|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ynskjer ikkje vegutsetjing
 Oppmoda: – Det er viktig å vere tydelege overfor sentrale politikarar i vegprosjekt, sa Børge Skårdal.
|
Vegvesenet meiner det ikkje er forsvarleg å utarbeide eit nytt alternativ for vegprosjektet Åmot aust, slik plan- og miljøutvalet i Vinje kommune ynskte.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
I vedtaket frå PMU i Vinje kommune gjekk det fram at dei bad Statens vegvesen om å utarbeide eit alternativt framlegg til reguleringsplan for E134, Åmot aust, der det blei teke meir omsyn til dyrka mark, kulturlandskap og bumiljø. Svaret frå Vegvesenet fekk Vinje kommune torsdag, og det blei det orientert om i formannskapsmøtet same dag.
Klart svar
Konklusjonen i svaret frå Statens vegvesen var tydeleg, og lyder slik:
«Statens vegvesen meiner at reguleringsplanen slik han ligg føre no, har vore gjennom ein god prosess, og at alternative løysingar er grundig gjennomarbeidd. Me kan ikkje sjå at meirkostnaden eit nytt alternativ slik PMU ynskjer, kan forsvarast ut frå ei totalvurdering. Me tilrår derfor at reguleringsplanen blir godkjent slik han no ligg føre.»
I tillegg var Børge Skårdal tilstades og orienterte om planane for ny E134 over Haukeli i samband med nasjonal transportplan (NTP) 2014-2023. Han kommenterte også Åmot aust-prosjektet.
– Må vere tydelege
– Det er viktig å vere tydelige overfor sentrale politikarar i vegprosjekt. Det vil vere fornuftig å handsame Åmot aust på kommunetyremøtet i mai for i det heile å kome i gang med prosjektet, sa Skårdal.
Varaordførar og formannskapsmedlem Jon Rikard Kleven (Sp) var ganske krass i kommentaren då han hadde høyrt snakk om at Skårdal hadde gått ut og oppmoda om å ignorere vedtaket i PMU.
– Sjølv om du er usamd i vedtaket kan du likevel ikkje vere illojal. Du har skote deg sjølv i foten, meinte Kleven.
– Eg aksepterar vedtaket i PMU, men me må vere klare over at ny utgreiing fører til utsetjing ikkje minst på grunn av økonomien i eit slikt vedtak. Me må også hugse på at prosjektet er interkommunalt, og me må tenkje på kva konsekvensar ei ny utgreiing eventuelt kan føre til. Eg har ikkje oppmoda til boikott av vedtaket, men snarare fortgang i prosessen, parerte Skårdal.
Dyrt framlegg frå PMU
Ordførar Arne Vinje (SV) refererte til svaret frå Vegvesenet, som også retta kritikk til PMU.
– Vegvesenet seier i svaret sitt at det vil bli monaleg dyrare om ein skal gå for alternativet PMU ynskjer. Planen som Vegvesenet går for er kostnadsrekna til 68 millionar kroner. Me snakkar nok om ytterlegare 10–15 millionar om ein skal gå for PMU sitt alternativ, sa Vinje.
– No må me for all del vere på banen så me ikkje kjem i bakleksa. Eg er uviss på om det er Børge eller PMU som har skote seg i foten. Etter mitt syn burde PMU vore på banen tidlegare for eventuelt å leggje press på Vegvesenet. Slik stoda er i dag har eg stor forståing for Vegvesenet sine argument. Og eg må seie at å lage så mykje krull for skarve 250 kvadratmeter jordbruk er tull, slo Bjørn Arne Lindskog (H) fast.
– Poenget mitt er at me ikkje må ignorere politiske vedtak, kommenterte Kleven.
– Stå samla
Arbeidarpartipolitikar Børre Rønningen rosa Skårdal for innsatsen, og meinte han har gjort eit godt stykke arbeid med Åmot aust-prosjektet, og andre vegprosjekt i regionen.
– Det heiter at det ikkje er skam å snu, det må gjelde politikarar også. Eg delar ikkje kritikken av Børge, tvert om. Han skal trass alt også forsvare dei forskjellige prosjekta, og snakkar me i dette prosjektet om ein kostnadsauke på 10–15 millionar kroner, er det viktige moment som spelar inn. PMU visste kva konsekvensar framlegget deira ville få, sidan Vegvesenet var med på møtet. Planen frå Vegvesenet er grundig, og eg er i grunn glad for svaret deira. No må me stå saman om me skal kome nokon veg, sa Rønningen.
– No reknar eg med at saka kjem opp i kommunestyret 10. mai, og eg trur på ei avklaring då, sa Vinje.
Artikkelen er publisert 28/04-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|