|
Onsdag 19/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Eit vanskeleg val
 Den nye Vesaas-bonden: Åsne Vesaas overtok heimgarden i mars, saman med sambuar Rune Bergstøl. Familien på tri blir snart fire, og Åsne er glad for valet om å slå seg ned i Bøgrend. Bildet er teke på Mjonøy under seminaret Liv og bulyst, der hovudtemaa var dei formelle sidene i samband med generasjonsskifte på gardsbruk, og dei menneskelege utfordringane og den «vanskelege samtala».
|
Valet om å overta familiegarden eller ikkje, er eit vanskeleg val for mange. Sterke kjensler er knytt til staden, og forventningspresset sit ofte i fjøsveggane. Skal? Skal ikkje?
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
For Åsne Vesaas frå Bøgrend var det også eit vanskeleg val. Som nest eldste dotter er 32-åringen nummer to i arverekkja til garden Vesaas, og ho har jamt vore klar over at ho kan bli spurt om å overta dersom storesyster Sigrid ikkje vil.
– Ei påske eller jol då alle var samla, uttrykte far at no er det på tide at me finn ut av dette. På ein måte sa han det klart, og på ein annan måte berre låg det der, seier Åsne.
– Det er ikkje slik at me er nokon snakkesalig familie som rør om alt med kvarandre, men det har likevel gått greitt å ta desse samtalene, smiler Åsne.
Storesystera starta å gruble for eit par år sidan. Åsne starta grublinga samtidig. Kva ynskte ho og sambuaren Rune å gjera, dersom tilbodet om å overta garden gjekk vidare til dei?
– Det er ikkje slik at eg alltid har visst at eg vil bli bonde. Eg har lura mykje på om eg har lyst til å bu i byen eller på bygda. Og tidlegare var eg litt skremt av tanken på å bli bufast, seier Åsne.
Kjenner seg ikkje låst
«Du skal vera på Bufast all din dag», seier faren til Per Bufast i «Det store spelet» av Tarjei Vesaas, som også er oppvaksen på Vesaas – akkurat som Åsne. Men Åsne kjenner seg ikkje låst, sjølv om ho formelt overtok garden 1. mars i år.
– Det er ikkje så skremmande no, og ein sit aldri fast nokon stad. Her om dagen las eg om at ein familie i Ordal skulle byte hus med ein familie i København eitt år. Så ein har alltids moglegheiter, dersom ein ynskjer noko anna, slår Åsne fast.
No er ho glad for valet om å kjøpe barndomsheimen. Rune og ho visste godt kva dei gjekk til, sidan dei har budd i kårstova på Vesaas i tri år. Der bur dei framleis, og mor og far Vesaas bur i våningshuset. Åsne tenkjer ikkje å byte med dei med det fyrste. Med vesle Olav og snart ein liten til i hus, blir det fort upraktisk med vaskerom i fjøset.
– Då måtte eg hatt barnevakt for å vaske klede, smiler Åsne.
Ynskjer drift att
For nokon kan overtakinga vera vanskeleg. Kven skal no ha ansvar for kva? Det kan nok vera vanskeleg å gje slepp, og akseptere at den overtakande generasjonen har andre måtar å gjera ting på enn den førre. Og kanskje forventar dei yngre at foreldra skal ta i meir enn dei hadde tenkt sjølve.
For Åsne og familien har det gått fint. Det har ikkje vore drift på nokre år, så foreldra «puslar på med sitt», som Åsne seier. Rune, som har sitt daglege virke i oljebransjen og pendlar til Angola (!), er ivrig på å starte opp att med sauedrift.
– Det er eg òg, men me er litt usamde om kor mange me skal ha. Me ynskjer i tilfelle å byggje nytt fjøs, men eg vil gjerne ha huset på plass fyrst. Hus framfor fjøs, seier Åsne og ler.
Og det er nok ho som får siste ordet. For som Rune seier: «Du er bonden, eg er berre gardsguten.»
Me tenkjer ulikt
Kvifor blir det så vanskeleg å snakke saman? Å forstå kvarandre? Kvifor oppfører far seg slik? Korleis kan dotter mi la den låveglugga henge slik på halv tolv?
For at ein skal kunne fungere saman i ein familie og på tvers av generasjonar, er det viktig å vera klar over at me tenkjer ulikt. Under Liv og bulyst-seminaret Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) arrangerte sist helg, var Erik Hørluck Berg frå Norsk landbruksrådgjeving Østafjells til stades for å snakke om dei menneskelege utfordringane i samband med generasjonsskifte på gardsbruk. Som bakgrunn for føredraget brukte han Jungs typeindeks, som er eit verktøy for å kartlegge personlege preferansar, og dermed også ulikskapar mellom menneske.
– Nokon av oss er introverte, andre ekstroverte. Dei introverte får energi av å vera åleine og samle tankane, medan me som er ekstroverte får energi i møte med menneske, forklarte Berg.
Testen skil også mellom dei som er mest intuitive, og dei som er mest sansande.
– Dei intuitive likar nye moglegheiter, å finne på nye ting. Variasjon er viktig Om ei låveglugge heng på halv tolv, er ikkje det så nøye, så lenge låven er raud og fin. Medan ein som sansar likar å skape rutinar og ha ting på stell her og nå, og kan synest den låveglugga er heilt frykteleg å sjå på, forklara Berg, og spurde om det var nokon som kjende att dei ulike personlegdomstrekka i familien.
Fleire nikk og forsiktige ja kom frå salen. Ein deltakar som hadde tatt testen tidlegare, meinte det var nyttig kunnskap å ha med seg i kvardagen.
– Det handlar ikkje så mykje om å forstå kva mannen min meiner og kvifor han handlar som han gjer, men om å akseptere det. Det er lettare å akseptere ulikskapar når ein har tatt ein slik test, sa ho.
– Gjer det du har lyst til
Berg understreka at det er viktig å skjøne at me er forskjellige i ein familie, og at me utfyller kvarandre.
– Dessutan er det viktig å ta omsyn til sine eigne preferansar når ein bestemmer seg for korleis ein vil drive garden. Det er ikkje sikkert at det er rett for den overtakande generasjonen å drive slik foreldra har gjort. Ikkje bli turistvert og driv med hytteutleige dersom du er introvert – då vil du ikkje få det så greitt, meinte Berg.
– Det er også viktig at foreldregenerasjonen gjev den overtakande generasjonen fridom til å drive slik dei vil. Det er ufornuftig å gjera store investeringar på garden utan å diskutere det med den overtakande generasjonen fyrst, understreka den erfarne landbruksrådgjevaren.
Jungiansk typeindeks (JTI)
– Er ein personlegdomstest laga for å hjelpe ein person med å identifisere sine personlege preferansar.
– Testen byggjer på psykiateren Carl Jungs typeteori, og måler personlege preferansar innan fire kategoriar.
– JTI er ein norsk modell utarbeidd av Hallvard E. Ringstad og Thor Ødegård.
Kjelde: Wikipedia
Artikkelen er publisert 28/04-2012
|
Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga

|