg vedtak. Edland trur det kjem til å bli ein del diskusjon om vegsaka i dette møtet.
– Mellom anna trur eg det kjem til å koma ein diskusjon om måten folk har gått ut i media på, seier ho.
Artikkelen er publisert 05/05-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|