|
Laurdag 25/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
164 ungdomar på vårball
 Moro: Åshild Ringhus (t.v.), Bård Berge, Agnete Straumsnes og Klas Erik Vefald kom til vårballet for å ha det moro, og slik blei det.
|
Mange ungdomar frå tri av kommunane i Vest-Telemark storkosa seg på vårballet i Vinjehuset.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Vårballet i Vinjehuset i Åmot sist fredag var resultatet av eit samarbeidsprosjekt om å ha regional ungdomsklubb for Vest-Telemark. I fleire år har Vinje kommune arrangert dette ballet for eigne ungdomar, men denne gongen var unge vesttelar frå 13 til 17 år velkomne til å delta.
Ungdomsrepresentantar frå dei fleste kommunane i Vest-Telemark bestemte innhaldet for kvelden der det mellom anna var pizza, underhaldning og dans. VTB stilte ungdomar frå Kviteseid, Vinje og Seljord same tri spørsmål i samband med arrangementet: 1. Kvifor er du på vårball? 2. Kva forventingar har du til kvelden. 3. Kva synest du om felles ungdomsklubb i Vest-Telemark?
Glade for regional klubb
Åshild Ringhus frå Vinje svara slik: 1. Eg har vore med i planleggingsgruppa og syntest vårballet verka veldig moro å vere med på. 2. Det er moro å bli kjent med nye folk. Det er det viktigaste og at alle har det bra her i kveld. 3. Det er kjempebra å ha felles ungdomsklubb. Då treff ein mange nye, og blir meir kjent med kvarandre i kommunane.
Agnete Straumsnes, Kviteseid: 1. Eg er med i arrangørgruppa, og det verkar gøy å møte nye folk på denne måten. 2. At fleire blir kjent med kvarandre på tvers av kommunane, og at alle har det gøy og har lyst til å kome att neste gong. 3. Det er veldig bra å samle kommunane slik at det blir eit breiare miljø.
Klas Erik Vefald, Seljord: 1. På skulen blei det snakka veldig mykje om vårballet, og det høyrdes gøy ut å vere med. 2. Mange får seg nye vener og har det bra i kveld. 3. Det er kjempebra at ein prøvar å skape betre ungdomssamfunn i Vest-Telemark og med betre miljø.
Bård Berge, Seljord: 1. Møte mange venner, nye folk og ha det moro. 2. Det er moro å bli kjent med nye folk. 3. Det er veldig bra med felles ungdomsklubb. Alle blir kjent med kvarandre, og får mange nye venner.
Førebyggjande
Gørild Bothner Kanstad er kommunepsykolog for barn og familie i Vest-Telemark, og var med og starta den felles interkommunale ungdomsklubben.
– Dette prosjektet handlar om å jobbe førebyggjande. Ungdomen var med og starta prosjektet, og er representert i samarbeidsgruppa. Vårballet er eigentleg fyrste formelle resultatet av samarbeidet. Seljord, Vinje og Kviteseid stiller med kommunalt tilsette i prosjektet, og me håpar på sikt å få ressursar frå dei andre tri kommunane også, seier Bothner Kanstad.
Planen er å ha tri årlege regionale arrangement for ungdomen.
– Ungdomen skal vere med og bestemme kva dei vil gjere på arrangementa, og me er med og har førebyggjande helsearbeid, seier Bothner Kanstad der ho står like ved helseinformasjonen som ungdomane kan nytte seg av.
Trygge arenaer
Ein bakgrunn for prosjektet med felles regional ungdomsklubb er eit ynskje om at ungdomen knyter kontaktar på tvers av kommunegrensene, med sikte på å skape identitet og tilhøyre til heile Vest-Telemark. Trygge, sosiale og rusfrie arenaer blir sett på som viktig i det førebyggjande helsearbeidet for ungdom.
Ungdomane sjølve føreslo at foreldre som køyrde dei til ballet kunne nytte trimtilbod og anna medan dei venta på heimturen. Denne gongen var det ikkje nok foreldre for å starte tilbodet, men ideen blir med vidare til nye arrangement.
Silje Hagen, ungdoms- og fritidsleiar i Vinje kommune, er godt nøgd med at det møtte så mange som 164 ungdomar, og endå fleire hadde nok kome om det ikkje hadde kollidert med andre gjeremål.
– Vårballet var vellukka, fenga veldig mange og dei kosa seg. Ungdomane var så fine og pynta, det var moro å sjå korleis dei hadde dressa seg opp, seier Hagen.
Neste regionale arrangement for ungdomen blir ein minifestival i Seljord 16. juni.
Artikkelen er publisert 03/05-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|