|
Tysdag 18/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Færre kraftmillionar til kommunane
 Meir normalt: Både 2009 og 2010 var spesielt gode år med store overskot. 2011 var meir normalt, seier administrerande direktør Ketil Kvaale i VTK, som varslar mindre utbyte til eigarane. (Illustrasjonsfoto: Knut Espelid)
|
Vest-Telemark kraftlag varslar eigarkommunane at dei må vere førebudde på langt mindre i utbyte enn dei 25 millionane dei delte på i fjor. Ketil Kvaale i VTK reknar med at resultatet blir 35 prosent lågare enn i 2010. – Som for alle andre kraftverk gjev lågare kraftprisar i 2011 eit dårlegare resultat enn tidlegare, seier Kvaale.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Rekneskapen for 2011 er enno ikkje godkjent, men i eit brev til dei seks eigarkommunane Fyresdal, Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid og Nissedal varslar administrerande direktør Ketil Kvaale i VTK eit lågare utbyte enn det eigarane har vore vant med dei siste tri åra. I fjor mottok dei seks kommunane totalt 25 millionar kroner av resultatet etter skatt på 37,9 millionar kroner. I 2010 var utbytet 20 millionar kroner og i 2009 14 millionar kroner.
– Som for alle andre kraftverk gjev lågare kraftprisar i 2011 eit dårlegare resultat enn tidlegare. Både 2009 og 2010 var spesielt gode år med store overskot. 2011 var meir normalt. Kommunane er eigarar i ein næringsaktivitet som ikkje er konstant, og ein kan ikkje forvente «all time high» kvart år, seier Ketil Kvaale til VTB.
Logisk med lågare utbyte
Den låge straumprisen har kome innbyggjarane til gode, men gjev mindre kroner til kraftselskapa og i neste omgang eigarane – i dette tilfellet kommunane i Vest-Telemark. Kvaale vil ikkje røpe noko om resultatet i 2011 før det er godkjent, men stadfestar at det kan bli opp mot 35 prosent lågare enn i 2010 då årsresultatet var på 37,9 millionar kroner. Auka avskrivingar på grunn av store investeringar, uvêr og redusert inntektsramme medverkar også til at resultatet blir monaleg dårlegare enn dei siste åra.
Om utbytet blir redusert like mykje som resultatrekneskapen tilseier, vil ikkje Kvaale spekulere i.
– Styret kjem med framlegg om kva som skal delast ut i til eigarane, og har ikkje konkludert enno, seier han.
Men han legg til at det ikkje er ulogisk om utbytet skulle bli lågare når resultatet er dårlegare.
Styret møtest 25. mai. Generalforsamlinga i VTK er i slutten av juni.
Sidan 1999 er det totalt betalt ut kring 300 millionar kroner i utbyte frå VTK til kommunane. Frå 2001 til 2006 var utbytet 6,2 millionar kroner i året, medan det i 2007 blei betalt ut ekstraordinært utbyte på 150 millionar kroner, som blei lånt tilbake som ansvarleg lån, i tillegg til ordinært utbyte på 6,2 millionar kroner.
Om utbytet blir redusert med 35 prosent, betyr det totalt 8,75 millionar kroner mindre i dei seks kommunekassene i 2012.
Budsjettert med 4,75 mill.
Med unntak av Nissedal som eig 5 prosent i VTK, har dei fem andre kommunane 19 prosent kvar av aksjane i selskapet. Det gav i 2011 4,75 millionar kroner i kommunekassene til Fyresdal, Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord. Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen seier det var lite hyggeleg å få varsel om redusert kraftutbyte.
– Me er avhengige av kraftinntektene og har kalkulert inn desse i budsjettet, seier ordføraren.
Ho ynskjer å diskutere saka med dei andre eigarkommunane før styret i VTK møtast. Sundbø Abrahamsen meiner det kan vere ei mellombels løysing å bruke av ein solid eigenkapital i VTK for at konsekvensane i år ikkje skal bli for store for kommunane. Seljord kommune har i 2012 budsjettert med same utbyte som i 2011: 4,75 millionar kroner.
– Litt dristig å budsjettere med nytt rekordutbyte?
– Det har berre gått ein veg i bransjen dei siste åra, og eg trur ikkje me er dei einaste som har kalkulert med dette, seier Sundbø Abrahamsen.
– No må me fyrst og fremst finne ut om det let seg gjere å løyse på andre måtar, men om styret i VTK ikkje er komfortable med det, må me bruke eiga sparekasse att, seier ho.
Ikkje førebudde
Også Vinje kommune har budsjettert med same utbyte som i 2011. Økonomisjef Jan Myrekrok seier det vil merkast om utbytet blir 35 prosent lågare enn i fjor.
– Slik drifta er nå, er 1,6 millionar kroner eit høgt tal, seier Myrekrok.
Kollega Kjersti Bergland i Fyresdal seier dei også har budsjettert med utbyte som i 2011. Ho meiner kommunestyret alt før sommaren må ta stilling til korleis den vel halvannan millionen eventuelt kan dekkast inn.
– Me var ikkje førebudde på dette, seier Bergland.
I Kviteseid og Tokke kommunar har dei vore meir nøkterne, og båe har budsjettert med 3,8 millionar kroner i utbyte i 2012. Men likevel vil den varsla reduksjonen gje utfordringar.
Artikkelen er publisert 05/05-2012
|
Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga

|