|
Torsdag 23/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Eit nytt kapittel i skulehistoria
 Store planar: Det gamle tunhuset på Kvitsund Gymnas skal bort, og eit nytt og moderne bygg kostnadsrekna til 40 millionar kroner stå klart til skulestart 2013. (Fotomontasje av nybygget: Truls Corneliussen, Arkitektfirmaet Søndergaard Rickfelt as)
|
Ungdom frå heile landet har minne frå skuletida på Kvitsund Gymnas. Sidan 50-talet har over to tusen unge gått på internatskulen, som stadig har utvikla seg. Nå står skulen framfor eit nytt byggeprosjekt, større enn nokon gong. Om midlane kjem på plass, kan det nye tunhuset med matsal, kjøkken og internat vere klart hausten 2013.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
Rektor ved Kvitsund Gymnas, Hans J. Sagrusten, har ei spennande tid føre seg ved Kvitsund Gymnas. I desse dagar jobbar skulen med å få på plass finansiering av det nye tunhuset som skal romme ein topp moderne matsal, kjøkken og internat.
Gudbransdølen som starta som rektor ved skulen sist sommar, og som kjenner den vidaregåande skulen svært godt frå tidlegare, står framfor eit historisk byggjeprosjekt.
Utvikling
Etter at Norsk luthersk misjonssamband kjøpte Kvitsund i 1954 og den vidaregåande skulen blei starta i 1974, har det vore ei rekkje store byggjeprosjekt på staden. I 1986 kom mellom anna gymsalbygget til 7,5 millionar kroner på plass.
– Det minnest eg godt. Det var då eg starta på skulen her, og det blei halde opning av gymsalen i samband med opningsfesten for dei nye elevane, seier Sagrusten.
– Det nye tunhuset som nå er vår nye satsing er ikkje fyrst og fremst mitt prosjekt, der er det mellom anna tidlegare rektorar ved skulen som har gjort eit stort arbeid, seier Sagrusten.
Rektoren nemner mellom anna Jonn Foldøy.
Foldøy blei pensjonist sist sommar, men leier nå byggekomiteen som sidan 2007 har jobba med planar for ny matsal og kjøkken. I Kvitsundbladet kan me lese at Foldøy helsar til alle elevane han har hatt ved Kvitsund gjennom 34 år som lærar. Han håpar mange av dei tidlegare elevane vil vere med å gjere Kvitsund til ein endå betre og framtidsretta skule ved kome med private bidrag eller lån, slik at dei kan fullføre prosjektet med tunhuset.
Han meiner også at det nye tunhuset er svært naudsynt å få på plass fordi matsalen i gamlebygget er alt for liten og at det også blir plass til 24 elevar i internatdelen av planlagde nybygget.
Stabburet
Om gåver og lån kjem på plass, kan det nye tunhuset vere realisert til skulestart 2013. I skråninga nedanfor tunet vil matsal og kjøkken kome på plass med utsyn over Telemarkskanalen. Oppe på taket av dette bygget vil det kome eit nytt internatbygg med rom til 24 elevar. Arkitekten som har teikna nybygget har hatt tankar om eit stabbur då det nye tunhuset blei utvikla.
– Om det vil kome inn nok midlar til å gjere ferdig heile eller delar av bygget vil vise seg. Desse nye romma vil erstatte internatbygga Hagebu og Sundbu, som er svært slitne, fortel rektoren.
På tide
Matsalen som i dag blir nytta ved Kvitsund har vore i funksjon i over 50 år, og ein ny samlingsstad er naudsynt.
– Den nye matsalen vil også kunne bli nytta til ein samlingsstad for alle elevane og personalet. Det er det knapt plass slik me har det i kjellaren i gamlebygget i dag. Når alle på skulen skal vere saman må me bruke gymsalen, seier Sagrusten.
Rektoren har også tankar om at den gamle matsalen kan frigje areal til anna bruk, når det nye tunhuset kjem på plass.
– Den gamle matsalen kan til dømes bli ein triveleg kaffebar og eit område som miljøarbeidarane kan bruke til ulike tiltak, meiner rektoren.
Skryt
Arbeidet med å finne støttespelarar til det nye tunhuset er i gang. Førre veke handsama kommunestyret i Kviteseid ein søknad frå Kvitsund gymnas om økonomisk stønad til det nye tunhuset, eit viktig nybygg for vidare drift av skulen.
Politikarane gjekk samla inn for å gje Kvitsund eit tilskot på 1,5 millionar kroner delt på fem år, henta frå kommunens næringsfond.
– Me vil skryte av Kviteseid kommune. Vedtaket politikarane gjorde torsdag er eit godt handslag for oss. At vedtaket var samrøystes er ekstra gledeleg. Det betyr faktisk nesten endå meir at alle er einige, enn storleiken på tilskotet, seier rektoren.
Takksam
Sagrusten er takksam for det gode samspelet mellom skulen og bygda, og set stor pris på samarbeidet med kommunen.
– I løpet av tida mi som rektor ved Kvitsund har eg hatt fleire gode møte med både rådmann og ordførar i Kviteseid. Me har hatt gode samtalar mellom anna om trafikktryggleik og gang- og sykkelveg. Me er bekymra for dei mjuke trafikantane langs vegen mellom skulen og sentrum, og vil gjerne samarbeide med kommunen. Me er viljuge til å bidra med både arbeidskraft og pengar for å realisere vår bit av gang- og sykkelvegen, seier Sagrusten.
Historie
I tillegg til nye planar har også gamalt blitt rusta opp på Kvitsund den siste tida. Det hundre år gamle bygget på Kvitsund-tunet har fått ny raud takstein, ny isolasjon og innomhus jobbar snikkarane iherdig med å pusse opp elevromma.
– Internatromma for elevar i 2. og 3. høgda blir rusta opp. Me er ferdige med nokre og tar arbeidet trinn for trinn, seier rektoren.
Brannsikring, rømningsvegar har blitt oppdatert, og rotne, slitne golv og veggar blir bytta bit for bit.
– Nå blir gamlehuset finare enn nokon gong, og her kan me til slutt romme 28 elevar på einerom, seier Sagrusten.
Nasjonal
For tri år sidan hadde Kvitsund Gymnas elevar frå alle fylka i landet. Om ikkje alle er representert i år, er det framleis elevar som kjem frå nord, sør, aust og vest for skulegang og internatliv. Å bu på skulen er også eit tilbod som fleire av dei lokale elevane vel.
Frå hausten 2012 er det 21 elevar frå Vest-Telemark som har takka ja til skuletilbod ved Kvitsund, av desse er ti elevar frå Kviteseid.
– Ein god skule
– Eg kjem opphavleg frå Vågå i Gudbransdalen, ei lita bygd ein kanskje kan samanlikne med Kviteseid, smiler rektoren.
Då grunnskulen var fullført, freista det Sagrusten å kome seg ut i verda og prøve noko nytt.
– Eg vaks opp i ein kristen familie, men i Vågå var det ikkje noko kristent ungdomsmiljø, og eg fann meg ikkje heilt til rette. Syster mi hadde fullført to år, og skulle til på sitt tredje år ved Kvitsund Gymnas då eg avslutta ungdomsskulen. Difor gjekk turen hit for meg også, seier Sagrusten.
– Åra på Kvitsund betydde enormt mykje for meg, og gjer det for mange. Det var ein fagleg god skule, der ein får gode vener og har god tid til å finne ei personleg god tru. Ein får god tid til å tenke over spørsmål i livet og 16-19 års alderen betyr mykje, seier Sagrusten.
Han minnest ei god tid ved skulen, og fortel at 25 prosent av dagens personale er tidlegare elevar ved skulen.
– Eg trur det er mange som ynskjer å vere med å gjenskape eigne gode minne frå skuletida, seier Sagrusten.
Prest, lærar og bibeloversettar
Han tok utdanning som teolog, arbeidde som prest og bibeloversettar, men har også vore engasjert på styresida i friskule og privatskule.
– Kva tankar har du om framtida til skulen og jobben som rektor?
– Det er mange rektorar før meg som har gjort ein god jobb på Kvitsund. Og det er greitt å ta over ein skule som har blitt drive godt i mange år. Det er eit stort ansvar, men eg har mange dyktige medarbeidarar med på laget. Ein god regel for meg var å leve med skulen i eitt år fyrst for å gjere med kjent. Til sommaren har eg vore her i eitt år og kan jobbe vidare med min visjon, seier han.
– Me er med på å bygge menneske på Kvitsund og ynsket vårt er å gje dei unge ei god grunna kristen tru vidare i livet, seier Sagrusten.
Artikkelen er publisert 03/05-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|